Styret ved Noregs musikkhøgskole har, på eit ekstraordinært styremøte, tilsett Ingeborg Harstein som ny direktør, og Anders Eggen som ny leiar for seksjon for kommunikasjon og samfunnskontakt.

Ingeborg Harsten

Ingeborg Harsten er tilsett som direktør ved Noregs musikkhøgskole. Ho kjem frå stillinga som fakultetsdirektør ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, Universitetet i Tromsø, der ho har vore sidan 1986. Harsten har i fagkrinsen sin medisin (Universitetet i Tromsø), offentleg politikk og administrasjon (Universitetet i Bergen) og samfunnsvitskap (Universitetet i Tromsø). Ho har graden cand. polit. i samfunnsvitskap, sosiologi. Harsten er fødd i Arendal 1953, oppvakse i Oslo og flytt til Tromsø allereie som 19 åring. Ho er gift og har 2 barn.

Anders Eggen er tilsett som leier for den nyoppretta seksjon for kommunikasjon og samfunnskontakt. Han kjem frå stillinga som dagleg leiar av foreininga Ny musikk, der han har vore sidan 2002. Han har tidlegare jobba i Kunnskapsforlaget, både som redaktør og redaksjonssekretær. Anders Eggen har Bachelor of Management frå BI frå 2005 og cand mag. frå Universitetet i Oslo med blant anna med musikkvitskap i fagkrinsen sin. Han er gift og har 4 barn.

Publisert:

Del: