Svenske Daniel Johansson har samla på TV-opptak heile livet. Takka vere han er tusenvis av sjeldne framføringar gjort tilgjenglege på nettet.

© Skjermdump

Daniel Johansson, betre kjent som Rosa Mannen, er ansvarleg for over 15 000 filmklipp på YouTube. Spesialiteten er TV-klipp av konsertopptredener, og Johansson nyttar all fritid til å rippe desse frå VHS-kassettar som han har teke opp og samla på frå han var 9 år.

Massiv samling
Etter å lenge ha underhaldt internettlesarar med morosame lister og historier, bestemte Johansson seg for å digitalisere VHS-kassettane sine i 2004. Då hadde samlinga vokse seg så stor at han hadde problem med å komme seg inn i leilegheita si.

— Det slo meg at andre kanskje også ville sjå dette, så eg lasta det opp på Pirate Bay, seier Johansson til det svenske magasinet Filter.

Internettlegende
I seinare tid har andre lasta videoane ned frå Pirate Bay og lasta dei opp på YouTube. Her har den korte Rosa Mannen-introduksjonen gjort Daniel Johansson til ei levande internettlegende. Johansson brenn for at folk skal kunne gjenoppleve musikklipp som berre vert viste på TV ein gong, og på fritida trålar han loppemarknader i leitinga etter nye skattar.

— Eg får både eit kick og ein bekreftelse av å rippe, så det blir vanskelig å stoppe. Det er keisamt å vite at mange TV-framførelsar vil gå tapt når eg sluttar med dette. Det er ein hinsides tanke at alt skal gå til spille.

Favoritt
I videoen nedanfor ser ein Kjell Höglund framføre låten ”Jag hör hur dom ligger med varandra i våningen ovanför” på SVT. Dette klippet trekk Johansson fram som eit av sine personlege favorittar, og i byrjinga kan ein også sjå “Rosa Mannen”-plakaten.

Publisert:

Del: