På Sørveiv kunne ein også i år oppleve fleire artistar frå Institutt for Rytmisk Musikk ved UiA. Vilde Skjerdal skriv om sine medstudentar.

Sørveiv vart etablert i 2010, og bransjefestivalen har sidan den gong vakse fram som ei viktig scene for nye musikktalent frå Norge og Norden.

Festivalens visjon er å skape ei brei sjangerdekking ved å booke unike artistar. I tråd med dette, og i følgje nettsida deira, kan dei «garantere (…) artistar som passar din smaksprofil».

Som musikkstudent ved UiA, kjenner eg fleire av artistane personleg, og etter mi bedømming kunne ikkje påstanden ovanfor ha vore meir riktig.

Lindsjørn Foto: Vilde Skjerdal

Lindsjørn
Teaterets intimscene er farga i nyansar av vinter. Under eit isblått, glitrande banner merka Lindsjørn, står instrumenta klare. Kronos, Prophet, Moog, elbass og trommer – ein passande rigg for bandet beståande av tre. Konserten blir opna med låta «Favourite Color», som i motsetnad det kjølige fargevalet, viser seg å vera «sunrise».

21 år gamle Ingvild Lindsjørn går sitt siste år på BA i rytmisk musikk ved UiA. Artisten, som dansa seg gjennom oppveksten med OutKast og Beyoncé på anlegget, utøver sjølv ei deilig syntese av neosoul, gospel og RnB. Og deilig er den verkeleg. Sørveivs første Intimscene-konsert er insisterande og fyldig, og formidlar ein målbevisst heilskap. Kompet fyller scena og rommet som eit varmt og latterlig tight teppe, og legg såleis eit behageleg grunnlag for Lindsjørns vokale briljering.

Til forskjell frå Isadora Duncans utsegn om å danse det ord ikkje maktar å uttrykke , gjer artisten begge deler. Koreografi i formasjon er gjennomgåande, og sjølv om dei to bakgrunnsdansarane med fordel kunne ha tileigna seg meir sceneerfaring før konserten, blir det levert eit solid show. Lindsjørn presenterer ektefølt feel-good låtar, som utan tvil vil nå langt og høgt etter albumrelease. I mellomtida kan vi lytte til debutsingelen «Born Done» som vart utgitt i juni i år.

Prosjekt med retning
På laurdags formiddag møter eg festivalsjef Anna Willrodt (AW) og musikkbransje-rådgivar i SØRF Nicholas Oscar van Eck (NvE), for ein semi-formell sofaprat i artistfoajeen på Aladdin.

Når eg nemner UiAs representasjon på Sørveiv er Willrodt tidleg ute med å presisere at dei, som Sørlandets musikkbransjetreff, ikkje kun booker sørlandske artistar.

AW: Det er ein viss terskel for å komme inn på programmet, og ofte må det gå nokre år før vi føler at eit band er klare for å endre scena. Dei skal ha ein del ting på plass før det lønnar seg for dei å spela på Sørveiv, rett og slett.

Willrodt sjekkar mobilen. Som festivalsjef merkar eg at ho har det travelt, og ho skulle nok eigentleg ha vore ein annan stad akkurat no. Etter å ha svart på noko eg antek er ei hastemelding frå ein frivillig, vender ho fokuset inn att i samtalen.

NvE: Ja, og det er ikkje unaturleg at det skal komme mykje kult ut frå Sørlandet, og stader som konsen. Jo tettare musikkmiljøet er, jo meir inspirerande er det for artistane å jobbe. Så er det spennande å sjå kven som tek skrittet frå eit kult artistisk prosjekt, til eit kult artistisk prosjekt med retning.

Kubbi Foto: Vilde Skjerdal

Kubbi
Eit lag av røyk breier seg utover Teaterets Biscene. Det dunkle, besynderlege scenelyset supplerer til den gåtefulle stemninga. På scena står Vegard Kummen, uteksaminert mastergradsstudent i elektronisk musikk ved UiA, og med ein BA i utøvande bass. I kveld avsluttar han det eg meiner har vore ein vellukka første dag på Sørveiv.

Kubbi gjer chiptune – og han gjer det stort! Ved å kombinere elbass med sin kjære Nintendo Gameboy frå 1989, er han eit sant studium å sjå live. Uavhengig av musikalske preferansar, fasinerer han nok dei fleste med sitt ukjende og suggererande lydlandskap.

8-bits lydar svevar frå scena og ut i lokalet, og skapar ei nærast fortryllande atmosfære. Ved å slå saman det digitale og analoge, og ved å ta i bruk både nye og gamle maskiner, pustar Kubbi nytt liv inn i visna teknologi. Uanstrengt, og med eit naturleg nærvær, klarer han å skape eit spennande musikalsk rom. Dette blir også spegla i dei over ein million strømmingane av låta «Ember» på Spotify.

Konsen, represent
For den i overkant oppvakte lesar, kan det på dette tidspunkt oppstå spørsmål vedrørande min habilitet som både masterstudent i musikk ved UiA og skrivar av denne reportasjen. Men i vårt vesle lands vesle musikkbransje, føler eg at alle kan betraktast som eit kollegium. Dessutan er den konstruktive bedømminga av medstudentar ein stor og viktig del av musikkutdanninga på UiA.

Tilbake i dialog med Willrodt og van Eck, fortel festivalsjefen at konsen-artistane utmerkar seg når det gjeld å spisse prosjekta sine.

AW: I tillegg er dei flinke til å ta i bruk SØRF året rundt, og å jobbe med eiga artistutvikling.

Hør også: Hva skjer når fire låtskriverstudenter skal skinne samtidig?

Ho ser skrått bort på bransjerådgivar van Eck med eit smilande blikk.

AW: Så Sørveiv er på mange måtar høgdepunktet for musikkåret i Kristiansand. Artistane jobbar året rundt med turnéverksemd og liknande, og til slutt kuliminerer dette til Sørveiv.

SØRF er kompetansesenteret for musikk på Sørlandet, og har fem hovudfunksjonar. Dei skal fungere som: Bindeledd og kontaktformidlar, uttstillingsvindauge og informasjonskanal, hjelpar og rådgivar, støttespelar og talerør, samt som initiativtakar til prosjekt/tiltak.

Det slår meg kor enkelt det må vera for ein bookar å velje ut aktuelle artistar frå UiA, då det omtrent vekentleg blir heldt konsertar på byens mange scener. Litt nølande spør eg derfor korleis konsen-artistane oftast blir booka, om dei blir headhunta, eller om dei blir plukka ut frå demopåmeldinga?

AW: Begge deler. Vi følger med på dei lokale artistane over fleire år, og Rossman har til dømes stått på agendaen i tre år. Men grunna ein pause frå bandet for å vera Jesus, hadde han nok ikkje fått så mykje ut av å spele hjå oss før i år.

Festivalsjefen peiker her mot artistens hovudrolle i musikaloppsettinga Jesus Christ Superstar på Haugesund Teater i 2017.

AW: I år var han klar, og vart derfor booka før påmeldinga i det heile tatt opna.

Rossmann Foto: Vilde Skjerdal

Rossmann
I tillegg til ei eim av øl og rock, ligg det ei forventingsfull spenning i lufta. Scena er opplyst av raude spotlights, og salen er mørk – fylt av gira festivalgjengarar. Med sine fire rockekompanjongar, har Rossman fått det ærefulle oppdraget å avslutte Sørveiv 2018.

Utanfor Teaterets svette Biscene, går Karmøygutten Aslak Rossehaug sitt siste år på BA i låtskriver og artist ved UiA. Med både ethos, pathos og logos, finnast det få lyriske likemenn, og mellom brennheite riff og besluttsomme fills, ligg dei vakraste språklege bileta. For Rossman slår meg først og fremst som ein mann av språket. Heldigvis for dei musikkinteresserte, har han valt å plassere dette inn i ein viserock-kontekst, framfor i ei diktsamling eller på ein some-konto beståande av Instapoesi.

Under konserten blir vi presenterte for resonnement som strekk seg frå banale emosjonelle (opp- og) nedturar, til djupare eksistensielle spørsmål. Rossman leverer ein solid konsert fylt av øl, kjærleik og teknisk finesse. Sjølv ikkje ein eksplosjon av gullkonfetti under avslutningslåta Friarbrev kan ta frå han fokuset.

Ein personleg festival
Dei er verkeleg fine – orda som blir delt i sofaen på Aladdin. Samtalen med Willrodt og van Eck rører ved noko i meg, og det er tydeleg at Sørveiv-crewet tar vare på artistane sine. Dei tar jobben sin personleg, og det er inga sjølvfølge.

Og det er ganske unikt, seier eg. Eg meiner, for Sørveiv og det vesle miljøet som kan oppstå i ein by som Kristiansand…

AW: Ja, ikkje sant? Vi bur i ein liten by, det er eit lite musikkmiljø, og Sørveiv er ein liten festival – for all del – men det er også her vår styrke ligg. Det er her vi kan ta det ekstra steget, og sørge for at det blir skikkelig bra for alle involverte.

NVE: Ja, og sjølv om det hadde det vore 3000 tilskodarar til, så ville eg fortsatt ha hatt 40 artistar over to dagar, på akkurat same måte som no. Formatet tillèt bransjen å kome tettare på artistane, og det heile blir mykje meir konsentrert.

Publisert:

Del: