Norsk Folkemusikkformidling er Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD) sin arrangør- og formidlingsorganisasjon som har som målsetting å gjere folkemusikken og folkedansen kjend og etterspurd, og dermed utvikle arbeidsmarknaden for utøvarane på feltet. Vi søker etter ein omgjengeleg, open og kontaktskapande person som er nøyaktig og initiativrik, helst med kjennskap til det norske miljøet innan folkemusikk og dans.

Folkogdans.no (logo)

Norsk Folkemusikkformidling er Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD) sin arrangør- og formidlingsorganisasjon som har som målsetting å gjere folkemusikken og folkedansen kjend og etterspurd, og dermed utvikle arbeidsmarknaden for utøvarane på feltet. Norsk Folkemusikkformidling driv marknadsføring og formidling av folkemusikkartistar og dansarar i Noreg og i utlandet med utgangspunkt i Norsk Folkemusikkatalog, ein internettbasert artistkatalog som vert driven i samarbeid med NFD, Landslaget for Spelemenn og nordiske systerorganisasjonar. Norsk Folkemusikkformidling driv talentutviklingsprogrammet INTRO-folk i samarbeid med Rikskonsertene, Den norske Folkemusikkscena og ein rad norske festivalar, og driv for tida også utgreiing av Riksscene for folkemusikk og folkedans.

ARTISTFORMIDLING OG PROFILERING 60 %

Vår medarbeidar som i dag har den daglege drifta av Norsk Folkemusikkformidling sluttar, og me treng ein ny medarbeidar i hans stad som kan løyse desse oppgåvene:

— Å leggja til rette presentasjonar og marknadsføringstiltak i Noreg og i utlandet.
— Formidle utøvarar og leggje opp program for oppdragsgjevarar.
— Ivareta og utvikle kontakt med arrangørar og delta i den vidare utviklinga av Norsk Folkemusikkformidling og Norsk Folkemusikkatalog.

Vi søker etter ein omgjengeleg, open og kontaktskapande person som er nøyaktig og initiativrik, helst med kjennskap til det norske miljøet innan folkemusikk og dans. Vi vil legge vekt på følgjande kvalifikasjonar:

— Utdanning innan marknadsføring.
— God norsk og engelsk språkføring, både skriftleg og munnleg.
— Evne til å kunne arbeida sjølvstendig, ryddig og strukturert.
— Relevant kontaktnett og erfaring er ein fordel.

Arbeidsstad er sentralt i Oslo. Løn etter avtale.

Tiltreding snarast etter 1. januar 2005. For meir opplysning sjå www.folkogdans.no, eller ta kontakt med dagleg leiar Jan Lothe Eriksen på telefon 22005690/ 92824115 eller på e-post nfd@folkogdans.no. Send søknad til Norsk Folkemusikk- og Danselag, P.b. 440 Sentrum, 0103 Oslo.

SØKNADSFRIST 5. DESEMBER 2005

Publisert:

Del: