Til veka reiser Ellen Sejersted Bødtker til Russland for å urframføra norske og danske verk for harpe.

Ellen Sejersted Bødtker_bak (Foto: Lena Gill)

Av Ida Habbestad

Under ein konsert i St. Petersburg 29. oktober vert det sett fokus på komposisjonar frå Skandinavia.

I all hovudsak står dansk musikk på programmet, representert gjennom fire generasjonar av komponistar frå det 20. og 21. århundret. Men òg eit norsk verk er presentert – og ikkje minst ein norsk utøvar; harpisten Ellen Sejersted Bødtker. Ho urframfører verk av Karsten Fundal og Maja Solveig Kjelstrup Ratkje saman med St. Petersburg Chamber Philharmonic Orchestra.

Bødtker har ved fleire høve stått bak framføringa av nyare nordiske verk (les tidlegare intervju med harpisten her).

Ved dette høvet er det imidlertid ein annan forkjempar for ny musikk som har trekt i trådane, den danske dirigenten Anne Marie Grenau. Ho kontakta Bødtker for eit samarbeid etter å ha høyrt tale om den nye konserten til Fundal.

— Ideen til det nye verket oppsto i Berlin for snart fem år siden. Jeg snakket med Fundal om å få laget et verk som kombinerte bruken av akustisk og elektrisk harpe. Vi snakket om å få utnyttet forskjellene mellom instrumentene – og når verket etter disse årene er ferdig, er det morsomt at det blir plukket opp. Det er alltid spennende å presentere et verk for publikum for første gang, og kanskje ekstra spennende å gjøre denne musikken i utlandet. Det finnes et stort publikum for ny musikk i St. Petersburg, seier Bødtker om prosjektet.

Nordiske strender
Konserten er del av ”Nordic Music” i St Petersburg, som i perioden 2004-2007 vart arrangert årleg gjennom to veker i mai. I 2005 var det særleg mange norske utøvarar og komponistar som gjesta festivalen (omtale frå festivalen i 2005 her).

Frå og med 2008 har ein satsa på jamnlege konsertar gjennom året, ifølgje NGO – ein organisasjon for nordisk samarbeid – er det i snitt ein nordisk-fokusert konsert i månaden.

Denne konserten kan altså reknast som oktober-evenementet, og tittelen på konserten ”Nordic Shores”, har henblikk til Fundal sitt verk, ”The Shore”.

— Tittelen spiller på stranden som er konstant, og havet som er flytende – med tidevannet som kommer og går. I spennet mellom disse, har du essensen i musikken, seier Bødtker.

Ho speler altså både akustisk og elektrisk harpe i verket, og instrumenta er stemt ulikt.

— Ideen er at den tonale skalaen får en ”utfordrer” gjennom den andre skalaen jeg bruker i elharpa; de to blir parallelt flettet inn i hverandre. På elharpen kan klangene dessuten ligge mye lenger enn på den akustiske, noe som også medvirker til spennet mellom det konstante og det flyktige.

Medan det første verket er for harpe og orkester, er Maja Ratkje sitt verk, ”Moods IV”, for harpe solo.

— Verket er en viderebygging av “Concerto for Voice” (Moods IIIb, red. anm) som Oslo Sinfonietta har gjort på flere konserter. Det var slik samarbeid med Ratkje kom i gang, og dette stykket har med altså med seg klanglige aspekter fra konserten, bare at de nå uttrykkes gjennom harpen. Akkurat som Fundal sitt stykke, bryter det med det tradisjonelle diatoniske klangbiletet, det forsøker å skape noe helt annet. Men der Fundal gjør det gjennom bruken av to ulike instrumenter som er stemt ulikt, skjer bruddet med det tonale her gjennom bruken av mikrointervaller, forklarer Bødtker.

Forutan dei to nemnde verka vert det framført komposisjonar av dei danske komponistane Vagn Holmboe, Poul Ruders og Nicklas Schmidt ved konserten. Konserten som mellom anna er støtta av Norsk kulturråd, UD, Fond for utøvende kunstnere og Fond for lyd og bilde finn stad i Glinka Hall 29. oktober.

Meir om utøvarane, konserten og orkestret finn du her. Ellen Sejersted Bødtker har denne heimesida.

Publisert:

Del: