PLATEMELDING: – Den musikalske oppbyggjinga er nært tilknytt handlinga, og finn seg dermed mykje mellom melankoli og surrealisme. Samstundes finn uttrykket seg i ei noko ubestemmeleg dragning mellom folketonen, kunstmusikken, jazzen og filmusikkens verd. Innfallsvinklane tykkjest uendelege, mener Ballades platemeldar om Village Variations.

Moscow Art Trio Village Variations_omslag

Av Ida Habbestad

Etter å ha høyrt den modale, sørgmodige innleiing på plata ”Village Variations” er det enkelt å gå med på at Misha Alperin sitt verk er knytt opp mot ei handling.

Sergey Starostin si såre klarinettone kjenst i førstinga nær lyden av Sigmund Groven sitt munnspel; desse tonane som ofte er knytt til skildringa av det naturnære. Kanskje aller mest karakteristisk som bakteppe for solnedgangsbilete mot slutten av ein kveld på NRK?

Akkompangert heilt enkelt av strykarane i Det Norske Kammerorkester banar Starostin veg, frå det innleiingsvise såre mot eit meir livleg uttrykk. Snart melder resten av trioen seg på, med standhaftig repetetivt materiale, meir leikne dialogar og festlege påfunn.

Tenkt ballett

”Village Variations” er skriven som ein tenkt ballett i 6 scener. Etter teksten å døma finn me oss i Russland – i eit middelaldersk landsbybrudlaup – der meir eller mindre konkrete hendingar finn stad.

Scentilvisingane risser spennet mellom det sørgmodige og det absurde; som tilvisinga til første sats. Der førebuar gjestane seg på å gå heim frå fest ved tidleg morgon. Svigerfar sit fortapt i melankoli – før han med eitt ser for seg den unge brudens stygge ansikt (!) og vert sint…

Denne litt svarte humor finst representert heile verket gjennom. Ein gløymd gjest går seg vill i den kalde skogen midt på natta – og får sin eigen arie. Satsen ”Introduction and Wine Variations” treng i følgje komponisten ikkje treng noka nærare forklaring.

Og når Alperin i ”Dance of the Yellow Farm” vender attende til innleiinga på brudlaupet er det for å skildra menneska si stive og høflege framtreden. Til alkoholen snart har teke dei og personlegdomen heilt vert endra. Kanskje ikkje så rart at påfølgjande scene, ”Cry”, er basert på gråtetradisjonar ved russisk gravferd?

Mange innfallsvinklar

Den musikalske oppbyggjinga er nært tilknytt handlinga, og finn seg dermed mykje mellom melankoli og surrealisme. Samstundes finn uttrykket seg i ei noko ubestemmeleg dragning mellom folketonen, kunstmusikken, jazzen og filmusikkens verd.

Innfallsvinklane tykkjest uendelege. Her er islett av Stravinskij sitt tonespråk og rytmikk. Her er minimalstiske akkordbyggjingar som sender tanken til Glass og Reich. Ein skugge av Bartok finst under ein plass, samt store jazzpianistar – for å nemna noko.

Bidragsytarane leverer godt gjennom raske skifte. Kammerorkestret som godt kan kle Moscow Art Trio vert kanskje nytta på vel føreseieleg vis der dei akkompangerer og legg grunnstemningar. Men i stort fungerer dette bra – og meir utfordrande oppgåver i trioen er vel ivaretekne. Starostin sine glimrande stemningsskildringar er fulgt av Alperins til tider elleville påfunn; Arkady Shilkloper sitt mangfaldige instrumentarium imponerer òg.

Forlatt idé?

Underleg dermed, at utøvarane ikkje heilt lukkast halda trykket heile vegen gjennom; paradoksalt dermed at mange idear til saman kan verka stilleståande.

For eg saknar tidvis meire handling i verket – trass i at Alperin sjølv gjev uttrykk for eit ynskje om å overlata ting til lyttarens fantasi. Tidvis virkar forløpet for opplagt – fantasien får ikkje alltid kva den kunne trenga for å byggja nytt.

Truleg bunnar dette i idégrunnlaget verket her er tufta på. Musikalsk er mykje fortalt gjennom første sats og sidan går ideane til dels i ring. Likeeins i introduksjonane. Etter den forunderlege beretning for første scene, vert tilvisingane korta grundig ned. Når Alperin i fjerde scene berettar lenger, ser han attende i tid, som om han har byrja på nytt.

Dette vert for meg ein indikasjon på at det kanskje ikkje hende mykje meir den middelalderkvelden – forsterka ved at ”Cry” sin omtale ikkje er noka scenetilvising, men ein personleg kommentar om Alperin sin eigen situasjon då han skreiv satsen. Heller ikkje siste sats har tilvisningar – den grunnleggjande idé tykkjest meir og meir forlatt.

Slik saknast altså ein konsistent utvikling i dette verket – der mykje særprega stemning finst –men der landsby-variasjonane virkar for likt prega og der heilskapen står att som uforløyst.

Moscow Art trio, Det Norske Kammerorkester
Musikk av Mikhail Alperin, tekster av Sergey Starostin

Moscow Art Trio
Misha Alperin
Arkady Shilkloper
Sergey Starostin

Det Norske Kammerorkester
Kunstnerisk leder: Terje Tønnesen
Fiolin I: Terje Tønnesen, Ashild Breie Nyhus, Tor Johan Bøen, Jøm Halbakken, Alyson Read
Fiolin II: Christina Dimbodius, Hans Morten Stensland, Silje Haugan, Camilla Kjøl
Viola: Juliet Jopling, Øyvind Plassen, Havard Rognil
Cello: Kari Ravnan, Ole Erik Ree
Bass: Marius Flatby
Perkusjon: Rob Waring

Publisert:

Del: