– NRK har ein særskilt samfunnsmessig verdi som det er eit politisk mål å ivareta, og ei viktig samfunnsoppgåve i det å levera eit allmennkringkastingstilbod som kommersielle konkurrentar ikkje i same grad kan tilby, sa kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland i forrige veke.

Valgerd Svarstad Haugland (offisielt)

— Eg vil ta stilling til forslaget om omlegging av NRK sin distriktsorganisasjon når og om den eventuelt blir ei sak for generalforsamlinga. Då vil eg vurdera om omlegginga blir så omfattande at Stortinget bør drøfta saka. Dette er i samsvar med dei prinsippa som gjeld for styringa av NRK, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

Den siste veka har det vore ein diskusjon i media om forslaget til omlegging av NRK sin distriktsorganisasjon.

— Mange har forlangt at Stortinget skal få drøfta saka, medan andre har vore svært kritiske til det og påstått at eg ikkje tar på meg mitt ansvar som NRK si generalforsamling, seier statsråd Svarstad Haugland og presiserer følgjande:

— NRK har ein særskilt samfunnsmessig verdi som det er eit politisk mål å ivareta. Det er grunnen til at staten er eigar av NRK. NRK har ei viktig samfunnsoppgåve i det å levera eit allmennkringkastingstilbod som kommersielle konkurrentar ikkje i same grad kan tilby. For å utføra denne oppgåva får NRK årleg omlag tre milliardar kroner via lisensavgifta. Lisensen blir fastsett av Stortinget og verksemda i NRK er difor underlagt ein viss politisk kontroll og legitim politisk interesse.

— NRK er først og fremst ei kultur- og mediepolitisk verksemd. Sjølv om det klare utgangspunktet må vera at styret og leiinga i NRK har stort handlingsrom når det gjeld den daglege drifta og organiseringa av selskapet, vil det alltid vera ei politisk sak å vurdera om NRK oppfyller dei overordna måla for det statlege engasjementet i kringkastinga. Distriktssendingane har lenge vore eit verdifullt tilfang til det norske medietilbodet. Den omlegginga som no blir vurdert kan føra til store endringar i distriktsstrukturen. Det vil ikkje vera rett av meg å gripa inn i den interne prosessen i NRK eller ta stilling i saka før ho blir lagt fram for generalforsamlinga. Når eller dersom styret sender saka til meg, vil eg vurdera forslaga ut ifrå dei politiske måla og vedtaka på området.

— Det er vidare fastsett klare prinsipp for staten si styring av NRK. Dels følgjer dette av sjølve organiseringa som aksjeselskap og dels av Stortingsdebatten i februar. Aksjeselskapsforma byggjer på ei klar rollefordeling mellom eigar og leiing. I statsaksjeselskapa er det styret og administrasjonen som tar avgjerder om både strategi og drift. Stortinget har slått fast at styret og leiinga i NRK skal ha stort handlingsrom innanfor rammene av allmennkringkastingsoppdraget. Avgjerder som har direkte og vesentlege konsekvensar for allmennkringkastingstilbodet er likevel ei politisk sak. Då seier vedtektene at saka skal handsamast av generalforsamlinga. Dersom det skulle bli aktuelt med så store endringar, vil det etter mitt syn vera naturleg å leggja saka fram for Stortinget; sjølvsagt med mi tilråding, understrekar kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

Publisert:

Del: