Det er stor internasjonal oppslutning om masterstudia ved Noregs musikkhøgskole. Kva konsekvensar har dette for norsk musikkliv?

Kjetil Solvik, © NMH

Ballade stilte i februar spørsmål ved om det vert framført nok norsk repertoar ved Noregs musikkhøgskole. Mengda norsk musikk i dei offentlege konsertane var særleg låg ved dei klassiske utøvarstudia på mastergradsnivå, og fleire moglege årsaker vart trekte fram.

Les også: - Masterstudiet stiller krav om sjølvstende

Ei av årsakene var mastergradsstudentane sin nasjonalitet. Medan studieretningane for folkemusikk, jazz, teori, musikkpedagogikk og musikkterapi i hovudsak trekkjer til seg norske studentar, har NMH ei mengd internasjonale studentar ved dei klassiske utøvarstudia.

Tala er høge. Dersom alle som er tilbydd studieplass for 2012-14 takkar ja, vil nokså nær halvparten av studentane på dei klassiske utøvarstudia vera utanlandske. Alle dei tre plassane på diplomstudiet har gått til utanlandske utøvarar.

Studiesjef ved Noregs musikkhøgskole, Kjetil Solvik, forklarer stoda.

— Aukinga i den internasjonale søkjarmassen har me sett lenge. Kring 2006 byrja me nærma oss den fordelinga som er i dag, med opp mot halvparten internasjonale studentar på utøvande masterprogram. Denne aukinga har vore sterk, både i søkinga til dei ordinære programstudia, og når det gjeld utvekslingsopphald. For neste år har kring 100 personar søkt utveksling hit, og me tolkar dette positivt. Søkartala tyder på at NMH er synleg og anerkjend utanlands.

Omfattande lærarutveksling
Solvik peikar på at ei årsak kan liggja i høgskulen sine materielle forhold. NMH kan tilby ei rekkje gode øverom, noko som ikkje er like sjølvsagt ved alle institusjonar i Europa.

Mest avgjerande er likevel det faglege tilbodet, trur han.

— Musikkstudentane søkjer seg jo til gode miljø, og eg meiner me har klart å syna at me har svært gode lærarar og eit godt læringsmiljø ved institusjonen. Mange utanlandske studentar framhever det gode samarbeidet mellom lærarar som positivt. I fleire år har me òg hatt ein aktiv utvekslingspolitikk. Målt i forhold til storleiken på institusjonen vår, har ingen andre utdanningsinstitusjonar i landet hatt ei så høg utveksling av lærarar som oss. Me får ofte henta inn lærarkrefter utanfrå, og våre eigne reiser ofte ut. Dette har stor betyding for å gjera institusjonen kjend i det internasjonale musikkutdanningsmiljøet.

— Du seier det er god utveksling på lærarfronten. Er dei norske elevane like flinke til å reisa ut?

— Når det gjeld utvekslingsstudentar, har det ikkje vore like enkelt å få dei norske studentane til å reisa ut. Dette kan ha fleire årsaker. I regelen er dei norske elevane svært selektive. Dersom ein reiser ut, er det som regel på grunn av ein særskild lærar, som studentar over heile Europa ynskjer seg til. Ein gløymer kan henda at ein kan læra seg meir enn berre det som gjeld hovudinstrumentet ved eit utvekslingsopphald. Samstundes er det nok òg mange av våre bachelorstudentar som heller vel å ta eit heilt masterstudium utanlands, i staden for eit kortare utvekslingsopphald.

Les også: Skeptisk til kvotering

Det internasjonale er ein styrke
Utvekslinga av lærarar har hatt god effekt. Likeeins har utvekslingsstudentar sine opphald hatt misjonerande verknad. Mellom studentane som er tilbydd studieplass ved opptak dette året, finn ein studentar frå land som Sverige, Island, Romania, Nederland, Canada, Polen, England, Bosnia-Herzegovina, Danmark, Sør-Korea, Spania, Russland, Mexico, Spania, Sveits, USA, Litauen og Japan.

Fordelinga er jamn – og i prinsippet kan mengda utanlandske studentar auka, fortel Solvik.

— Det finst inga kvotering av norske studentar, det har me heller ikkje lov til slik det er i dag. Og me tenkjer på ingen måte at dette er nødvendig, i alle fall ikkje slik situasjonen er i dag. Musikkutdanning er og må vera internasjonal. Ser ein til ettertrakta musikkutdanningsinstitusjonar i Paris og Berlin vil ein finna at fleirtalet av studentar er utanlandske. Studentane ein viktig ressurs for kvarandre. Ein spelar saman og trekkjer vekslar på kvarandre, og slik er gode studentar er med på å høgna kvaliteten på studiemiljøet. Me ser altså på den sterke søkinga utanfrå som ein styrke.

— Samstundes vert konkurransen tøff for norske studentar på desse nivåa?

— Det er stor konkurranse, og me ser at ein del av dei norske studentane ikkje kjem inn etter bachelorstudiet vårt. Her er det viktig å presisera at somme av dei internasjonale studentane på masternivå òg har teke bachelorgraden sin hjå oss. Det er altså ikkje så stor utskifting mellom nivåa som det kan sjå ut til. Det må òg understrekast at me ikkje trur at utviklinga har med kvaliteten på bachelorstudiet vårt å gjera. Det viktigaste i ein klassisk utøvar sitt liv skjer før eleven er 19 år og byrjar studera hjå oss. Tilbodet ein gjev unge utøvarar før dette kan vera avgjerande for om ein kjem inn på masterutdanninga sidan. Dette er eit politisk ansvar, og me har forsøkt å gjera merksame på dette, mellom anna gjennom utgreiinga «Tid for talent».

Bør sikra opplæringssystemet frå botnen
— Ein ser den same konkurransen ved søking til orkesterjobbar. Kva konsekvensar har internasjonaliseringa av marknaden for det norske musikklivet på sikt?

— Me ser jo at mange som vert utdanna hjå oss, blir i Noreg. Slik sett er utdanninga av utanlandske studentar ikkje ei tapping av kompetanse for norsk musikkliv. Musikklivet er og har alltid vore ein internasjonal arbeidsmarknad, så vår oppgåve må vera å gje norsk ungdom eit best mogleg opplæringstilbod. Og då er det er bekymringsfullt at me ikkje har eit opplæringssystem som frå botnen av sikrar norsk ungdom høvet til å utvikla seg optimalt.

— Kva har så dei høge tala på internasjonale studentar å seia for utviklinga av eit norsk repertoar?

— Her har ein alt gått nokre rundar, og svaret er det same som før. På masternivå er det i stor grad opp til studenten å profilera sitt eige studium, me går ikkje inn med føringar. Samstundes er me medvitne om problemstillinga, og forsøker å vera gode førebilete. Ein solid del av lærarane våre er svært medvitne om dette, både gjennom eigne repertoarval og ved å introdusera norsk repertoar for utanlandske studentar. Me meiner at mykje skjer på haldningsplanet.

Publisert:

Del: