Oslo Konserthus slår på stortromma og innbyr til eit nytt årleg musikkstipend på 150 000 kroner. Stipendet skal alternere mellom sjangrane pop/rock, klassisk og jazz – men ikkje folkemusikk. – Uomtenksamt, innrømmer konserthus-direktør Knut Vigar Hansen til folkemusikkbladet Kvinten.

Oslo Konserthus (tegning)

– No er eg heilt ærleg; vi burde tenkt lenger, dette er uomtenksamt, innrømmer administrerande direktør Knut Vigar Hansen umiddelbart då Kvinten ringer for å høyre kvifor folkemusikk er utelatt frå den store nye musikkprisen.

«Prisen skal tildeles unge, norske, lovende utøvende/skapende artister, enkeltpersoner eller grupper, som spesielt har utmerket seg», står det på nettsidene til Oslo Konserthus.

Samtidsmusikk-miljøet reagerte

Styret har i ettertid sett at dette var gale, og Hansen seier at dei kjem til å sjå på kategoriinndelinga etterkvart.
– Det er absolutt mogleg at vi kjem til å ta folkemusikk-sjangeren inn i stipendet, seier Hansen, som påpeiker at han og fleire andre i styret i ettertid såg at dette var forhasta.
Dei har enno ikkje fått reaksjonar frå folkemusikk-miljøet, men samtidsmusikk-miljøet har reagert på kategori-inndelinga.
5. mai deler Kronprins Haakon ut det første Konserthus-stipendet som i år går til pop/rock til ein av dei nominerte – Ephemera, Ralph Myers & The Jack Herren Band eller John Doe.

– Ikkje overraskande

– Det er jo strålande at Oslo Konserthus vel å satse på ein stor musikkpris, men diverre er det ikkje overraskande at dei har oversett folkemusikk-kategorien – dette skjer i dei fleste samanhengar. Og det er kjempetrist, for sjangeren har så mykje å by på. Blant unge, norske, lovande artistar innan folkemusikk er det no verkeleg mange å ta av, og vi hjelper meir enn gjerne Oslo Konserthus med å finne eigna personar i ein folkemusikkjury, påpeiker dagleg leiar i Norsk Folkemusikk- og Danselag, Jan Lothe Eriksen.

Denne artikkelen er gjengitt med velvillig tillatelse fra Kvinten, bladet til Norsk Folkemusikk – og Danselag. Mer om ovenstående tema kan du lese i Kvinten nr.2, 2004.

Publisert:

Del: