I ordvekslinga etter åtaket i Paris var det merkeleg stille frå aktørar i norsk musikkliv. Men alle aspekt av debatten angår oss i svært stor grad, skriv Olav Opsvik.

Med vinterens åtak mot Charlie Hebdo og Lars Vilks er ytringsfridom igjen brennaktuelt. I nettopp ein slik debatt, der tema som både ytringsfridom, fred og toleranse mellom ulike kulturar innad i eit storsamfunn står på plakaten, burde alle kunstnarar kjenne si besøkelsestid og vise si støtte for dei undertrykte. Kvifor har ikkje norske musikarar vore meir på bana?

Music Freedom Day
Den 3. mars er ‘’Music Freedom Day’’, ei årleg, internasjonal markering sidan 2007 etter initiativ frå organisasjonen Freemuse, til støtte for musikarar som blir forfulgte og hindra frå å utøve sin musikk. I Noreg blir det markert med konferanse i Harstad, som blei verdens første by til å erklere seg som friby for musikk.

Desember 2014 tok dei i mot musikaren Abazar Hamid frå Sudan, som måtte flykte frå heimlandet sitt på grunn av sin fredsaktivisme som han utførte nettopp gjennom musikalsk aktivitet.

På Freemuse.org kan ein lese om ei rekkje andre liknande skjebnar. Dette i seg sjølv burde vere grunn nok for norske musikarar til å vise solidaritet med undertrykte kollegaer verden over.

Kven er offer for sensur?
Slik stoda er for norske musikarar i dag, er det kanskje ikkje så naturleg å relatere til franske eller danske karikaturteiknarar. Men også musikken folk flest i vårt hjørne av planeten lyttar til dagleg har ei politisk historie bak seg.

Populærmusikken har alltid vore ein sentral del av framveksten av det liberale, moderne samfunnet, og det er til dømes ikkje så mange tiår sidan «What’d I Say» av Ray Charles blei bannlyst fra mange radiokanalar på grunn av både religiøse og rasepolitiske problem.

Enda nærare i tid har du Tipper Gores Parents Music Resource Center, komiteen bak ‘’Parental Advisory’’-merket, som feirar 30 år i år.

Eit perfekt verkty
Begge døma illustrerer korleis fri musikalsk utfalding har blitt truga i vesten også i nyare tid. Men dei er også døme på korleis musikken kan vere ei drivkraft til å bryte ned kulturelle, religiøse og politiske barrierar.

Musikken er kanskje den mest effektive og effektfulle uttrykksforma vi har. Den rører oss umiddelbart og skapar enorme reaksjonar. Musikken er også eit globalt språk, som i dag kan nå lengre enn nokon gang. Nettopp derfor er den skremmande for dei som har til hensikt å undertrykke andre.

Norske musikarar skuldar alle verdens undertrykte kunstnarar å vise solidaritet og kjempe for ytringsfridom også her, og dei sit på det perfekte verktyet til å gjere nettopp det. Eg vonar konferansen i Harstad kan utløyse meir medvitne rundt dette i heile landet.

Publisert:

Del: