Jørn Hilme-stemnet på Fagernes, som vart arrangert frå 19. til 25. juli, opplevde i år ny publikumsrekord. Om lag 6400 vitja dei ulike arrangementa, mot 6200 i 2003, som og var eit rekordår. – Jørn Hilme-stemnet befestar med dette sin posisjon som Noregs største festival for norsk folkemusikk, seier Ola N. Døvre, leiar for Jørn Hilme-stemnet. Byrådleiar Erling Lae i Oslo var ein av dei månge begeistra publikumerane i år, og uttalde samstundes sin støtte til ei nasjonal scene for folkemusikk og folkedans i hovudstaden.

Synnøve S. Bjørset 2002

Jørn Hilme-stemnet er den største og eldste festivalen i Noreg for norsk folkemusikk. Stemnet gjev rom både for den tradisjonelle folkemusikken og dansen, og for dei som eksperimenterer med utgangspunkt i folkemusikk. Stemnet er ein viktig arena for møtet mellom folkemusikarar og publikum, og spesielt ein arena for det aktive publikummet, der alle kan delta på kurs og kappleik.

— Jørn Hilme-stemnet satsar på ein kombinasjon av både det tradisjonelle og nyskapande. Dette set publikum tydeleg pris på. Eg har ei kjensle av at det er ei veksande interesse for folkemusikk generelt og Jørn Hilme-stemnet spesielt. Eg har ei god kjensle etter årets festival, seier styreleiar Ola N. Døvre.

Jørn Hilme-stemnet er som nemd den største folkemusikkfestivalen for reint norsk folkemusikk, og festivalen vart avslutta sundag 25. etter ei veke med musikk, dans og spel. Stemnet er elles kjent for si intime stemning på Valdres Folkemuseum.

I år stod 20 konsertar, teater, dans og kurs på plakaten – alle med solid basis i folkemusikken. Populære konsertar i år var “Rispo” – ei multimediaframsyning der gamle arkivopptak fekk nytt og kreativt liv saman med kvedarane Marit Mattisgard og Jon Elling Buen Garnås og spelemannen Herbjørn Liahagen, og framsyninga “Bygdedyr og vestkantkrokodiller” – ein melankolsk konsert der Olav Aukrust og Tor Jonsson sine dikt danna lyrisk utgangspunkt.

Kappleiken er elles kjernen i stemna, og 117 startnummer stilte i år. Festivalen trakk som vanleg besøkande frå land som USA, Sverige og Frankrike, og baud på konsertar med mellom andre kvedargruppa Dvergmål, Jon Anders Halvorsen og Tore Bruvoll, Valdres folkemusikkgruppe, Leif Rygg, Trygve Bolstad, Arne M. Sølvberg, Synnøve S. Bjørset og Per Anders Buen Garnås.

Byrådleiar Erling Lae i Oslo var ein av dei månge begeistra publikumerane i år, og ga denne kommentaren til Aftenposten:

— Utrolig bra, det var en fantastisk oppslutning. Men kulturredaksjonene var helt fraværende, observerte Høgrepolitikaren, som elles ga sin støtte til ei nasjonal scene for folkemusikk og folkedans i hovudstaden.

— Oslo skal være en hovedstad for hele Norge, og bør også ha en scene for folkemusikk. Det er forunderlig at vi ikke har det, sa han.

Jan Lothe Eriksen i Norsk Folkemusikk- og Danselag, seier dette til Aftenposten:

— Det er forferdelig hyggelig med denne støtten fra Lae. Det gir oss en ekstra trøkk.

Meir informasjon om årets stemne kan du finne på www.hilme.com.

Publisert:

Del: