INNLEGG: Tirsdag var det debatt på Stortinget etter at Venstres Trine Skei Grande tok opp satsingen på ny opera. May-Helen Molvær Grimstad (KrF), leder i familie- og kulturkomiteen på Stortinget, bidro med dette innlegget: – Eit operabygg åleine er ikkje nok til å skape ein kulturnasjon. Men med det nye bygget har vi teke eit nytt og veldig viktig steg i ei riktig retning, innledet Molvær Grimstad.

May Helen Molvær Grimstad_3 (Fotograf: Tri Nguyen/KrF)

Av May-Helen Molvær Grimstad

Vi kan vere stolte av det nye praktbygget vårt. Fysisk ligg alt no til
rette for at operaen i Bjørvika kan bli det kulturpolitiske lokomotivet
det er meint å vere. Vegen fram til eit nytt bygg har vore lang. Når bygget
no er på plass, må vi ikkje lene oss tilbake og kvile på laurbæra. Tvert
imot må vi aktivt leggje til rette for at bygget kan fyllast med variert
innhald av høg kvalitet. Ikkje minst må det fyllast med ny og nyskapande
opera og ballett.

Frå eit arkitekturpolitisk synspunkt er Operaen allereie ein suksess.
Men det avgjerande for ein kulturnasjon er ikkje om vi maktar å reise eit
operabygg, men om vi maktar å fylle det med innhald av høg kvalitet, slik
at det blir eit kraftsenter til glede for heile landet.

I familie- og kulturkomiteen si innstilling frå den gongen operavedtaket
blei fatta, sa fleirtalet at eitkvart moderne tidsriktig kulturbygg som
ein ny opera er, bør stimulere til nyskaping og tiltrekkje nye og større
publikumsgrupper. Fleirtalet meinte den gongen at ein moderne kulturinstitusjon
bør gjevast moglegheit til å introdusere nye kunstuttrykk for publikum,
slik at huset og innhaldet i det blir opplevd som nytt og spennande. Det
er synspunkt vi bør merkje oss også i dag.

Det er særleg fire forhold som eg ønskjer å kommentere spesielt når det
gjeld opera og ballett:

For det første trengst det sterkare satsing på distriktsoperaene. Då
det blei vedteke å byggje nytt operahus, gjorde Stortinget også eit anna
vedtak. Ein samla komité sa den gongen at parallelt med bygginga av nytt
operahus skulle det utviklast opera- og ballettmiljø elles i landet.

I dei ulike regionane skulle det utviklast aktivitetar som skulle vere
ein del av ringverknadene av eit nytt operahus. Det har ikkje skjedd i
tilstrekkeleg grad. Den nasjonale planen for produksjon og formidling av
opera og ballett la til grunn at det skulle skje ei opptrapping av tilskotta
til operatiltak rundt om i landet.

Opera er ei spesiell musikkteaterform som for mange kan opplevast som framand
inntil dei sjølve har opplevd eller teke del i oppsetningar. Derfor er
det viktig at så mange som mogleg får moglegheita til å sjå og høyre opera
av høg kvalitet i sitt nærmiljø.

Operaen i Kristiansund er Noregs eldste opera og er den største operaverksemda
utanfor Oslo, med status som nasjonalt ressurs- og kompetansesenter for
disktriktsopera.

I Bergen har operamiljøet der teke viktige initiativ for å vidareutvikle
operamiljøet på Vestlandet. I familie- og kulturkomiteen si budsjettinnstilling
i haust var komiteen oppteken av at Regjeringa måtte følgje utviklinga
i Bergens operamiljø nøye og vurdere tiltak som sikrar god utvikling. Eg
vil understreke betydninga av dette.

For det andre må det førast ein politikk som inspirerer norske komponistar
til å skrive norske operaer. Det må satsast målbevisst på at komponistar
og dramatikarar får rammer som mogleggjer nyskaping og fornying av opera
og ballett i Noreg.

Norsk Komponistforening, Norsk forening for komponister og tekstforfattere
(NOPA, red.anm.) og Dramatikerforbundet har føreslått at det blir laga
ein handlingsplan for utvikling av ny norsk musikkdramatikk, og at det
blir etablert eit fond der aktørane kan søkje midlar. Fondet ser det for
seg som eit spleiselag mellom komponistforeininga og staten. Dette meiner
eg er gode innspel.

For det tredje må støtteordningane til dei frie ensembla vidareutviklast.
Det er viktig for rekruttering og nyskaping ikkje berre innan det frie
feltet, men òg av omsyn til institusjonane.

Mitt fjerde og siste punkt går på operautdanninga. Kunsthøgskolen i
Oslo tek berre inn fire operastudentar kvart år, og det i ei tid der behovet
for topp kvalifiserte utøvarar er stigande over heile landet. Eg har tidlegare
utfordra kulturministeren på kva han vil bidra med for å sikre kvalitet
og kvantitet innan operautdanninga i Noreg, men spørsmålet mitt blei oversendt
statsråden for forsking og høgare utdanning. Eg er klar over at det er
Kunnskapsdepartementet som sit med ansvaret for oppfølging av KHIO, men
kulturministeren har eit særleg ansvar for å sikre tilfanget av høgt kvalifiserte
kulturarbeidarar her i landet. Behovet er aukande både i Oslo og elles,
bl.a. ved distriktsoperaene.

Kvaliteten på operautdanninga i Noreg må styrkast. Det er eit politisk
ansvar å sørgje for eit fullverdig kvalitetstilbod i Noreg på høgd med
det ein for eksempel har i Danmark.

Kunsthøgskolen i Oslo planlegg no i samarbeid med Den Norske Opera
og Norges musikkhøgskole ei ny operautdanning. Eg håpar at dette vil styrkje
rekrutteringa av høgt kvalifiserte operasongarar i Noreg. Ikkje minst treng
vi høgt kvalifiserte utøvarar som meistrar nye og krevjande samtidsuttrykk.

May-Helen Molvær Grimstad er leder i familie- og kulturkomiteen på Stortinget
og representerer Kristelig Folkeparti.

Les interpellasjonen fra representant Trine Skei Grande (V) og den påfølgende
debatten som inkluderte kulturminister Trond Giske (A), representant Tove
Karoline Knutsen (A) og May-Helen Molvær Grimstad (KrF), på
denne
lenken
.

Publisert:

Del: