Sølvi Irene Lien frå Førde er tilsett som ny arrangementssjef i Førde-festivalen frå 1. september 2006. Ho tek over etter Lene Furuli som frå hausten går over til arbeid for Norsk Folkemusikkformidling.

Sølvi Lien 2006

Sylvi Irene Lien er tilsett i stillinga som arrangementssjef, som i fyrste omgang er eit engasjement fram til 31.12. 2007. Lien har bachelorutdanning i kulturformidling frå Universitet i Bergen. I tillegg har ho praktisk informasjonsarbeid, kunstkritikk og webdesign som fag frå UiB. Lien har også tidlegare vore involvert i Førdefestivalen på fleire vis, både som frivillig og som medlem i kunstnarleg råd. Sølvi Lien er også utøvar med hardingfele som hovudinstrument og har kjennskap til og interesse for både norsk og utanlandsk folkemusikk/verdensmusikk.

— Vi gler oss til å få Sølvi Lien med på laget, seier direktør Hilde Bjørkum. Ho har kunnskapar og eigenskapar som vi treng i festivaladministrasjonen, og med fleire års røynsle frå festivalen gjennom den frivillige innsatsen, trur eg ho fort kjem inn i arbeidsoppgåvene. Lien trakk det lengste strået blant 10 søkarar til stillinga.

Lien tek over stillinga etter Lene Furuli, som frå hausten skal arbeida for Norsk Folkemusikkformidling med kontor i Oslo.

Førdefestivalen arrangerast årleg og har som mål å fremja kunnskap om og interesse for norsk og internasjonal folkemusikk og -dans gjennom konsertar, kurs og andre tiltak. Programmet for Førdefestivalen anno 2006 omfattar nær 100 arrangement, og finn stad torsdag 6. til søndag 9. juli. I alt 250 artistar frå 21 land vil verta presenterte.

Publisert:

Del: