Eikanger-Bjørsvik Musikklag inviterer til eit spanade musikalsk møte mellom Elgar Howarth og bassbaryton Frode Olsen i Håkonshallen i Bergen, onsdag 12. november. På konserten får publikum og høyra eitt av Howarth sine eigne verk: Eufoniumkonserten “Stories of Saroyan” får Norgespremiere, framført av EBML-musikar Tormod Flaten.

Elgar Howarth

Elgar Howarth og Eikanger-Bjørsvik Musikklag samarbeidde for første gong i 1992. 12. november er dei attende i Håkonshallen i Bergen, saman med stjernesongar Frode Olsen. Møtet med Howarth første gongen var av det revolusjonerande slaget for EBML, og har frå første møte opna nye musikalske dørar for ensemblet. “Bilder frå ei Utstilling” av Mussorgskij var det store verket på programmet i 1992. Howarth si beundring for russaren viser seg òg i konserten 12. november. Han har arrangert Mussorgskij sine “Songs and Dances of Death”.

Som solist på dette stykket får publikum møta Frode Olsen. Den norske bassbarytonen gjer stor suksess og har sunge på operascenar både i Berlin og Amsterdam. Han og Howarth har felles interesse for moderne opera. Men Olsen er òg ein prisa Wagner-tolkar, ikkje minst i rolla som Wotan i Niebelungenringen.Det er ei glede for Eikanger-Bjørsvik å få framføre “Songs and Dances of Death” saman med Frode Olsen, heiter det i ei pressemelding

På konserten får publikum høyra eitt av Howarth sine eigne verk: Eufoniumkonserten “Stories of Saroyan” får norgespremiere, framført av EBML-musikar Tormod Flaten. Repertoaret spenner dessutan frå Ludwig van Beethoven til Philip Wilby.

Komplett program er: Delius: “On hearing the first cuckoo in spring”, Howarth: “Stories of Saroyan” (euph solo), Mussorgskij: “Songs and dances of death”, Wilby: “Jazz” og Beethoven: “Sonata pastorale nr. 15 op. 28”.

Produsent for konserten, som går føre seg i Håkonshallen onsdag 12. oktober klokka 19. 30, er Unison AS.

Publisert:

Del: