Ballade fortsetter her vårt fokus på Festspillene i Bergen med tilhørende herligheter. Vår utsendte medarbeider Nicholas H. Møllerhaug opplevde i går intet ringere enn å møte seg selv på scenen. Og likte det dessuten riktig så godt. Anledningen var et møte med artistgruppen Comediantes. “Sirkus med ikkje-sirkus-musikk og raffinert rørslekunst”, melder vår mann entusiastisk.

Comediantes

Av Nicholas H. Møllerhaug, Bergen

Igår gjekk eg inn i ein diger konsertsal og såg meg sjølv på scenen. Nei, ikkje noko utanforkroppenoppleving. Eg berre såg meg sjølv der framme og samstundes sat eg nedi salen. Det var rart – og mange hundre born syntes det same – det ropte dei ut undervegs. Å møte seg sjølv på scene er nesten betre enn å møte seg sjølv i døra. Slik var det igår – då satte det herlege ensemblet ‘Comediants’ festspillene på hovudet. Ei merkverdig sirkusoppleving heilt utan sagmugg. Vakkert elektronisk lydbilete gjev eit fint omriss.

Far med Barbermaskina
Ei av dei kjekkaste mørkescenene eg har sett – opninga til forestillinga. Då sceneteppet gjekk for i den mørke Grieghallen ser me noko som liknar eit høgt hus – i myrkret. Fire etasjar med levande mennesker i. Eit digert stillast med lerret foran – lerret med hol i. Lys går på og av – det er morgon og vekkerklokker kimer. I løpet av ein kort opningsscene får me innblikk i ulike private verdener. Borna frydhyler i den stappfulle Grieghallen. Alle kan nemleg sjå mamma med hårtørkaren eller far med barbermaskina etc i vindaugsopningane. Det kan eg også. Og ikkje minst sjå meg sjølv.

— Mor, det ær jo dæi! Ropar ein liten pjokk rett bak meg. Ei dame som spis musli, les i avisa og ser på TV samstundes dukkar opp.

Alt er karikert i stilen og ikkje berre det: det er silhuettane me får sjå. Silhuettar av kjempedigre hårfønarane er hysterisk morosame. Antalet menneskesilhuettar i dei ulike vindaugo er vanskeleg å halde styr på. Etterkvart ser ein at fire musikarar også bur i huset. Dei byrjar å spele – og går ut or silhuettverda og ut på scenen. Forestillinga er igong. Musikarane er fire klovnar. Ein reknar med at det heile er klassisk klovneri på høgt nivå – og det er det. Men langt frå berre det.

Mona Lisa på jakkeermet
Klovnane pøsar ut hysteriske mimikkar og rørsler. Klovneleiaren går ikring med diger frakk laga av tekstilreproduksjonar av kjende måleri M.a. har han ‘Mona Lisa’ på jakkeermet. Idet dei går ikring med elgitar, trommer, saxofon dukkar det andre elementet i forestillinga opp. Eit tjuemanns ensemble med kinsesiske akrobatar. Dei går i klede med mønster som varierar over Mirò sine legendariske mønster. Fiks idè: å bruke kunsthistorien i kostyma.

Anna plan enn Merano
I samspel med europeisk klovneri opplever me eit unikt og herleg overskot. Alt er dessutan fyld med god levande musikk. På eit heilt anna plan enn Sirkus Merano. Heilt utan stinkande elefantskit og sagmugg. Denne sagmugg/elefantmøkkgarantien er festspillene i Bergen ekspert på å halde. Dei har dei siste åra fått mange flotte sirkus nordover. Sirkus med ikkje-sirkus-musikk og raffinert rørslekunst.

Publisert:

Del: