Kan estetikkens forståingsformar nyttast i dagens situasjon, der musikken er prega av eit voksande mangfald av sjangrar, stilar og uttrykk? Dette var problemstillinga for gårsdagens seminar i regi av Musikkinformasjonssenteret på Nasjonalbiblioteket i går. Ståle Wikshåland, Anne Danielsen, Eivind Rossaak og Magnus Andersson heldt innleiiande presentasjonar om sitt syn på emnet.

Anne Danielsen

Av Ida Habbestad

— Virkeligheten henger i språkets tynne tråd, sa direktør i Musikkinformasjonssenteret, Svein Bjørkås innleiingsvis, og stilte som ordstyrar følgjande spørsmål: Har me språk til å snakka om og skriva om musikk? Kan me omtala gamal og ny musikk på den same måten, og kan me med det same språket snakka om musikk frå ulike sjangrar?

Han gav vidare grunn for tanken bak seminaret, og forklarte korleis han opplever at desse spørsmåla er meiningsfulle:

— Gjennom dei siste ti åra har det skjedd ei kulturell endring med tanke på kva ein oppfattar som legitim musikk. Den kulturelle eliten er no oppteken av mange sjangrar og av å kunna sjå det kvalitativt gode innan alle desse ulike sjangrane. Samstundes vert tendensen til samling kryssa av ein annan tendens; musikkfeltet si ålmente er prega av ein radikal subkulturalisering, der vår musikksmak stadig sterkare er knytta til vår identitet, og ein opplever ei differensiering – særleg i kanalane musikken vert formidla gjennom. Dette potensielle motsetnadstilhøvet gjer at spørsmåla me gjer oss i kast med tykkjest vera påtrengjande, sa Bjørkås.

Og med det var det klart for fire ulike innfallsvinklar til emnet.

Det er ikkje umogleg å snakka om musikk!
Ståle Wikshåland, professor i musikkvitskap og kritikar i Dagbladet, var først ut. ”Den filosofiske estetikken og musikkfeltets offentligheter” var tittelen på innlegget, der han innleiingsvis uttrykte si undring til den siste tids problematisering (jfr Anderssons artikkel ”Den kvelende kritikken” i Morgenbladet 13.10) av å snakka om musikk.

— Eg forstår ikkje heilt dette fokuset på at det er særskilt vanskeleg å skriva om musikk, sa han. – Det er mange andre ting det òg er vanskeleg å skriva om; til dømes kjærleik. Eller for den del å skriva om litteratur, så lenge ein meiner litteraturen ikkje berre består av ord. Dette er skrivarens problem i eksistensiell forstand: Språket er til einkvar tid større enn sine brukarar, sa Wikshåland.

Wikshåland tok utgangspunkt i E. T. A. Hoffmann, som gjennom sine kritikkar – mellom anna av Beethoven – var særs sentral i det idehistoriske skiftet mellom klassisisme og romantikken – som neppe kunne ha blitt det den var utan Hoffmann sine bidrag. Gjennom dette skildra han framveksten av musikktidskrifta i den borgarlege ålmenta, som brakte med seg nye skrivemåtar og erfaringsmodi. På denne tida oppsto ideen om det autonome verkomgrepet, og det er langt på veg desse estetiske tankane som ligg bak korleis ein forheld seg til det klassiske musikkfeltet i dag.

— Med sine kritikkar er Hoffman i høgste grad eit døme på at det slett ikkje er umogleg korkje å snakka eller skriva om musikk, uttalte Wikshåland.

Kva seier ein om funk?
Tittelen på det neste innlegget var ”Trøkk & feel – om språk og estetikk i rytmiske musikksjangre”. Anne Danielsen er forskar ved Universitetet i Oslo, og har skrive si doktorgradsavhandling om måtar ein kan forstå og forhalda seg til funk. I gårsdagens innlegg påpeikte ho vanskar ved å uttala seg om til dømes funk og andre uttrykk innan populærmusikkfeltet. Innleiingsvis viste ho til utfordringane i språkmøtet mellom populærmusikkverda og akademia. For ord henta frå den eine diskursen vert ikkje nødvendigvis motteke på same måten i den andre.

— Til dømes gjev kanskje ord som ”trøkk” og ”feel” andre assosiasjonar i popverda enn i akademia, påpeikte ho. – Ein snakkar om musikk på sine måter, og det er ikkja alltid så enkelt å omsetja mellom dei.

I tillegg til utfordringane knytta til omsetjing, vert ein i populærmusikkverda òg konfrontert med ei anna utfordring; nemlig å finna eit grunnleggjande språk for å snakka om musikken:

— Korleis seier ein noko om musikk som ikkje har meining; som kanskje heller ikkje er nyskapande, men som ein likevel anser for å vera viktig? spurte Danielsen.

Til denne ytringa nytta ho Michael Jackson som døme. Samanlikna med t.d. Bob Dylan eller Prince er det skrive særs lite om Michael Jackson sin musikk, nettopp av di det er så vanskeleg å formulera kva som gjer at hans musikk er bra. Danielsen påpeikte at det kvalitetsmessige kanskje ligg i konteksten låta er laga for, i dette tilfellet dansegolvet. Følinga med dei intrikate rytmiske elementa som er så godt eigna til å setja kroppen i rørsle må vera noko av årsaka til Jacksons suksess, meinte Danielsen.

— Og kva seier ein så om funk? Ingenting, anna enn at det svingar! Ein kan seia noko om korleis den er bygd opp, men kva betyr den for konteksten den er skrive for? Kva er musikken når ein er i den, når den skjer?

I mangel av språk kan det vera verdifullt å venda seg til den estetiske filosofien, konkluderte Danielsen – men understreka atter at ein ikkje kjem fri frå den stendige utfordringa med å skulle omsetja også dette språket til bruk for musikken ein ynskjer å få sagt noko om.

Musikk som biopolitikk
Eivind Røssaak er førsteamanuensis i litteraturvitenskap ved Høgskolen i Telemark, men har for tida eit stipendiat ved Universitetet i Oslo der han skriv ei avhandling om levande bilders estetikk.

I kraft av at han ikkje direkte arbeider med musikkvitskap, vart Røssaak ein representant ”utanfrå” og hadde eit tydlegare sideblikk enn dei andre innleiiarane.

Røssaak snakka om skiljet mellom kunst og liv, om musikken som identitetsskapar og som noko funksjonelt, uavhengig av vår vurdering av godt/dårleg; nettopp i kraft av å vera ein påverknad for vår identitet og sjølvforståing.

Han skisserte vidare korleis Michel Foucault lanserte omgrepet biopolitikk, der han fortel om eit nytt fokus i den politiske historia.

— Dei første hersketeknikkane var knytta til korporleg avstraffing, sa Røssaak, – medan det no handlar om livet; korleis ein organiserar det; kvar skal folk bu, kor gamle skal dei bli, kor lenge skal dei gå på skule osb. Styringa av sjølvet vert dermed sentralt – og det er der musikken kjem inn!

Røssaak formidla korleis Deleuze utvikla dette synet på musikk, mellom anna gjennom si bok ”Mille Plateaux” frå 1980. Det betydningsfulle når det gjeld musikk vert med dette målt etter kor stort livsgrunnlag som ligg i det enkelte uttrykket.

— Ein går frå negasjon til affirmasjon, frå verk til vekst, frå autonomi til territorie – eller frå kunst til liv, sa Røssaak.

Ut frå eit slikt syn må ein tenkja – og uttala seg – annleis om musikken. Til dømes opererer ein ikkje med eit verkomgrep eller nokon tanke om verkets autonomi (ein stiller til og med spørsmål ved grensene for kvar musikken byrjar og sluttar), og ein meiner heller at det finst territorie som musikk inntar og veks i.

Å peika mot musikken
— Kritikarane har tradisjonelt to typar språk, sa doktorgradsstipendiat og kritikar i Morgenbladet Magnus Andersson. – Det er den strukturelle analysen, som er objektiv og handfast, men som saknar forholdet til røynsla. Og det er å snakka om musikk i bilete, metaforar. Problemet med dette er at ein risikerer, ikkje berre å verta personleg, men òg privat; at ein snakkar om sine eigne kjensler framfor å snakka om musikken.

Med utgangspunkt i trua på at det er mogleg å ha felles røynsler om musikk, skildra Andersson i sitt innlegg korleis han meiner ein bør forsøka å uttala seg om musikk. Han nytta musikarane sin typiske samtale som døme, der ein med bakgrunn i ei musikkoppleving gestikulerar, demonstrerar og gjer seg forståtte – utan å klara å formulera seg anna enn på ei stotrande måte.

— Dette ville utgjort ein elendig kritikk i avisene, i og med at det ikkje er artikulert i språket. – Men ein peikar soleis mot musikken, sa Andersson, og spurte, – Kan ein på same måte peika mot musikken i ein skriftleg kritikk?

For å forklara sin innfallsvinkel til å skriva kritikkar, viste Andersson til Frank Sibley som meiner me har to typar termar i samtalen om kunst. Den eine er dei ikkje-estetiske termane, som ’C-durakkord’, ’polyfon sats’ osb., som alle med det same kunnskapsgrunnlaget kan vera samde i at var tilstade. Den andre er dei estetiske termane, som ’vakkert’, ’medrivande’ osb, som ein ikkje i same grad kan vera samde om.

— Kritikarane legg ofte fram ein ikkje-estetisk term for å prova ein estetisk term. Men problemet der er jo at ein aldri vil få noko endelig prov! Eg meiner likevel ikkje at ein skal gje seg med det; ein skal framleis forsøka å knytta dei to termane saman i uttalelsen om musikk – men med ein tydelighet i sin estetiske stillingstaken, sa Andersson.

Anderssons konklusjon var at det kanskje ikkje er ynskjeleg å uttrykkja seg om dei ulike sjangrane med det same språket. Freistar ein seia noko om Brahms med populærmusikkens termar vil det truleg framstå som særs tamt – og det same ville skje dersom ein uttaler seg om populærmusikk med termar frå den klassiske verda, meinte han.

Kva står ein så att med?
I slike type seminarar eller debattar finn ein sjølvsagt ikkje fram til svar – og det er heller ikkje meininga.

Likevel kunne ein kanskje finna det mest tydelege svaret i Anderssons konklusjon – som ikkje seier at det er umogleg, men at det kanskje ikkje er ynskjeleg å nytta det same språket til å snakka om ulike sjangrar. Også Danielsen var inne på desse tinga, då ho tydeleggjorde dei utfordringane det jo medfører å skulle omsetja termar, til dømes mellom populærmusikkfeltet og akademia.

Dette er det for så vidt enkelt å vera samd i – men spørsmålet, som også var utgangspunkt for seminaret – om korleis ein så uttaler seg om den sjangeroverskridande musikken, vert ståande. På kva premiss skal ein forhalda seg til musikk som ikkje tilhøyrer korkje det klassiske eller det populærmusikalske feltet, men rører seg ein stad midt i mellom?

Kanskje er svaret at ein bør finna fram til ein heilt eigen terminologi for å uttrykkja seg om denne typen musikk – men kva språk skal ein i så fall ta i bruk til det?

Ein annan interessant diskusjon som kanskje i større grad kunne ha utspelt seg i debatten mellom innleiarane, fanst i skilnaden mellom Anderssons og Rossaaks musikksyn. Andersson forklarte at han i einkvar kritikk forheld seg til eit verkomgrep, medan Rossaak ikkje meiner det er naudsynt. Det hadde vore interessant å høyra meir om Rossaaks perspektiv – ikkje berre at ein må tenkja annleis om musikken – men korleis han ser for seg at ein snakkar om musikken. Korleis ville ei melding av høvesvis klassisk og populærmusikk sjå ut frå Rossaaks innfallsvinkel?

Særleg vert desse tankane interessante når ein vil uttala seg om samtidsmusikk, der verkomgrepet ikkje lenger er ei uomtvisteleg sanning – men under stadig utforsking.

Publisert:

Del: