Norsk Folkemusikk- og Danselag søkjer redaktør i 50% stilling for eitt år med moglegheit for forlenging. Søknadsfristen er 1. august 2006.

Folkemusikkillustrasjon (Foto: Norsk folkemusikk- og Danselag)

Norsk Folkemusikk- og Danselag – landslag for slåttespel, kveding og bygdedans – (NFD) vart skipa i 1987 og har som sitt fremste føremål å halde oppe dei ubrotne folkemusikk- og bygdedanstradisjonane i Noreg, å fremje norsk folkemusikk og bygdedans som fullverdige kunstformer, og ivareta utøvarane sine faglege, økonomiske, sosiale og kunstnarlege interesser. NFD driv folkemusikkfestivalen ÁRINN (www.arinn.no), og i tillegg Norsk folkemusikkformidling og Norsk Folkemusikkatalog (www.folkogdans.no).

Dei lyser no ut fylgjande stilling:

REDAKTØR 50 % (VIKARIAT)
Vår redaktør skal ha eitt års permisjon, og me treng ein ny medarbeidar i hennar stad: eitt år med moglegheit for forlenging.

Arbeidet omfattar stilling som redaktør for NFD sitt medlemsblad Kvinten, laget sine nyhendesider på internett, www.nfd.no, og redaktøransvar for Årbok for norsk folkemusikk.
— Kvinten kjem ut med 5 nummer pr år og er NFD sitt medlemsblad. Kvinten si redaksjonelle line skal ta utgangspunkt i og spegle laget sitt føremål og aktivitet. Stillinga følgjer redaktørplakaten.
— Årbok for norsk folkemusikk er ei årleg artikkelsamling som går grundig inn i den tradisjonelle folkemusikken i Noreg, og med oppslagsdel med diskografi og bibliografi for kvart år.

Vi søkjer etter ein omgjengeleg, open og kontaktskapande person som er nøyaktig og initiativrik, helst med kjennskap til det norske miljøet innan folkemusikk og dans.

Vi vil legge vekt på følgjande kvalifikasjonar:
— God kjennskap til folkemusikk- og folkedansområdet.
— Utdanning innan journalistikk.
— Evne til å kunne arbeida sjølvstendig, ryddig og strukturert.
— Relevant kontaktnett og erfaring er ein fordel.

Arbeidsstad er sentralt i Oslo. Løn etter avtale.

Tiltreding snarast etter 1. september 2006. For meir opplysning sjå www.nfd. no, eller ta kontakt med dagleg leiar Jan Lothe Eriksen på telefon 22005690 / 92824115 eller på e-post nfd@folkogdans.no. Send søknad til: Norsk Folkemusikk- og Danselag, P.b. 440 Sentrum, 0103 Oslo.

Søknadsfrist 1. august 2006

Publisert:

Del: