I den fasen konserthussaka i Stavanger er inne i, synes det umuleg å skilja to debattar. Den eine tar i bruk det ein kan kalla postmoderne omgrep, om urbanisering, regionalisering og nivellering, medan den andre synes å halda seg til meir modernistiske omgrep som elitekultur, snobbisme og stormannsgalskap. I dag ser vi nærare på nokre av innvendingane, som i stor grad held seg til sistnemnde termar.

Frode Gjerstad

“Vi trenger selvsagt ikke er nytt konserthus. Vi trenger å utvikle det vi har. Milliardidéen om et “nasjonalt kraftsenter” i Bjergsted er et skapt behov, en dyr speedbåt i det lokale pengekappløpet fram mot Kulturby 2008. Der er en form for hi-fi-snobberi verken en kommunal eller nasjonal økonomi har råd til. Konserthuset er ikke mislykket. Det er bare dårlig brukt.”

Det er forfattaren Tore Renberg sine ord. Han er ein av dei kulturarbeidarane ordføraren siktar til. I fleire kronikkar i Stavanger Aftenblad har han uttrykt skepsis til Stavangers storsatsing på konserthus så vel som kulturbystatus, han fryktar at det vil gå utover marginale og ulønsame kunstuttrykk. Og føra til overdriven sjølvkjensle á lá Lillehammer: “Jeg er glad i Stavanger, men det er ikke pent å se på folk som feirer seg selv med for stort overlegg.”

Frijazzmusikaren Frode Gjerstad utrykkjer liknande tankar i same avis. Han ser det nye konserthuset utelukkande som ein ressurs til symfoniorkesteret, og spør kvifor ein ikkje heller kan bruka pengar på levande kultur som ikkje er knytta til institusjonar, slik som film, musikk, dans og teater. Han føreslår å bruka rundt 18 millionar kroner til å rusta opp Tou scene, for å gi frie kunstnarar rom til å skapa sine eigne arbeidsplassar. Opera i Oslo er greitt, men å satsa på slike monumentale betongbygg i regionane, er stormannsgalskap.

Gjerstad etterlyser også bymusikarstillingar i jazz, folkemusikk og rock, noko han meiner ville vera meir progressivt enn bare å lønna musikarar i eit Symfoniorkester. At det ikkje er slik, skuldast ifølgje Gjerstad at slike musikkformer ikkje er aksepterte som stovereine. Kva Gjerstad meiner om at ein av salane i huset er tiltenkt nettopp slike musikkformer, får vi ikkje vita, sidan denne i utgangspunktet har falt utanfor det han kommenterer. Samtidig tyder det også på at ingen har spurt han og kollegane hans om dei treng ein slik sal.

Aftenbladets journalist Ludvig Lorentzen hevdar i ein kommentar at når du seier kultur til politikarar og byråkratar, så tenkjer dei betong. Og åtvarar mot å reisa minnesmerke over seg sjølv, kulturbygg med driftsutgifter så store at der ikkje er noko igjen til innhaldet. Blir milliardhuset i Bjergsted reist, får vi nok råd til å hyra inn Vidar Lønn-Arnesen, men neppe Barbara Hendricks. Lorentzen vil heller bruka 100 millionar på å kjøpa god akustikk til det eksisterande konserthuset, byggja om litt, for så å handla kultur frå øverste hylle for resten av pengane, Berliner-filharmonikarane, nemnde Hendricks, tre-fire musikalar frå London, Eric Clapton etc.

Det eksisterande konserthuset blir på folkemunne kjærleg kalla Kuppelhallen, det er rett og slett rundt som ein kuppel, og eigentleg bygd som utstillingshall. Den har verken orkestergrav eller scenetårn,justeringar og ombyggingar er fleire gonger gjort for å prøva å forbetra akustikken for den symfoniske musikken. Konserthusdirektør Anna Marie Antonius fortel at ein seinast i haust undersøkte om ei ombygging vil kunna betra forhalda for denne musikken, konklusjonen er at det ikkje lar seg gjera, det er fullstendig urealistisk:

— Lorentzens ønskje er ein draum, seier ho, ein draum som ikkje har noko med faktiske forhald å gjera. Vi prøver heile tida å få det beste ut av huset vårt, og det er bra på mange måtar, vi har hatt og skal ha mange flotte produksjonar. Men å ta inn dei største produksjonane, som Londonmusikaler eller Berlinerfilharmonikarane, det har vi ikkje plass til. Ingen hus i regionen har plass til det. Det er viktig at det kjem mange innspel rundt konserthusprosjektet, det er også fullt forståeleg at det finst mange meiningar om det. Men å harselera slik Lorentzen her gjer, tener ingen.

Debattinnspela synes å forhalda seg først og fremst til tidlegare erfaringar og gamle skiljelinjer, mens dei bare i lita grad tar med at her også finst nye visjonar, ein annan måte å satsa på kultur på. Der politikarane og orkesteret tenkjer Stavanger som region i Europa, tenkjer Frode Gjerstad Stavanger som by i Norge. Den førstnemnde haldninga krev som ein konsekvens monumentale bygg også utanfor hovudstaden, den andre plasserer dei utelukkande i hovudstaden.

Viljen til å tru på politikaranes ord om å sikra ei breid satsing over heile kulturfeltet, er ikkje akkurat slåande, heller ikkje trua på at regionen faktisk har råd til dette. Eller treng det. Der politikarane presiserer at det ikkje er tale om anten bygg eller innhald, anten prioritering av elitekultur eller meir til frie grupper, men at det er samspelet mellom desse som er heile poenget, sørgjer deler av kulturlivet sjølv for ei slik polarisering. Ei slags føre-var-haldning det ikkje er vanskeleg å forstå grunnane til, men som også er med på å sementera tradisjonelle haldningar til kultur og kulturpolitikk.

På det stadiet konserthusprosjektet er i no, synes det ikkje muleg å skilja to debattar. Den eine er den gamle, kjente, der politikarar byggjer altfor løfterike luftslott, og vakne kritiske røyster stikk hol på dei, den andre er ein ny variant, der politikarane opererer med eit frå den kanten nytt kulturomgrep, prega av postmoderne nivellering og europeisk urbanisering, mens dei kritiske røystene enno opererer med det gamle, hierarkiske, der slike bygg høyrer sentrum til. Ingen av innvendingane som har kome fram hittil, synes å ha tatt høgde for at det kanskje er eit paradigmeskifte i emning, eit skifte som kan innebera at kulturpolitikken får innhald.

Det vitnar ikkje nødvendigvis bare om ein konservativ opinion, men like mye om ei sterk mistru til politikarar og byråkratar. Ei tidlegare storsatsing i Stavanger, kulturhuset på Sølvberget, enda opp som bibliotek, kino og kiosk. Utan konsertsal og skikkeleg scene. Skepsisen er forankra i erfaring.

Uansett kva for ein av debattane som blir ståande igjen til slutt, vil rådmannen få rett i ein ting: Framtida vil visa.

Publisert:

Del: