PLATEMELDING: Konstantynowicz sitt spel imponerer avdi det er prega av ei slik fintfølande kjensle for stilla og dei minimalistiske vendingane, skriv Ballades meldar om denne innspelinga frå ECM, der Cikada Ensemble, Kringkastingsorkestret og Christian Eggen er medspelarar. – Morton Feldman sitt firesatsige verk er stillfarande og vakkert, og Konstantynowicz framfører dei enkle impulsane med vart skimmer, meiner Ballades meldar.

Morton Feldman_Viola in my life

Av Ida Habbestad

Opptaka er gjort i 2001, men først no er den ute; CD-en på ECM, som er den siste i ei heil rekkje utgjevingar Cikada har gjort for plateselskapet.

Sist var det ”In due tempi”, med verk av Saariaho, Cage og Maderna. Den kom i 2005, då ensemblet mottok Nordisk Råds Musikkpris for sin vedvarande innsats for nordisk samtidsmusikk.

Men ensemblet er òg meir internasjonalt retta, og denne gongen har dei amerikansk fokus, i samarbeidet med Kringkastingsorkestret om tolkinga av Feldmans stillfarande univers.

Tidlaust preg

”The Viola of My Life” held same framifrå nivå som dei øvrige CD-ane. Men aller mest er det bratsjisten som skal berømmast her. Marek Konstantynowicz er solist i det firesatsige verket frå 70-talet, og framfører dei enkle impulsane med vart skimmer.

Lite er overlate det tilfeldige. Feldman skreiv verket etter ei lang periode med aleatorikk og grafiske partitur. Ved denne komposisjonen er alle parametra bestemte, men likevel tykkjest bratsjisten tilføra ei eiga varme, ein ekspressivitet som ikkje er sjølvsagt.

For det er stilla som rår. ”Extemely quiet, all attacks at a minimum, with no feeling of a beat”, instruerer Feldman i andre sats, og set med dét overskrifta for storparten av verket, samt mykje av hans øvrige musikk.

Stilla og enkeltimpulsane gjev eit tidlaust preg, som henstiller lyttarane til ei anna form for konsentrasjon. Musikken er ikkje framoverretta, som i mykje av den vestleg tenkte musikken, men flytande, austleg-inspirert; med einast små variasjonar mellom korte fraser, enkeltståande tonar og anslag utan vibrato.

Når Kringkastingsorkestret smyg seg inn mellom cikadene i siste sats, er det så ein berre såvidt registrer den klanglege utvidinga – framført like stillfarande og nennsamt av alle tolkarane. Først etterkvart registrerer ein ein overraskande dynamisk utvikling, som kjenst veldig etter alt det stille.

Fintfølande kjensle

”Men det er ikke så mye bratsj”, innvende Marek Konstantynowicz då eg ville intervjua han om plata. Han meinte musikken ville tala for seg, og hadde ikkje mykje å leggja til ut over det han alt hadde gjeve uttrykk for på plata.

Konstantynowicz har på mange måtar rett i det; det er grunn ikkje mykje av noko som helst på denne plata. Men sjølv om her ikkje er nokon store, virtuose utlandingar, er det andre aspekt som trer fram, og bratsjisten sitt spel imponerer avdi det er prega av ei slik fintfølande kjensle for stilla og dei minimalistiske vendingane, som har sine heilt eigne utfordringar nettopp avdi musikken er lite dynamisk.

Musikk som talar for seg

Men at det er vanskeleg å finna ord, er eg samd i. For å lytta til denne tolkinga inspirerer ikkje først og fremst til musikkhistoriske refleksjonar, til teoretiske utlegningar eller andre omfattande skildringar. Den inspirerer aller mest til å sitja heilt stille, kikka ut av vindauget, og la tankane forsvinna.

Dét er sjeldan kost i den hektiske kvardag. Med sitt sympatisk korte durata er det faktisk ei overkommeleg oppgåve å setja seg ned dei førti minutta plata omfattar; og leggja vekk omverda for ei tid. Kanskje burde den soleis vera følgjesven – både i eins eige og i andres liv.

Morton Feldman – The Viola in My Life I-IV
Selskap: ECM Records

Marek Konstantynowicz – bratsj
Cikada Ensemble (I-III)
Kringkastingsorkesteret (IV)
Christian Eggen, dirigent

Publisert:

Del: