Miljøpolitiske fakta bevegar ikkje menneske, men musikk gjer. Under årets Sørveiv i Kristiansand fekk vi eit innblikk i korleis musikkindustrien kan bruke si samlande kraft til å bidra i klimakampen.

Fra Into The Great Wide Open, Romain Tardy, Foto- Marleen Annem

På Teaterets Biscene er atmosfæren varm og innbydande. Stolane står plasserte i ein halvsirkel rundt korallfarga tepper, grøne planter og lilla lyng. Klokka har akkurat passert 10:00, og lukta av fersk kaffi fyller rommet i same andedrag som straumen av konferansedeltakarar. Ei slags kjensle av altruisme ligg over deltakarane, i det dagen er i ferd med å opne seg.

Årets Sørveiv Summit blir innleia med heile to timar miljøpolitikk – noko som i seg sjølv er imponerande. Valet av fredagens keynote Chiara Badiali, frå velgjerdsorganisasjonen Julies Bicycle, er ei sterk melding om engasjement frå arrangørane av Sørveiv.

I sin presentasjon, 12 Years and Counting, opna ho med spørsmålet: Kva kan vi fortelje folk på noverande tidspunkt for at dei skal handle? Og ikkje berre handle, men føle at det er viktig å handle, og vidare, at det er ei hensikt bak handlinga?

Klimamigrasjon
Vi er alle kjende med den harde kampen vi står ovanfor, og i oktober i år kom beskjeden: Verdas utslepp må redusertast med 45 prosent innan 2030. I 2015 jubla politikarane over endeleg å ha etablert ein skriftleg avtale, og i 2016 trødde denne i kraft. Jamfør FN-sambandet er nokre av hovudpunkta i avtalen at alle land har forpliktingar og at vi skal halde den globale oppvarminga under to grader, men helst avgrense denne til 1,5 grader samanlikna med før-industrielt nivå.

Parisavtalen fastsette også eit globalt mål om å styrke tilpassingskapasiteten og klimarobustheita, samt å redusere sårbarheita for klimaendringar. I dette ligg det også eit medrekna løfte om å ta imot klimamigrantar, noko Badiali presenterte som eit problematisk aspekt i klimadebatten. Ho peiker på ein aukande popularitet hjå høgrevingsparti generelt i verda, og framandfrykt er delaktig i dette. Utan at eg skal gå for djupt inn i partipolitiske program, er det ofte slik at ein ved å velje blått, også vel vekk grønt. Eit paradoksalt følge av ei negativ innstilling til immigrasjon blir dermed ein svekka klimapolitikk som, på sikt, vil leie til fleire immigrantar.

Chiara Badiali

I presentasjonen viste Badiali også til WWFs nye rapport om naturens tilstand, der ein no kan lese at vi sidan 1970 har utsletta over 60 prosent av verdas dyreliv. Det syntetiske materialet vi kjenner så godt er dessutan blitt lokalisert i Arktis og andre ubudde områder, og har såleis infiltrert sjølve ressursgrunnlaget for vår eksistens. Dette er dei triste fakta vi har å stille oss til, og likevel verkar det ikkje å vera nok for å vekke oss. Enno, held vi rådlaust fram med å legge jorda aude.

Nylaging av ein grønare musikkindustri
Det er vanskeleg å seie korleis ei komplett endring av samfunnsstrukturen vil sjå ut, men det er det som må til for at vi skal kunne opprette balanse. Vi står ovanfor eit kulturelt val for korleis vi ynskjer at framtida skal sjå ut, og spørsmålet blir då kva val musikkindustrien vil ta?

Her peiker Chiara Badiali på fleire konkrete område, som produksjonen av CDar, merchandise og promoteringsmateriale. Bransjens innverknad kan også ligge i valet av fornybar energi i drifta av kontor og spelestader, og i transporteringa av gjester og artistar til konsertar og festivalar. Vidare, kan ein sjå på all mat og drikke som blir konsumert på musikalske hendingar, samt det generelle energiforbruket i industrien.

Badiali påpeiker at det meste av dette er ting musikkfeltet kan gjera noko med sjølve, men at noko også avhenger av kva som skjer på regjeringsnivå.

Les også: Hvordan kan kreativ næring generelt og kultursektoren spesielt bidra mer i det grønne (ord)skiftet vi står midt oppe i?

Det er ikkje kulturlivet som tek vala om kva slags kollektive transportmiddel og infrastrukturelle aspekt det blir investert i. Men musikkbransjen bør vera til stades i romma der vala blir tatt. For det har innverknad på korleis musikkindustrien utviklar seg, og på kva moglegheiter som vil ligge der framover.

Ho aksentuerte: Miljøpolitiske fakta bevegar ikkje menneske, men musikk gjer.

Så kanskje, føreslår ho, kan musikkindustrien bygge ei bru mellom fakta og ei betre framtid. Kanskje kan vi, som representantar av bransjen, bygge ein industri som formar den framtida vi vil ha, og som tek alle publikummarane våre med seg dit.

Festivalens økologiske fotavtrykk
Som ein høgst kreativ og oppfinnsam industri har musikkbransjen krafta til å endre – og fleire tek denne i bruk.

Badiali trekk fram Shambala Festival i Storbritannia som ein viktig aktør på feltet, då dei så tidleg som i 2014 kvitta seg med alle plastflasker og -glas. No sit dei i føringa av ein bevegelse innan britisk festivalindustri, som skal eliminere all eingongsplast innan 2021. Svenske Way Out West er også eit prakteksemplar på ei implementert miljøbevisstheit, då festivalen sidan 2012 har vore kjøttfri og med redusert bruk av meieriprodukt.

Tidlegare i år nådde Øyafestivalen toppen av lista til non-profit organisasjonen A Greener Festival Award, som kårar kva festivalar som er best på berekraft og miljø. Vurderinga skjedde på grunnlag av 11 hovudområde – mellom anna transport, avfall, energi og vassforbruk. Også den nyetablerte Stokkøyafestivalen på Trøndelagskysten utmerka seg tidlegare i år, etter å ha servert all mat med fat og bestikk av kveitekli, som kan komposterast, og til og med etast. Målet deira er å redusere bruken av forbruksplast med heile 75 prosent. Eit siste døme på ein festival med eit redusert økologisk fotavtrykk er Into The Great Wide Open (ITGWO) – ein forgjengar på området berekraftige nyvinningar, representert ved Tijl Couzij under årets Sørveiv. Med eit fokus på dei fem R-ane refuse, reduce, reuse, recycle og rot, fører festivalen ein null svinn-filosofi.

Sørveivs miljøpanel Foto: Vilde Skjerdal

Into The Great Wide Open
Etter Chiara Badialis presentasjon, og etter ein paneldiskusjon beståande av moderator Andy Inglis, Linnéa E. Svensson frå Greener Events, Badiali sjølv og nemnde Couzij frå Lab Vlieland og ITGWO, gjekk økta over i ein såkalla soapbox-presentasjon heldt av sistnemnde. Med ei innovativ vinkling har ikkje festivalen berre fokus på klima og energi, men omformar også livssyklusen og heile den miljøansvarlege kulturen på den vestfrisiske øya i Nederland.

Festivalens produsentar er pionerar, og på arbeidsplassen sin, Lab Vlieland, er det inngått samarbeid med selskap som Tesla og Google. Dette er ein arbeidsplass for fornying og fantasi, og festivalen fungerer som ein katalysator for sirkulære overgangar (circular transitions). Her handlar det om eigenproduksjon av all den energien som trengs for å drive festivalen. Ved hjelp av vasskraft, vindkraft og solenergi, verkar ITGWO å ha skapt sitt eige vesle økosystem med eigenprodusert straum, øl og mat. Avfall eksisterer ikkje i ei sirkulær verd, og alt som nyttast er derfor råmateriale som kan komposterast eller resirkulerast.

Gjennom ei undersøking av CO2-utslepp knytt til festivalen, fann dei at 60 prosent av desse stamma frå transport. Under presentasjonen kunne Tijl Couzij fortelje at dei, for å avgrense utsleppa, derfor har gjort 90 prosent av festivalens kjøretøy fossilfrie med andre generasjons biodrivstoff eller elektrisk energi. Dette omfattar cateringfirma, leverandørar, transport- og byggevogner. Fleire av gjestane nytta likevel personbilar til og frå festivalen, og ei spørjeundersøking avdekka at dette botna i eit stressfylt forhold til frakt av bagasje. Festivalen inngjekk derfor eit samarbeid med PostNL, som transporterer bagasje direkte frå døra til campen. Vidare, har dei satt opp fire ulike reiseruter frå fem ulike byar, med ei følgjande oversikt over alternativas kostnader og CO2-utslepp. Ettersom at festivalen finn stad på ei øy, tilbyr dei også passasjerane plassar på seglbåten som legg frå kai ei veke før festivalstart.

Tijl Couzij

Å bryte stilla
Tilbake på Sørveiv Summit vert Chiara Badiali og Tijl Couzij applaudert for sine engasjerande presentasjonar. Den skremmande uhandgripelege tematikken har blitt ramma inn, og konkrete verktøy er framlagt.

Badiali avsluttar, i sin presentasjon, med fire konkrete punkt for individuell endring:

– Lag ei liste over måtane ditt virke påverkar miljøet.
– Bli bevisst på kva punkt som gjer mest skade.
– Vel ut eit punkt du skal forbetre i løpet av dagen.
– Bryt stilla. Engasjer andre i endringane du føretek deg: Snakk om det, skriv om det.

Klokka passerer 12:00, og enno ligg denne særeigne kjensla av altruisme i rommet. Kanskje er det nettopp denne som vil vera avgjerande for kva val som blir fatta i etterdønningane av Sørveiv. Ei usjølvisk haldning med blikk for framtida.

Kjelder:
FN-sambandet: https://www.fn.no/Om-FN/Avtaler/Miljoe-og-klima/Parisavtalen
ITGWO: https://intothegreatwideopen.nl
Julie’s Bicycle: https://www.juliesbicycle.com
Sørveiv: https://www.sorveiv.no
WWFs Living Planet Report: https://www.wwf.no/dyr-og-natur/living-planet-report

Publisert:

Del: