Gloppen Musikkfest er ein av dei yngre kammermusikkfestivalane i landet, med oppstart i 2003. Torsdag går startskotet for årets festival, som byr på innslag av utøvarar og artistar som Sveinung Bjelland (piano), Isa Gericke (sopran), Jan Erik Vold (forfattar), Farmers Market og Mari Silje Samuelsen (fiolin). – “Dette er vel den einaste festivalen i Sogn og Fjordane som har denne typen profil”, seier festivalsjef Are Frode Søholt til Ballade. – “Me har eit veldig rikt musikliv her, med disktriksmusikarar og musikklinje. Men det som kanskje har mangla er tilbodet ein får i byane med presentasjon av det beste vi har i landet. Så det er målet; å presentera det beste me kan finna for barn og vaksne i ulike sjangarar”. Tema for årets musikkfest er Mozart, blues og balkanboogie.

Mari Silje Samuelsen

Av Ida Habbestad

Av dei mange festivalane som veks fram kring i landet, har også Sogn og Fjordane sin kammermusikkfestival – på Gloppen i Sandane.

— Gloppen Musikkfest byrja for 4 år sidan som ein dugnad mellom meg og nokre vener som var heime på ferie, fortel festivalsjef Are Frode Søholt til Ballade. – Det gjekk så bra at me bestemte oss for å halda fram, og i løpet av desse åra har me bygd opp både kvaliteten, storleiken og dei ulike tilboda.

Søholt er initiativtakar til festivalen, og har vore leiar sidan oppstarten i 2003. Sjølv om musikkfesten har rom for mange typar uttrykk og sjangrar, understrekar Søholt at det unike ved festivalen er tilbodet som vert gjeve til dei kammermusikkinteresserte i regionen:

— Dette er vel den einaste festivalen i Sogn og Fjordane som har denne typen profil. I fylket har du mange festivalar og tilbod, innan rock, pop og country, i tillegg til nokre klassiske arenaer som blant anna Vestlandsk Sommar-Symfoni og Opera Nordfjord på Eid, men det er ingen andre som har det same fokuset på kammermusikk. Me har eit veldig rikt musikliv her, med disktriksmusikarar og musikklinje. Men det som kanskje har mangla er tilbodet ein får i byane med presentasjon av det beste vi har i landet. Så det er målet; å presentera det beste me kan finna for barn og vaksne i ulike sjangarar, seier Søholt.

    Festivalen har etterkvart vorte ein viktig medspelar i kulturlivet i regionen. Byggjinga av eit nytt kulturhus i Gloppen kommune er under planleggjing, og festivalen har vore med på å gje råd til utforminga av konsertsalen osb. Når kulturhuset vert ferdigstilt i 2008., vil Gloppen Musikkfest vera ein viktig fagleg base for å fylla kulturhuset med konsertar, utstillingar og forestillingar på høgt nivå.

    Og dei gjer val som er framsynte, til dømes ved å engasjera INTRO-finalistane Kristian Lindberg (piano) og Berit Norbakken Solset (sopran), som begge vart vinnarar av konkurransen – før resultatet vart klart i Bergen.

    Mozartfeiring
    Årets program i Gloppen har tre hovudfokus: Mozart, blues og balkanboogie.

    Det første fokus er neppe noka overrasking – idet feiringa av Mozart har prega programmet til langt dei fleste klassiske musikkfestivalane dette året. I Gloppen står Mozart på programmet under opnings- og avslutningskonserten, med presentasjon av.eit variert utval av verka hans, mellom andre ”Divertimento i F-dur”, utdrag frå ”Tryllefløyten”, ”Klaverkonsert nr 27 i B-dur” (Mozart sin siste pianokonsert), ”Fløytekvartett i D-dur KV 285”, og ”Klarinettkonsert i A-dur”.

    Gjennom festivalens åtte konsertar framførast òg ei rekkje andre verk – som i hovudsak er basert på utøvaranes eigne ynskje. Songarane Thorbjørn Gulbrandsøy, Isa Gericke, Håkon Matti Skrede og Astrid Thorstensen kjem, det same gjer Arvid Anthun (trompet), Sveinung Bjelland (piano), Andreas Sundén (klarinett), Gro Sandvik (fløyte), samt eit festivalorkester med Lars Erik ter Jung i spissen.

    Unge musikarar
    Tidlegare nemnde INTRO-musikarar Berit Norbakken Solset (sopran) og Kristian Lindberg (piano) deltek òg, mellom anna kan dei høyrast i ei framføring av Haydns ”Fidelity” under opningskonserten 3. august. 4. august framfører Lindberg Griegs ”Ballade i g-moll” Schuberts ”Fantasi i F-moll”:

    Ein annan ung fiolinist som medverkar på musikkfesten er Mari Silje Samuelsen (20). Samuelsen byrja som elev hjå Arve Tellefsen då ho var fire år gamal, og studerer no ved Barratt Due Musikkinstitutt, samstundes som ho tek timar hjå musikkprofessor Zakhar Bron i Köln. Samuelsen vil vera solist på “Dei fire årstidene” av Vivaldi, under avslutningskonserten 6. august.

    Blues og andre fargar
    Gloppen Musikkfest har òg ein tradisjon for å ha med ein forfattar under festivalen. Dette året kjem Jan Erik Vold, som saman med bluesgitaristen Kåre Virud, framfører “Blues på norsk”.

    Med dette som utgangspunkt er blues årets andre hovudfokus, og kompletterast med årets familieforestilling 5. august. I ei omtalen av denne forestillinga skrivast fylgjande: ””Små sanger mest i det blå” er ikkje ei tradisjonell historie presentert i konsertform. Her er fargar og det meste av det ein kan assosiere med den underliggande raude tråden – kjensler, lydar, årstider, ting, rom og bilete. Ut av dette skapar musikarane og borna saman ein leik med språk og lyd”. Forestilinga har tekstar av Torgeir Rebolledo Pedersen og musikk av Eldbjørg Raknes, og i tilknytning til oppsetjinga har elevar på skulane i Gloppen lete seg inspirera til å laga kunstverk i alle fargar, former og storleikar, som vil visast fram ved konserten.

    Balkanboogie
    Det siste store fokuset på Gloppen Musikkfest er musikk frå Balkan. Farmers Market er inviterte, og speler ved dette høvet musikk frå mellom anna Hybridene, ei øygruppe som ligg mellom Vest- og Aust-Europa. ”Dette musikalske “Atlantis” skjuler ein rekkje stilartar som til dømes: Country & Eastern, Bulgras, Pepsodentisk speed-balkan-boogie og Cujon (ein mystisk stilart skapt av franske desertørar som utvandra til Hybridene på 1700-talet.” skriv festivalen om programmet.

    Fotball
    Avslutningsvis kan nemnast at Gloppen Musikkfest òg har sitt eige fotballag, ”Musicians United”, samansatt av norske og utanlandske elitespelarar – på sine instrument. 5. august arrangerast fotballkamp på Sandane Stadion mellom Musicians United og STIL som er den lokale fotballklubben.

    For fullstendig program, sjå festivalens heimesider.

    Publisert:

    Del: