– Norsk platebransje har ikkje fram til idag vist seg moden nok til å ta diskusjonen om innkjøpsordingen seriøst. Vi klarar ikkje å samla oss. Verken om at cd´en er ein viktig kulturberar, eller at innkjøpsordningen treng langt større bevilgningar. Typisk nok (el. norsk), snakkar Tylden & Co. også for si sjuke mor, dei seier ikkje at no bør vi stå saman om å få auka bevilgningane til innkjøpsordningen. Samarbeid er eit framandord, og motpolane Fono – Ifpi kranglar som dei alltid har gjort, skiver komponist, musiker og NORCD-sjef Karl Seglem i dette innlegget, hvor han også angriper politikerstanden for å drive en politikk som ekskluderer oss fra retten til å kalle Norge en kulturnasjon.

Karl Seglem

Av Karl Seglem, musikar, komponist og dagleg leiar av NORCD AS:

På bakgrunn av Erling Andersens artikkel i Ballade 17.10.02. og gjennom Dagens Næringsliv sin artikkel om Innkjøpsordningen for nye norske fonogram 20.11.02, vil undertegna ta til orde på vegne av NORCD.

I DN artikkelen formidlar journalist Sigri Sandberg meiningane til nokre personar i norsk platebransje som alle spør seg kva kriteriane for denne ordningen er?

Vi er fleire som spør.

Det er merkeleg at DN og personane i platebransjen, ikkje spør seg kvifor over 80% av norske cd-utgivingar blir nulla, heller enn å stilla fagutvalget til veggs for å velga vekk artistar som dei helst såg kjøpt inn.

Erling Andersen påpeikar: “På sitt nåværende nivå makter den (Innkjøpsordningen) ikke å gjøre betydelige deler av norsk fonogramproduksjon tilgjengelig for publikum, og den tar heller ikke vare på de samme fonogrammene for kommende generasjoner”.

Norsk platebransje vert utsatt for skandaløs behandling gjennom Innkjøpsordningen for nye norske fonogram. Det er viktigare enn nokon gong at også vi som arbeidar i den uavhengige delen av bransjen, tek til orde for ordningen som ein viktig formidlar av norsk kultur. At cd´en som kulturberar får den status den fortjener.

CD’en kunst eller vare?

Cd´en har ingen status som formidlar av kunst, som kulturberar. Den blir betrakta som ei vare. Dette er den store forskjellen mellom musikk- og litteratur-utgivingar, som har ei tilsvarande innkjøpsordning. Medan alle er einige om at litteratur er kunst og respekterer forlaga sine ulike rollar trygt mellom børs og katedral, (med pengesekkar frå begge hald), blir platebransjen under eitt, sett på som drivarar av rein kommersiell verksemd. Denne oppfatninga av platebransjen og av kva ein cd er, som store deler av bransjen også sjølv forfektar: Audun Tylden til DN:, “de stakkarene som ikke greier å selge på annen måte”, finn vi også igjen i kulturpolitikken.

Samanlikna med midlane til innkjøp av litteratur er midlane til innkjøp av ny norsk musikk skandaløst små. Det må tolkast som eit signal frå våre kulturpolitikarar om at Stortinget ikkje ser på cd’en som ein like verdifullt kulturberar som boka. Dette til tross for at cd´en er det kulturuttrykket eller kulturmediumet som opphavskvinner og utøvarar, frå Ole Ivars til Nils Henrik Asheim, brukar for å nå eit publikum.

Den andre røyndom

Men det finst ein annan røyndom. Det finst ei anna verd enn den dei såkalt “toneangivende” Fono- og Ifpi-selskapa representerer. Det har grodd fram ein underskog av små og idealistiske plateselskap i Norge som har sin første tanke ein heilt annan stad enn på kontoutskriftene frå banken. Dette berre i løpet av dei 5-6 siste åra. Dette er plateselskap som jobbar målbevisst utifrå kunstneriske idear, og som har ei kompromisslaus haldning til kvalitet. Desse selskapa har vore med å heva nivået på norsk musikk innan jazz-, impro-, folkemusikk, elektronika etc.

Det har også ført til at mange artistar gjer det svært bra i utlandet. Og etter mi meining har nisjemusikken eit vel så stort potensiale til å bli ei eksportnæring, som pop og rock. Men å utvikla nisjemusikken sitt salgbare potensial tek lenger tid og det kostar pengar.

Det er som kulturberar med eit langsiktig perspektiv at det selskapet eg sjølv har drive i snart 12 år, har sin styrke. NORCD-katalogen innheld nærare 50 NORCD- og 10 SOFA-titlar (underlabel). Vårt spiss-formulerte småironiske slogan er: “Plateselskapet som bryr seg meir om musikk enn om salgstal”. I den markedsretta delen av platebransjen, er dette sloganet ein provokasjon. Like fullt: Hovudmålet vårt er ikkje å tjena pengar på å gi ut nisjemusikk men å gå “brake even”.

For å gi ut kvalitetsmusikk som ikkje har kortsiktig kommersielt potensiale treng vi støttepengar. Og her vil eg understreka at det ikkje er snakk om pengar til løn men til å gje ut meir musikk. Til produksjonsmidlar i første rekke. Ingen i selskapet tek ut løn. Om NORCD tenar pengar går det rett inn i budsjettet til ein ny produksjon. Sjølv tener vi til livets opphald som utøvande musikarar og komponistar.

Mangfaldet dør

For den verksemda og ideologien NORCD representerar er kulturpolitiske ordninger heilt nødvendige. For oss er den norske kulturpolitiske tradisjonen som inneber å støtta kunstnerisk verksemd som ikkje klarar seg på eit kommersielt marked, ein forutsetning for drifta. Men kvar blir det av denne kulturpolitiske tenkemåten i Innkjøpsordningen for fonogram? Innkjøpsordningen skal ivareta breidden i musikklivet, men etter mi meining står breidden i fare for å forsvinna. Mangelen på midlar gjer at heile ordningen er pressa opp i eit hjørne.

At innkjøpsordningen idag er viktigare for NORCD enn for Audun Tylden er innlysande. Poenget er at dersom den underskogen som vi representerar ikkje hadde eksistert, hadde aldri norsk musikk hatt det høge nivået og den breidden som idag. Dersom underskogen ikkje blir teke vare på gjennom ulike støtteordningar, dør den. Vi blir eit enno fattigare kulturland, og vi vil oppleva ei større einsretting av musikklivet. Ei einsretting som vil føra til at det kun er Tylden & co, som har cd´ar å melda på til innkjøpsordningen.

Det kulturpolitiske spørsmålet er altså om ein også i framtida vil sjå verdien av, og støtta opp om kunstnerisk verksemd som ikkje har kortsiktig kommersielt potensiale?
Hvis svaret er ja, er Innkjøpsordningen for fonogram eit viktig kulturpolitisk redskap for framtida.

Kva gjer platebransjens foreningar?

Norsk platebransje har ikkje fram til idag vist seg moden nok til å ta diskusjonen om innkjøpsordingen seriøst. Vi klarar ikkje å samla oss. Verken om at cd´en er ein viktig kulturberar, eller at innkjøpsordningen treng langt større bevilgningar. Typisk nok (el. norsk), snakkar Tylden & co også for si sjuke mor, dei seier ikkje at no bør vi stå saman om å få auka bevilgningane til innkjøpsordningen. Samarbeid er eit framandord, og motpolane Fono – Ifpi kranglar som dei alltid har gjort.

Ein skal ikkje kasta stein i glashus, men som medlem av Fono (Foreningen Norske Plateselskap), opplever NORCD at det er liten støtte å få om ein hevdar at det å driva plateselskap er langt viktigare for norsk kulturliv – enn at plateselskapet tenar pengar. Fonos Bjellesau-pris har til dags dato aldri blitt utdelt til andre enn “feterte” norske artistar og plateselskap som i løpet av inneværande år har gjort det svært bra – økonomisk. Fono nevner sjelden dei som har fokus ein annan stad enn på kroner og øre. Dei viser liten forståing for å gjera noko konkret med denne (for nokre) viktige ordningen.

Eg har ingen ting imot plateselskap som har pengar som hovudambisjon for drift, men trur at summen av fleire faktorar og ulike ambisjonar skapar det som gjer at norsk musikk står så sterkt som no. Fono må våga å vera langt meir tydelege på at Norge treng idealistiske plateselskap, både overfor oss og overfor kulturpolitikarane.

Meir pengar, nye kriteriar for innkjøp

Finst det så teikn som tyder på at politikarane har oppdaga kor urimeleg innkjøpspolitikken på musikkområdet er? Neppe. I det siste statsbudsjettet står det ikkje eit ord om auka støttemidlar.

Innkjøpsordningen kan verken forsvarast eller utførast ut frå dei rammevilkåra som er gitt idag. Ikkje i eit kulturelt og ikkje i eit økonomisk perspektiv. Interessegruppene i norsk platebransje må samla seg, og øva tungt press i dei rette kulturpolitiske kanalene. Når fleire midlar blir løyvd, må dei gå gjennom kriteriane for ordningen.
Er det mulig?

For NORCD står skrifta på veggen: Er alt arbeidet vi legg ned i dette, verdt det? I tolv år har svaret vore og er, ja. Like tydeleg som svaret på om Norge er ein kulturnasjon har vore og er, nei.

Karl Seglem

Publisert:

Del: