ANMELDELSE: Den første oppsetjinga av Pelléas og Mélisande i Noreg er ei velkomen nytolking, men kunne tolt ein endå større indre nerve.

Fra Den Nye Operas oppsetning av 'Pelléas og Melisande'

Red. anm: Denne framsyninga av “Pelléas og Melisande” er produsert av Muziektheater Transparant, Den Nye Opera, Concertgebouw Brugge og Oxalys Ensemble i samarbeid med Ghent Maeterlinck Year. Den turnerer hausten 2012 til Tromsø, Sandnes, Kristiansand, Halden og Moss.

Debussy sin einaste opera, Pelléas og Mélisande, var særeigen då den kom. Verket er skrive 20 år etter Wagners siste opera, Parsifal, og syner ei ganske anna tilnærming til operaforma enn forgjengaren sine omfattande storverk.

Der Wagner gjerne let seg inspirera av musikalske storformer, var Debussy inspirert av teksten — og det usagte. I motsetnad til Wagner hadde han ikkje noko historisk utgangspunkt, og ingen eigen libretto. Snarare let han eit symbolistisk drama vera startpunkt, og i operaen Pelléas og Mélisande er Maeterlinck sin tekst nytta utan særlege tilpassingar. Dette tette tekstlege tilhøvet synar att i det musikalske. Melodiane er få, songarane arbeider med små motiv, talenære og resiterande. I orkesteret er mange motiv sett saman. Debussy skildrar stemningar, med små leiemotiv, bygd rundt det som vert sagt.

Vill i skogen
Det ytre kan oppsummerast raskt. Kong Golaud går seg vill i skogen. Der finn han Mélisande, tek henne med seg heim og gifter seg med henne. Mélisande er ulukkeleg i det mørke slottet. Ho nærmar seg Goulaud sin bror, Pelléas. Men Goulaud oppdagar etterkvart at tiltrekninga mellom dei er sterk. Han straffar dei – så begge døyr.

Det indre dominerer, og gjev framsyninga framdrift. Mellom dei konkrete haldepunkta – som i hovudsak finn utspel ved byrjing og slutt – er dei indre hendingane mangfaldige. Rekkefølgja kan oppfattast vilkårleg, i form av små tablå.

Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook

Tett og transparent
Nettopp derfor er det mogleg å klippa og stokka om i operaen – og stadig ha gode sjansar for å lukkast. Annelies Van Pary har skapt saumlause overgonger i sin versjon, som altså er den første sceniske oppføring av verket i Noreg. Her er rammetida kutta til kring to timar, og besetninga skriven ned til kammerformat.

Slik vert både det indre og ytre fortetta og effektivisert i ein versjon som fungerer, trass det paradoksale ved at forteljinga si utstrekning nettopp handlar om å skapa spaning gjennom ventetid. Det vesle formatet tillet at me kjem tett på aktørane. Det legg til rettes for noko av det eg likar best ved framsyninga, at den enkelte musikar vert viktig, ikkje som akkompagnatør, men som heilt konkret forteljar av historia.

Løysinga i Logen med musikarane som noko massiv forgrunn på golvet framfor publikum, medan songarane fekk plass på scena bak dei, var kanskje ikkje optimal. Nærleiken til det musikalske uttrykket er uansett ein styrke ved oppsetjinga. Det skjøre vert skjørare. Van Pary sitt blikk på den musikalske satsen er skarpt, ned i mellomstemmene, der kvar detalj vert viktig. I utøvinga hender det at all vibrato er fjerna heilt. Uttrykket er ribba, det kan bresta eller bera, gjerast meir transparent – og tidvis rått. Av og til brest det, og eg likar desse små påminningane av det nakne i uttrykket. Oftast held det seg rett i kanten av overflata og assosiasjonen av det flytande, flyktige vatnet frå opningsscena er sterk – som ei meiningsfull spaning, om enn aldri fullt ut gangbar erstatning for tapet av fylde i ei lita strykargruppe.

Erotikken og det statiske
Regissør Wouter Van Looy fokuserer i programteksten på Maeterlinck sitt forsvar av det statiske teater. Regissøren vil ta konsekvensen av ein tekst der handlinga i stort finst i det indre. Karakterane samhandlar dermed ikkje med kvarandre, einast med seg sjølve, og med oss i salen. Det er i andleta deira, og i heilt små gestar me finn aksjon, medan stemningane, som musikken også skapar, får finna utløp i ein diffus film – i dobbeltkarakterar som ein så vidt får ana – på veggen bak.

Det er godt tenkt, og dei subtile hendingane gjev stor effekt. Van Looy byggjer opp under eit heilskapleg uttrykk som formidlar styrken i det enkle. Men har får oss og til å innsjå at dette enkle ikkje berre er enkelt. Som han sjølv uttrykkjer i programteksten: «Vert det for mykje avstand og konseptualisering held ein fram med å vera uberørt». Å formidla det indre stiller særeigne krav til utøvarane.

Det er i denne balansegangen, mellom avstand og berøring, eit indre og eit ytre handlingsrom at ei innvending oppstår: Eg opplever ikkje at dei to hovudpersonane heilt maktar å halda på den enorme erotikken og spaningane som finst i verket, der under yta. Det statiske er ein prøvestein for dei, og trass i mange fine gestar, krinsar spelet litt for mykje mot resignasjonen, mot avstanden, og let det indre vera noko løynd for oss.

Les også: Os vil ha ballett, ikke pop

Meir deprimert
I tolkinga til Florian Just opplever eg Pelléas som meir deprimert enn elles. Klangen i stemma hans er mørk i høgda, og han fyller ikkje tilstrekkeleg i mellomleiet. Det er som om diksjonen av ord og gestar ikkje heilt vil over scenekanten. Det introverte vert for dominerande hjå personen som slik eg oppfattar stykket representerer lyset – noko utanfor det mørke.

Diana Higbee gjer solid innsats som Mélisande. Stemma hennar fyller kammerformatet, og ho teiknar biletet av det uskuldsreine, naive i karakteren. Samstundes får heller ikkje ho fylla vellet av dimensjonar under overflata. Eg kunne ynskt at det gåtefulle ved henne fekk endå større spelerom: Spaninga mellom alt ho har opplevd og me ikkje får vita, og den fredfulle resignasjonen hjå den som har akseptert sin skjebne og ikkje evnar ta grep.

Glimt av lys
Meir drivkraft får framsyninga frå Andreas Jankowitsh, som teiknar eit svært overtydande portrett av Goulaud. Han er den einaste karakteren i stykket som freistar å rasjonalisera verda og som gjennom handling vil styra sin eigen skjebne. Dette syner Jankowisch i sin direkte og i samanhengen utovervende utforming. Det er ingen tvil om frustrasjonen i han når han straffast for handlekrafta. I Maeterlink sitt univers er rasjonaliteten lite verd. Kravet hans til slutt om sanning, i ei verd der sanninga er relativ, vert absurd.

Også dei mindre rollene, Arkel, Geneviève og guten Yniold fungerer fint. Igjen kunne eg ønskt meg meir diksjon, i musikken der klangfargar og utforming heile tida festar seg ved språket. Men innslaga deira let glimtet av slektenes gang, ja, fortid og framtid, særleg er Knut Stiklestad sin bestefarskarakter Arkel djup og oppriktig, medan Matthis Perreaux sin Yniold får tilføra framsyninga lys.

Det er oppsiktsvekkjande at Pelléas og Melisande aldri har vore framført i scenisk versjon i Noreg før no. Det er òg gledeleg at det kjem ein såpass eksperimentell variant i første runde. Om enn eg meiner framsyninga har eit større potensial, oppstår det med produksjonen og vala ein tek i den, ei reell nytolking og dialog med originalen. Slikt ser me alt for lite av i Noreg.

Claude Debussy: Pelléas og Mélisande
Framført i Logen teater i Bergen 17. og 18. april

Regi: Wouter Van Looy
Video: Vivian Cruz, Héctor Cruz og Wouter Van Looy
Musikalsk leiar: Marit Strindlund
Musikalsk arrangement: Annelis Van Pary

Med Diana Higbee (Mélisande), Florian Just (Pélleas), Andreas Jankowitsh (Goulaud), Marie-Noële Vidal (Geneviève), Knut Stiklestad (Arkel), Matthis Perreaux (Yniold) og Oxalys Ensemble

Publisert:

Del: