Borealis-festivalen er i full gang, og Ballade presenterer her eit samandrag av hendingane så langt. Til tross for at festivalen i desember fekk kutta meir enn halvparten av løyvinga frå kulturrådet, har Borealis laga eit tett program som ikkje vitnar om resignasjon og nedskjerte kår. Gjennom ei rekkje konsertar vert alt frå tradisjonell samtidsmusikk til langt meir eksperimentelle uttrykk presentert, og mellom årets høgdepunkt er Hansakvartetten, Klangforum Wien-fiolinisten Ivana Pristastova, Fritz Ostermayers synth-schlägers, og BIT20s tolkingar av festivalkomponist Georg Friedrich Haas.

Schwestern Brüll (Foto: www.borealisfestival.no)

Av Ida Habbestad

Med ei halvert løyving frå kulturrådet, er det nærliggjande å tru at ein kjem til ein særs amputert Borealis-festival. Det syner seg snart å ikkje vera tilfellet. Om ein har måtta kutta ein del utøvarar og større prosjekt i høve til opphavleg plan, er det likevel gjort grep slik at ein gjennom festivalen kan presentera eit stort antal program. Det står det respekt av.

Borealis presenterer program innanfor ein jungel av sjangrar og uttrykk – og etter å ha vore tilstade under tre av festivalens så langt fire dagar, sit ein att med ei overveldande mengd inntrykk.

Variert program
Ein konsertdag under Borealis kan til dømes innehalda fylgjande:

— BIT20 Jug Band med Jug Band/blues-inspirert Knut Vaage
— CD-lansering, ”Nokon kjem til å kome” (opera av Knut Vaage og Jon Fosse)
— samtale med argentiske Roberto Conlazo og Anla Courtis som er her for å improvisera i lag med psykisk utviklingshemma
— solokonsert med Sally Guenther, med argentinske, norske, mexikanske og amerikanske verk
— Hansakvartetten med verk av Harald Sæverud og Anton Webern
— Norsk akkordeonsymposium sin avslutningskonsert (her med cellist Martti Rousi og akkordeonist Matti Rantanen), med eit i hovudsak finsk program (finske folketonar)
— Philip Jeck, kjent som ein av dei store meistrar innanfor turntablismen, med video, og, eit stykke ut i natta – Foredrag/lysbildevisning/austerrikske schlägerar under tittelen ”Dying while masturbating”, ved Fritz Ostermayer.

Denne breidda/mangelen på profil har sikkert sine ulemper (særleg dersom ein skal freista gjera eit utval til melding), men i skrivande stund har eg valt å sjå fordelene ved dette. Ein vert overrifla av eit så allsidig frå-det-eine-til-det-andre- program at ein held interessa gjennom mange timar i strekk. Dertil er det eit ganske unikt høve til å få med seg ei oversikt over kva som pågår innan mange ulike sjangrar presenterte på ein og same stad.

Dei vitjande utøvararar eg har vore i kontakt med uttrykjer òg stor begeistring for denne breidda – samt for festivaldirektør Nicholas Møllerhaug:

— Det burde vore ein Nicholas i kvar by, seier festivalmusikar Roberto aka Moncho frå Argentina, som har stor respekt for måten Møllerhaug er opensinna på og at han tør stilla saman såvidt ulike uttrykk.

Det underlege er at det gjennom heile mangfaldet går ein raud tråd – der den austerrikske og den argentinske musikken er i fokus. Stadig dukkar opp element frå desse områda opp, i form av programinnslag eller i opptrednar. Gudrun, den eldste av Brølesøstrene, seier dette om utvalet av austerrikske musikarar:

— Det som vert presentert her, det utsnittet som er gjort, gjev eitt mogleg bilete av det som skjer i Austerrike no. Eg tykkjer det er interessant, særleg av di eg kjem hit og oppdagar austerrikske musikarar som eg ikkje kjende frå før. Og så fascinerar det meg kor mykje punk det eigentleg er i uttrykket til Ivana Pristova.

Slik sett fyller festivalen det målet den har sett for seg sjølv: å teikna kart over hittil ukjende landskap, samstundes som det er med sjølvinnsikt og god sans for humor, at draftet (sjøkartet) festivalen har laga som emblem er aldeles feil – og ville vore umogleg å orientera seg etter.

Av høgdepunkt så langt kan nemnast:

— Fiolinist Ivana Pristastova frå Klangforum Wien si framføring av Toro-Perez, Shi, Cage og Haas – der særleg første og sistnemnde verk sit att som sterke opplevingar. Pristastova er kjend som Haas-tolkar, og ho gjev ikkje berre ein solid presentasjon av verket hans, men skapar nye uttrykk gjennom fiolinen, både i volum, klang og med si tolking av Haas’ mikrotonalitet.

— Martin Arnolds formfullendte filmar – som på si vis er fulle av musikk – i ei rykkete, repeterande, langsomt framåtgåande rørsle. Dei går utruleg godt i lag, både for seg sjølv og med mykje av det som for øvrig vert presentert i programmet.

— Hansakvartettens program der eldre komponistar er representerte. Særleg framstår Sæverud i eit nytt lys for meg, gjennom sin ”Strykekvartett No. 1”. Samanstillinga med ”Fire norske tonar” av Åm, samt verk av Ponte, Stalheim og Webern er smakfull, og programmet fungerer særs bra.

— BIT 20 sine framføringar av Haas, verk som i fylgje komponisten er mikrotonale, men ikkje i tradisjonell forstand — der motivasjonen er at det ikkje skal høyrast ut som mikrotonalitet, berre som ei ”aning av noko ureint”. Dette er eit verkemiddel som gjer at ein sit ute på stolkanten, teken av uttrykket som vert skapt – og i total spenningsoppløysing ein to-tre gonger der harmonisk fulltonande akkordar får klingja.

— Fritz Ostermayer (ilag med Brølesøstrene) sine presentasjonar av gamle austerrikske synth-schlägerar. Truleg eit elsk-hat-innslag, der ein enten vert sjarmert, eller ikkje taklar sjangeren i det heile. Eg må ærleg innrømma at eg let meg sjarmera, kanskje vel så mykje av konteksten, som sikkert må opplevast like absurd for utøvarane som for publikum, meddi framføringa, som elles kanskje ville funne stad i ei eller anna austerriksk bule, no skjer i eit opplyst, røykfritt lokale, framom ein høvevis edru forsamling. Dette skapar ei salig røre av morbiditet, galskap, gamaltysk-pop og seriøsitet.

Små format
Eit sakn desse dagane har elles vore eit større format. Om den økonomiske situasjonen ikkje har gjort dramatiske inngrep på antalet presenterte verk, vert det vél mange små innslag. Etter lang tid med maksimalt fire (men i snitt ein-to) utøvarar i aktivitet, saknar ein kanskje dei større utladningane, og ser fram til festivalens siste to dagar: Forsvarets Divisjonsmusikk Vestlandet på onsdag, og Bergen Filharmoniske Orkester, samt Bergen Superorkester på torsdag.

Eit anna sakn er dessutan ei større breidde (faktisk!) av det som vert presentert frå norske musikklivet. Dette skuldast truleg atter den økonomiske situasjonen. Ein vert altså ståande att med gode kartteikningar over Austerrike og Argentina, og elles eit Vestlands-kart — både når det gjeld komponistar og utøvarar. I seg sjølv ikkje noko å seia på – men i ein så breidt teikna festival som denne, burde biletet kanskje her vore supplert ytterlegare.

Det vidare programmet finn du på Borealis heimesider. Her kan ein og høyra utdrag av festivalmusikarane.

Publisert:

Del: