ANMELDELSE: – I ein slik musikk, der polyfonien står meir i fokus enn det retoriske, kjem Nordic Voices sitt enkle klangideal meir til sin rett enn vanleg. Ensemblet har alltid fascinerert med sine framtredande solistiske utøvarar og samstundes homogene klang, men fascinerer ikkje mindre ved denne innspelinga. Dette skriver Ballades anmelder om albumet Reges Terrae av Nordic Voices.

Nordic Voices - Reges Terrae_omslag

Av Ida Habbestad

Kombinasjonen mellom gamalt og nytt er til fascinasjon for mange, og frå tid til annan støyter ein på musikarar og ensemble som orienterer verksemda si mot ytterpunkt i den klassiske musikkhistoria. Dei arbeider med middelalder-, renessanse- og samtidsmusikk – som om det gjekk ei rett linje mellom periodane – og hoppar galant bukk over alt som er mellom dei.

Eit enkeltståande døme er Ensemble Recherche sitt prosjekt ”The Witten In Nomine Broken Consort Book”. På Ultima i år fekk me høyra eit utdrag av det omfattande verket, der ei heil rekkje komponistar skriv verk med utspring frå den engelske In Nomine-tradisjonen. Meir gjennomgåande finn ein døme hjå songarar, mellom anna i vokalensemblet Trio Mediæval som er verdskjende for sine tolkingar av middelaldermusikk, samt nyskrivne (ofte middelalderinspirerte) komposisjonar.

Sjølv om den tilsvarande kombinasjonen mellom nytt og gamalt òg er Nordic Voices sitt varemerke, har tyngdepunktet – i alle fall slik eg har erfart dei – kvilt meir i den samtidige musikken enn i den eldre. Mine siste møte med ensemblet har funne stad på Ultima; mellom anna som husensemble i Lasse Thoresens konkressens-prosjekt, og på konsert med ei heil rekkje tingingsverk basert på element frå norsk kveding og mongolsk overtonesong. Her igjen finn ein altså døme på komponistar inspirerte av gamle latinske tekstar, gregoriansk song og urgamle folkesongteknikkar – men det er ei anna historie.

Jordlege – og himmelske – kongar

For det er ”Reges Terrae” det handlar om her; og med denne plata får me eit døme på korleis Nordic Voices arbeider med den eldre musikken. Eit første påfallande trekk ved plata er korleis den ikkje opplevest som nokon kontrast til kva eg har høyrt ensemblet gjera tidlegare, men heller som ein heilt naturleg del av repertoaromfanget og klangregistret deira. Vidare er det beteiknande for ensemblet at dei har valt musikk utanfor allfarveg – av høvevis ukjende komponistar –og som ikkje nødvendigvis er utgiven på CD.

Me finn oss på 1500-talet, i møte med ei rekkje renessansekomponistar ved Karl Vs hoff. I likskap med andre fyrstar, keisarar og kongelege på denne tida, knytte han til seg utøvarar og komponistar som ein sjølvsagt del av tenarskapen, ikkje minst for å belysa kva status han hadde. Pierre de Manchicourt, Cristóbal de Morales, Jacobus Clemens ’non Papa’, Francisco Guerrero og Nicolas Gombert hadde altså alle ei tilknytning til keisaren frå Spania – enn om ein ikkje veit mykje om kor nær relasjonane faktisk var.

Tittelen ”Reges Terrae” – kongar av jorda – har uansett ein dobbel botn. Som føresetnad for at verka er komne til, står den alt nemnde Karl V. Samstundes er det andre kongelege i verktekstane; kongane som samlast i Judea og følgjer ledestjerna for å finna det nyfødde Jesusbarnet – også han ein konge. Eller ein syng om dronninga av himmelen, jomfrua over alle jomfruer, om det store mysteriet, og vidare.

Gjennom det heile er musikken – og tolkingane – lett, ledig og flytande i langstrakte renessanselinjer. Generelt opplever eg musikken frå denne tida som vanskeleg å gripa – med få konkrete haldepunkt å festa seg ved – men framføringa her vert aldri monoton eller stilleståande, heller variert og etter kva eg kan bedømma dessutan stilsikker. Intonasjonsmessig er det òg forbilledleg, og einast i det ellevte sporet stussar øyret ved eit par innsatsar.

Solistisk men homogen klang

I ein slik musikk, der polyfonien står meir i fokus enn det retoriske, kjem Nordic Voices sitt enkle klangideal meir til sin rett enn vanleg. Ensemblet har alltid fascinerert med sine framtredande solistiske utøvarar og samstundes homogene klang, men fascinerer ikkje mindre ved denne innspelinga, der me i dei lange, enkeltståande stemmeføringane vert kjende med kvar av dei fem, utan at dei nokon gong trekkjer for langt frå kvarandre. Slik står innspelinga att for meg som éin einaste stemmevev – rein, klår, og tydeleg.

Reges Terrae kom ut på Chandos i september.

Medverkande:
Tone Elisabeth Braaten
Ingrid Hanken
Ebba Rydh/Marianne Beate Kielland
Per Kristian Amundrød
Frank Havrøy
Trond Olav Reinholdtsen

Publisert:

Del: