Kvedaren Ingvill Marit Buen Garnås skriv i dette innlegget at årets domarar i NM i folkemusikk ikkje makta å skilja mellom moderne og tradisjonelle song-ideal. Innlegget står på trykk i Spelemannsbladet.

Ingvill Marit Buen Garnås (Foto: Kari Løvaas)

Etter årets NM i folkemusikk gjorde eg meg opp nokre tankar om utviklinga innanfor døming av ”vokal folkemusikk”. Eg står midt oppe i det, og har sikkert mykje både å tape og vinne på å tenkje desse tankane høgt. Men når nokon er komen dit at han/ho sterkt vurderer å ikkje stille opp meir, det vera seg landskappleik eller NM, vil eg tru det er av interesse å høyre kvifor. Fleire har slutta før meg, kan hende av same grunn.

Eg har vore ein trufast deltakar i A-klassa for ”vokal folkemusikk” på Landskappleiken i 10 år på rad. Årets prøve-NM var mitt 11. år som A-klassing. Eg veit at ein del opp gjennom åra har klaga seg til domarkollegiet etter å ha kjend seg urettvist handsama og neddømt. Det har ikkje vore mi greie. Er ein med på leiken, får ein tole steiken. Eg har vore både på topp og i tet og lenger nede på lista. Som regel har eg sett ein samanheng mellom resultat, dagsform og domarane sin bakgrunn og subjektive smak. Nokon gonger har eg vel tenkt at resultatlista har avspegla ein viss mangel på forståing for gamal songstil kontra klassiske og moderne songideal. Men aldri så klårt som i år. Etter årets døming, ser eg meg berre nøydd til å seia i frå kva eg synest om kva som blir vektlagt og ikkje. For eg veit rett og slett ikkje lenger kva det er eg konkurrerer i.

Kvalitetar av ulike merke
Landslaget for Spelemenn (LfS) LINK har etter mitt utspel i Telen 30.06.09 og innlegg på folkemusikk.no same dag, uttalt at ein bør debattere dette på eit generelt grunnlag og ikkje trekke inn einskilde utøvarar eller domarar for den del. Eg kan ikkje sjå at det ville vera mogleg å diskutere årets døming utan at det indirekte også ville bli oppfatta som ein kritikk av både topplasseringar og domarar. Da synest eg like godt at eg kan vera open og ærleg og grunngjeva synspunkta mine. Mange bytast i dag om å stå på scena, sitja bak domarbordet og skrive meldingar. Mine meiningsytringar kan såleis ikkje vera så mykje meir alvorlege enn kva for helst andre meldingar mellom likemenn!

Mange unge folkesongarar i dag, både blant deltakarane i NM og elles, har ein tendens til å trekke med seg element frå andre stilartar inn i dei tradisjonelle soloframføringane sine. Dette er noko ”folk flest” anten ikkje legg merke til, eller også føretrekkjer framfor meir reindyrka genuine songstilar. Eg meiner at mange i toppen av lista i år er døme på dette. Difor synest eg heller ikkje at dei historisk høge poengsummane og spranga nedover lista kan forsvarast. Eg er ein stor tilhengar av både Ingebjørg Harman Bratland som vann, Kim Andre Rysstad som blei ein god nummer to og fleire ”kollegaer” som deltek. Mange kan nå langt/har allereie nådd langt både som kvedarar og allsidige musikarar. Men om me skal diskutere folkesong som ”handtverk”, meiner eg ganske mange enno har mykje å hente både på grunnform og detaljar.

Smak og behag, rett og gale
For meg er det etter kvart opplagt at mange (ikkje alle) med eit moderne musikkøyre og/eller med klassisk bakgrunn, korkje retteleg forstår eller respekterer dei ideala som eg og mine ”likesinna” forheld oss til. Me syng altså i naturtoneskala, talenært, rett på konsonantane, flyt oppå takten, krullar inni og ikkje utanpå linene, dreg saman og pausar der det passar oss. Ikkje fordi det er så viktig å ha ”den gamle slengen”, men fordi det er dette som er sjølve stilarten og det som tiltalar oss. Mange av dei tekniske vala me gjer er ofte stikk motsette av det som er ideala innan klassisk og moderne song. Dette gjeld alt frå tonehøgder og klangbilete til linjeføring og rytme.

Fleire folketonesamlarar og musikkvitarar har frå 150 år attende og fram til vår tid også ytra seg på måtar som tyder på at dei ikkje har hatt fullt skjøn eller aksept for dei genuine og uskulerte songstilane. Eg har i meldingar av både eigne og andre sine plater lese noko av den same ”ovanfrå og ned”- haldninga til stilartar som etter kvart ganske få av oss beherskar i ”rein form”. Det verste er at det er i folkemusikken sine eigne tidsskrift ein gjerne møter minst forståing. At ”folk flest” og ein og annan folkemusikkmeldar ikkje famnar dette får så vera, men på landskappleiken eller NM i folkemusikk ventar ein seg ei noko djupare forståing.

Konkurranse i kva?
Da resultata var klare, fekk eg høyre at domarane i år hadde vore så einige, så einige. På direkte spørsmål fekk eg i staden høyre at dei hadde hatt inngåande diskusjonar om kva som ligg i omgrepet ”Vokal folkemusikk” og i kor stor grad ein skal vektleggje gamle songideal. Ein fall ned på at dette ikkje lenger kunne vera avgjerande. Ein av domarane stadfesta i og for seg dette synet gjennom sine utsegn til Telen 30.06.09; ”Årsaken til at annen sang gjør seg gjeldende i vokalklassen er at det heter vokal, og ikke kveding lengre. –Kanskje kveding bør bli en egen klasse, men sånn som det er nå kan folk synge hva de vil, og da bli bedømt etter det.”

Eg forstår ikkje at denne diskusjonen ein gong kunne koma opp. ”Vokal folkemusikk” er eit omgrep som skal femne musikalske dialektar innanfor folkesong frå heile landet. I Telemark og mange andre austlandsdalføre kallar me det ”kveding”, medan t.d. gudbrandsdølane kallar det ”å syngje gåmålt”. Mange stader har ein ikkje noko omgrep som skil ”den gamle songen” frå vanleg moderne song. Det er ikkje det same som at det ikkje eksisterer eller ein gong har eksistert ein skilnad på gamal og nyare song også i desse distrikta. Det som er gjennomgåande er at den gamle songstilen er meir talenær. I tillegg har ein mange stader att ein gamlare og reinare tonalitet enn den meir begrensa pianoskalaen.

Domarskjemaet og retningslinene som fylgjer dette er klare på at det er tradisjonell songstil som skal vera rettesnora. Dette har LfS også presisert i svar til meg på folkemusikk.no 03.07.09. Når LfS i det same svaret likevel får seg til å uttale at ein ”har stor tillit til at årets domarar gjennomførte oppgåva si på ein framifrå måte”, og enda til indirekte seier at dei burde ha halde tett om eventuelle interne diskusjonar på dette temaet, synest eg ein etter kvart er ute på tunn is.

Konsekvensar av tolking
Domarskjemaet har rubrikkar for 1) teknisk dugleik, 2) stilkjensle, 3) musikalsk tolking og 4) formidling. Eg vil påstå at mange utøvarar i dag får alt for høg utteljing både for teknisk dugleik og musikalsk tolking i tråd med andre sjangrar enn den me eigentleg skal konkurrere i, altså vokal folkemusikk. I tillegg ser det heller ikkje ut til at dei får trekk korkje for mangel på stilkjensle eller teknisk dugleik innanfor sjangeren, t.d. når dei blandar inn element frå klassisk song, visesong, pop, soul eller jazz.

For oss som har dei gamle songideala integrert i beinmargen er det heilt utruleg at det ikkje blir trekt kraftig for opplagt ”knoting” i sjangeren. Solide tradisjonsberarar ser på si side ut til å få trekk på teknisk dugleik fordi dei ikkje syng ”fint” etter klassiske/moderne ideal og/eller på grunn av nokre små nervøse glippar.

Eg meiner ikkje at det skal vera slik at ein er sjanselaus med mindre ein har ”fått dette inn med morsmjølka” og såleis har ein gamal songstil i rein tapping. Men det går fint an å skilje dei som har dei gamle songideala frå sine distrikt i sikte, frå dei som anten ikkje er særleg medvetne om dette eller som har valt det bort.

Stille protest?
Eg stiller eit stort spørsmålsteikn ved om ein eigentleg er påpasseleg nok med at dei gjeldande retningslinene for døming blir fylgde frå år til år. Eg meiner årets domarar fall ned på feil side av diskusjonen kring pluss og minus for klassiske og moderne ideal kontra eldre ideal. LfS har retta opp feilen ”på eit generelt grunnlag” ved å stadfeste at det er tradisjonell song som skal vera malen, men ein innrømmer likevel ikkje at nokon har gjort noko feil. Dette er det rett og slett ingen logikk i.

Det kostar pengar og krefter å stille opp år etter år, men publikum og inspirasjon frå dei og andre utøvarar gjer at ein hoppar i det trass alt. No er eg likevel kome til det punktet at eg er usikker på om dette er ein arena der eg i det heile kjenner meg heime lenger. Eg veit somme har vore der før meg, og ikkje kome attende.

Ingvill Marit Buen Garnås er kvedar
Spelemannsbladet finn du her.

Publisert:

Del: