Festspillgeneral Jonsdottir kommenterte harking og hosting igår. Nattjazzen har hatt eit anna og tilsvarande problem: høglytt skravling. – Nokre av Nattjazzkonsertane har omtrent blitt fiasko pga støyande publikummarar, fortel ei av leiarane på USF. – Skravlarane heilt framme øydelegg for alle. St. Germain-konserten i går var ikkje noko unntak.

— Nokre av Nattjazzkonsertane har omtrent blitt fiasko pga støyande publikummarar, seier ei av leiarane på USF. – Povl Dissing og Brass Brør hadde store problem med ‘skravlemuren’. Lyttaropplevinga blir minimal med lågt volum. Særleg for dei som står bakarst. Skravlarane heilt framme øydelegg for alle.

St. Germain-symbiose
St. Germain-konserten i går vart trass dette ei stor oppleving. Høgt volum var ei av løysingane. Og eit godt utrusta og rytmisk band. Saman med sub-, funk- og hiphop- guruen Ludovic Navarre leverte dei ei symbiotisk vare av beste kvalitet: variasjon, breidde og innovativ ljod er karakteristika.

Hit’en “I want you to get together” stod fyrst på spelelista. Og satte tonen for konserten. På scenen: to slagverkarar, el-gitarist, fløytist, saksofonist, keyboardist og trompetist + St. Germaigne bak ein diger mikse- og effektbokspult. Lyttarar med øyre for sære melodiske konstruksjonar fekk det dei ville ha. Og danseløvene fekk det dei ynskja – frå sek. 1 til siste slutt.

Bandet opererte med høgt ljodvolum. Og det var også ein medverkande faktor. Nattjazzen i år – trass i publikumssuksess – har hatt eit publikumsproblem å takla. Ikkje det Bergljot Jonsdottir kommenterar i gårsdagens BT – men høglytt skravling. Det merka ein berre eit par gongar i går. Då musikarane spelte soloar. Uhøfleg.

— Skravlebøttene dominerar!
Under soloane høyrde ein at folkehavet nesten overdøvde musikarane. Med ein gong volumet vart guffa opp att – gjekk det an å høyre kva som skjedde. Dårleg gjort overfor dei mange unge som har brukt ei halv formue på billettar. Fordi det er ikkje dei unge som skravlar i Nattjazzhallane. Det er ansatte i sponsorbedriftane som har fått billege billettar. Ansatte som trur dei er på fest.

— Eit stort problem at sponsorane gjev billege eller gratis billettar til ansatte. Ofte er dei eigentleg ikkje så interesserte i musikken, fortel ein av leiarane på USF. – Det er eit dilemma – for Nattjazzen er jo avhengige av stønaden frå sponsorane.

— Seier ein til skravlebøttene at dei skal halda kjeft – svarar dei: “Hadde det ikkje vore for oss, hadde aldri Nattjazzen blitt arrangert.” Så visar det seg at han eller ho sit i skranken på ein filial i Ulstenvik. Utruleg irriterande!

Audmjuk bakmann
Bandet tok seg av kontakten med publikum – med stort overskot. Som ein audmjuk bakmann stod St. Germain i halvmyrkret bak på scenen. Han fordelte brodarleg støy, beat, bass, samples til band og publikum. Den elektroniske bearbeidinga av instrumenta på scenen var veldig gøyal. Særleg fekk mykje av fløyte, saksofon og trompetljoden bein å gå på – elektronisk bearbeida i effektmaskineriet til St. Germain. Dei danseglade dansa til dei tunge rytmane. Jazzfolket stod med stjerner i augo og lytta. 342 stykk stod berre og skravla. Men dei drit ein i.

Det vert ekstrakonsert med St. Germain tysdag 29. mai på Røkeriet kl. 20.00.

Publisert:

Del: