Fredag 14. desember kl 20.00, på Pizzafjoset i Bø, slipper Per Anders Buen Garnås (21) sin første solo-CD “Åleine” (NYCD2) med hardingfeleslåtter fra Telemark. Det blir åpen konsert med artisten, og påfølgende dans. Arrangører er Spelemannslaget Bøheringen og Bø Dansarring.

Per Anders Buen Garnås

Per Anders byrja å spela hardingfele i 6-årsalderen, særleg inspirera av to onklar, Hauk og Knut Buen. Han vann C-klassa på Landskappleiken 1994, 95 og 96, fekk 1. premiar I B-klassa 98 og 99 og har sidan vore A-klassespelemann med sigrar på ymse stemne. Største bragda hans er som vinnar av “Årets Fanitull” heile tre gonger etter kvarandre; i 1999, 2000 og 2001.

I dag er Per Anders etablera spelemann med omflakkande verksemd som musikar. Han spelar solo og opptrer saman med gode kollegaer innom ulike musikksjangrar. Slik er han ein moderne folkemusikkutøvar, i takt med mange andre unge tradisjonsmusikarar av i dag. Men både som komponist, berar av gamal slåttearv og musikar i kollektive samanhengar er Per Anders personleg i uttrykket og har funne sin eigen veg å gå “Åleine “.

No kjem han med CD, der han spelar ”Åleine”. I utval av slåttar på CDen har han lagt vekt på mindre bruka slåttestoff i frå Telemark. Dette er ting han har lært direkte av meisterspelemenn i Telemark – m.a. av Olav K. Øyaland, Einar S. Løndal og Eivind Mo – men også materiale han har lært etter spelemenn han ikkje rokk å møte.

Det er nytta eit særdeles variera repertoar. Her er eldgamle springarar, gangarar, visetonar og lydarslåttar, samt nye slåttar fullt på høgde med dei gamle. Når ein ung spelemann spelar unge slåttar, er dette eir prov på at slåttemusikken er i stadig bløming, og ikkje berre høyrer fortida til.

Forutan om slåttar dikta av Johannes K. Dahle, Knut Buen, Kjetil Løndal, Eivind Mo og Olav Løndal, er det også med tre komposisjonar av Per Anders sjølv. For Per Anders har det også vore viktig å syne mangfaldet i slåttemusikken med denne produksjonen. Dette oppnår han ved å nytte slåttar med særs ulike uttrykk, variere med feler, spela i forskjellige stilar og på fleire felestille.

I det heile har Per Anders valt ut slåttar han har lagt sin elsk til – slåttar han gjerne tek til når han sjølv sit åleine og spelar. I tekstheftet som fylgjer med, får ein også innblikk i og god informasjon om slåttane og kjeldene. Opptaka er gjort av Lindberg Lyd AS i Ullensvang Kyrkje i Lofthus i Hardanger, ei kyrkje som er kjend for å ha ein eigen fin klang for hardingfele. Oslofirmaet Lindberg Lyd AS har også stått for resten av produksjonen. Og det er Knut Buen sitt nye forlag ”Nyrenning”, eit forlag som skal fokusere på nyskaping og unge utøvarar, som gjev ut denne CDen.

Per Anders Buen Garnås er forøvrig månadens artist i Norsk Folkemusikkatalog.

Publisert:

Del: