Lin Marie Holvik bagatelliserar meir enn ho stør oss i kampen mot at musikk i barnehagen som konsept vert rasert, skriv Johan Egdetveit.

© Privat

Før jol fekk eg jolehelsing frå Kulturtanken, som tydelegvis har overteke adresselistene frå Rikskonsertane. Så her har det gått saumlaust føre seg. Takk for det. Og takk for svar på mitt innlegg frå desember om musikken som forsvann frå barnehagen.

Direktør i Kulturtanken, Lin Marie Holvik, meinar det er feil at eg “skyt” på Kulturtanken. Då kjem eg i hug den gamle skysskaren på Voss som køyrde presten, og då det var snakk om betaling sa presten at han skulle då visseleg få si løn i himmelen. “Ja”, sa skysskaren. “Men du som kjenner han betre enn meg, kunne gjerne leggja ut for han så lengje?

Les også: Kultur til dei minste

Eg veit jo ikkje kven som står bak vedtaket om å avvikla ordninga med musikk i barnehagen, men det kan gjerne Holvik hjelpa meg med!

Johan Egdetveit Foto: Momir Novakovic / NordLight Studios

Eg vil då gjerne ha svar på to ting:

1.Kven har ansvaret om vedtaket om å avvikla ordninga med musikk i barnehagen?
2. Kva er grunngjevinga for dette vedtaket?

Eg opplever at Kulturtanken bagatelliserer situasjonen i sitt tilsvar. At Holvik er like vonbroten som eg over at musikk i barnehagen er avvikla og difor skal halda ein konferanse er ugreit.

Eg undrar meg på om Siv Jensen hadde hatt mot til å besøkja til dømes Rosenberg verft i Stavanger etter krise og massepermiteringar og seia at ho deler dei oppsagde si bekymring, og vil difor halda ein konferanse til neste år?

Les også: Og me døyr så stille at me trur me lever

No er jo dette sjølvsagt ikkje storleikar som utan vidare kan samanliknast, men prinsippet er det same. Kor mange musikk-årsverk som går tapt etter opprettinga av Kulturtanken har eg ikkje oversikt over, men det har sikkert Holvik? Her er jo barnehagen sjølvsagt ein liten del, samanlikna med skulekonsertane. Eg er sjølvsagt klar over at det ikkje er dykkar plikt å sysselsetja musikarar, men ein bør gjerne allikevel kjenna eit lite ansvar for dei trufaste kunstnarane som har lagt ned ein stor innsats med å tilby dei tenestene og den kompetansen som Rikskonsertane i dei siste 50 år har etterspurt?

Men hovudproblemet ligg jo allikevel i at tusenvis av born ikkje lenger får ei oppleving med levande musikk i sine fyrste leveår.

Foto: Privat

Musikk i barnehagen var ei velfungerande, rimeleg og særs verdsett ordning. Som ambassadørar for Rikskonsertane fekk me dagleg tilbakemelding frå barnehagane om kor stor pris dei sette på besøk av oss, og kor nøgde dei var med kvaliteten på det dei fekk. Før betalte staten 50 % og fylket og kommunen resten. Den statlege delen fell no bort for dei som vel å halda fram.

Her ville eg jo gjerne at Kulturtanken sto saman med oss, som Holvik ynskjer, slik at me fekk inn att finansiering og tok vare på kompetanse og produksjonsmiljø.

Så når du i ditt svar, Holvik, seier at du vil stå saman med meg, vonar eg at du meiner at me saman skal be den mye kulturministeren om å få att dei ynkelege få millionane det har kosta å oppretthalda eit fast konserttilbod til barnehagane og eit kompetent produksjonsmiljø som ikkje den enkelte kommune har, men som Rikskonsertane har bygd opp gjennom mange år. Du får ikkje så mange konferansar for dei same pengane.

FØLG DEBATTEN: @BalladeNO på Twitter og BalladeNO på Facebook

Når Holvik vidare bagatelliserar dette med å seia at ikkje alle fylker var med i ordninga (12 av 19, altså 2/3), og greier å finna eit fylke og ein by som allikevel held fram, så er det ingen veg utanom at musikk i barnehagen som konsept er rasert. Og draumen om eit meir tverrfagleg kunstuttrykk er vel og bra, men det burde gjerne vore i tillegg til, og ikkje i staden for?

Det er sjølvsagt ubehageleg for kulturtanken å ta ansvar for dei årsverka i musikk som er vekke, over at ansienniteten til oss som har lagt ned ein stor innsats er fjerna, og at eit heilt produksjonsmiljø vert rasert.

I staden snakkar ein om eit større, betre og meir mangfaldig kulturuttrykk. Og unngår å seia det rett ut:

“Me tykkjer det har vore alt for mykje musikk i skule og barnehage.”

Publisert:

Del: