21. til 24. august samla åtte musikarar frå åtte Nordsjøland seg til fyrste øvingsveke og opningskonsert i maleriske omgjevnader i engelske Oxfordshire. Mellom dei var dei nordiske representantane Synnøve Bjørset, svenske Sophia Eriksson, danske Henrik Jansberg og finske Timo Väänänen. Prosjektet hadde namnet Music of the Northlands – Folkemusikk frå dei nordlege og vestlege lutane av Europa.

Synnøve S. Bjørset, live, 2002 (Foto: Jan Lothe Eriksen, NFD)

Av Ola K. Berge, Norsk Folkemusikk- og Danselag

I tillegg kunne ein gle seg over sterke folkemusikkpersonlegdomar som den walisiske gitarvirtuosen Dylan Fowler, den irske fløytespelaren Gavin Wehlan og den etter kvart internasjonalt berømte felespelaren Chris Wood, som i denne samanhengen var på heimebane. Det eksotiske innslaget må ein vel seie Angelika Nielsen frå Færøyane stod for, med sine særeigne slåttar henta frå ein relativt ny feletradisjon på øya mest kjent for sine lange balladar.

Målet med samlinga
Målet for denne fyrste samlinga var dels å lage eit konsertprogram til opningskonserten under Towersey Village Festival, dels å førebu seg til ein lengre turne kring alle deltakarlanda i oktober og november. Produsent for konserten Roger Watson i den engelske folkemusikkorganisasjonen Traditional Arts Projects (TAPS) hadde høge forventingar til både utøvarar og musikken dei hadde med seg til samlinga, og han vart ikkje skuffa. Det var eit sjeldan kompetent mannskap som desse fire dagane skulle spele for kvarandre, med kvarandre og for eit spent publikum i den vesle landsbyen Towersey. Målet for denne fyrste konserten, og for den vidare turneen, må seiast å vere ambisiøst. Watson var klar på at dei ulike slåttane som danna utgangspunkt for alt samspel, på same tid skulle vere sterke vitneprov for sitt opphav, men også i arrangement og tonespråk eit uttrykk for det ein kan finne av musikalske fellesnemnarar i landa kring og i Nordsjøen. Det vart med andre ord lagt opp til smalehove med cumberlandsaus, og Irish stew med karttofler og O.P. Andersson. Ei potensiell oppskrift for preglaus lapskaus kan ein kanskje innvende, men med knallsterke slåttar samt medvetne og lydhøre musikarar, er dette også eit godt utgangspunkt for spennande og mangfaldig folkemusikk.

NFD i koordinatorrolle
NetworkNorth-Traditional Music – Music of the Northlands er eit prosjekt i regi av Nordisk Ministerråd og Nordisk Folkemusikkomite, og del av eit større samarbeidsprosjekt med dei britiske øyane og Irland kring ulike kunstformersom arkitektur, biletkunst, design osb. Målet er å styrke medvitet om ein felles nord- og vesteuropeisk kulturtradisjon, samt å skape spennande kunstsamproduksjonar av høg kvalitet. I tilfellet Music of the Northlands er det NFD og Norsk Folkemusikkformidling som har fått tildelt administrasjon- og koordineringsrolla. Dette arbeidet blir også gjort i samarbeid med European Network of Traditional Music and Dance og deira prosjekt Kultur 2000 som er støtta av EU-kommisjonen. Utval av musikarar og tilrettelegging av lokale konsertar blir utført av nasjonale organisasjonar i samarbeidslanda.

Hardingfele som samspelsinstrument
Noreg og NFD sin representant i orkesteret, Synnøve Bjørset, må kunne seie seg godt nøgd med denne fyrste samlinga og konserten. Det er ikkje tvil om at hardingfelemusikken med sine slåtteformer, rytmiske struktur og ikkje minst klangbilete blei godt motteke av så vel musikarar som publikum. Synnøve svarte med å på nytt prove at understrenger og rosedekor ikkje er til hinder for godt og musikalsk samspel. Etter tre dagars øving leverte Music of the Northlands, etter mi meining, ein særs god konsert. Det er likevel ikkje tvil om at meir speletid saman vil gje dette eit ytterlegare musikalsk lyft. Det gjeldt både i arbeidet med å finne det beste samspelsmaterialet, men også i det som var hovudtanken bak musiseringa i utgangspunktet: å lyfte fram det særeigne i slåttane samstundes med at ein gjev det multikulturelt liv som music of the Northlands. Om dei lukkast i det kan du avgjere sjølv, m.a. på Smuget i Oslo, måndag 4. november. Der vil du og få rikeleg høve til å oppleve kvar einskild artist som soloutøvar.

Publisert:

Del: