KONSERTMELDING: – Kammermusikkfestivalen i Stavanger er godt i gang. Gårsdagens konsert i Stavanger Domkirke baud på eit variert pogram med sentrale komponistar frå det 19. og det 20. århundret. Med tre ulike ensemble fekk ein òg vera vitne til spanande skilnader i klang, formidling- og tolkingshøve, skriv Ballade sin utsende i denne konsertmeldinga.

Auryn Strykekvartett, Foto: www.icmf.no

Av Ida Habbestad

Kammermusikkfestivalen i Stavanger er godt i gang, og etter opningskonserten mandag og Grieg-gallaen tirsdag har det i stort vore positive attendemeldingar å lesa i avisene. Særleg er det sopranen Isa Gericke som har vorte framheva, mellom anna for sine strålande tolkingar av Grieg, Backer Grøndahl og Alnæs.

Konserten i Stavanger Domkirke fortener òg lovord, ikkje minst grunna sitt varierte program og sine dyktige medverkande utøvarar. Verk av to sentrale komponistar frå det 19. århundret – Beethoven og Brahms – ramma inn komposisjonar av Magnus Lindberg og Bent Sørensen, sistnemnde mellom dei sentrale nordiske komponistane frå det 20. århundret. Med tre ulike ensemble fekk ein òg vera vitne til spanande skilnader i klang, formidling- og tolkingshøve.

Kveldens første innslag var Beethovens ”Piano trio i G-dur”, som i følgje programkommentator Malcolm Mac Donald er den mest ”Haydn-aktige” av trioane.i Beethovens opus 1. Trio Parnassus framførte verket med eleganse og presisjon, kanskje med ein noko ujamn balanse.

For det er eit problem med klavertrioar at cellisten ikkje alltid maktar nå ut gjennom den dominerande klaverstemma – og i dette tilfellet sakna eg å høyra meir av djupna i trioen. Cellist Michael Gross spelte med ein nokså rund, noko ullen – nærast duld – klang, medan fiolinist Yamei Yu var klårare i tonen. Pianist Chia Chou opplevdest som den mest stabile og utådvende musikaren i trioen. Han spelte organisk, leikande, var nesten nonchalant i kommunikasjonen med sine medmusikarar, og illustrerte gjennom ein tydeleg (på grensa til overdreven?) mimikk si tolking av Beethovens trio.

Kontrastar – både i programmet og i verket

Etter dette var det klart for ”Engine” av Magnus Lindberg og ”This Night of no moon” av Bent Sørensen, begge verka framført av SSO Samtid med dirigent Thomas Søndergård.

Lindberg og Sørensen er fødde i 1958, og kjem frå høvevis Finland og Danmark. Dei representerer sterke stemmer i den nordiske komponistgenerasjonen, og har begge vekt stor internasjonal merksemd. Her til lands har dei nyleg vore festspelkomponistar under Festspillene i Bergen; Lindberg i 2006, Sørensen i 2007.

Ut over dette vil mange hevda at det er lite som sameinar dei to komponistane. Stilt etter kvarandre på programmet var kontrasten mellom dei tydeleg – ein uroleg intensitet i Lindberg sitt verk mot den mediterande stilla i Sørensens verk. Likevel vart eg fascinert av ein felles romantisk hang hjå dei begge – ein trong til å venda attende til det kjende, vakre. Mest tydeleg hjå Sørensen, sjølvsagt, men òg latent hjå Lindberg.

For ”Engine” var ikkje berre eit uroleg stykke, det var like mykje bygd opp kring kontrasten mellom nettopp ro og uro. Gjennom verket tyktest Lindberg utforska motsetjinga mellom eit kaotisk mylder på den eine sida og rolege klangflater på den andre. Tidvis var dei to parametra lagt oppå kvarandre, men andre gonger let han dei etterfølgja kvarandre – og i dei tilfellene der mylder gjekk over i klangflate, kjendest denne overgangen til kjende, velklingande akkordar som ei sterk forløysing. Forløysinga gjekk over i kaos, som så vart forløyst – og så bortetter – til stykket avslutningsvis munna ut i eit pianokløster, som ein siste fortetta ro.

Langsom etablering av ro

På same måte som ”Engine” ikkje berre var uroleg vil det vera feil å hevda at Sørensen sitt stykke er reint meditativt. Har ein først komme inn i Sørensen sitt klangunivers, vil ein finna at det ligg spaningar og konfliktar i musikken hans – berre innafor andre rammer enn i Lindbergs meir direkte uttrykk.

Det er ikkje lenge sidan ”This night of no moon” vart framført sist her til lands; både BIT 20 og Athelas Sinfonietta Copenhagen gjorde ulike versjonar av verket i Bergen i juni. For meg virka det som det i denne framføringa mangla ei ro innleiingsvis, samanlikna med tidlegare. Først i andre sats lukkast Thomas Søndergård etablera det meditative, skimrande uttrykket eg finn typisk for Sørensen, og ein kunne lena seg attende og lytta til lyden av kyrkjeklokker, glidande overgonger, skeive, nesten mikrotonale samklangar og lyden frå musikarar i det fjerne.

Brahms som høgdepunkt

Eg overhøyrde min sidemann ved byrjinga av konserten gje uttrykk for at ho hadde komme utelukkande for Brahms-kvintetten, og at det øvrige programmet nærast var ei lang venting på denne. Eg vonar ho kunne nyta dei føregåande verka like mykje som eg – men om så ikkje var tilfellet, kom ho uansett ikkje forgjeves.

Brahms Strykekvintett i G-dur op 111, framført av Auryn String Quartet forsterka med Wouter Raubenheimer på bratsj var ei stor oppleving. Med innleving og intensitet, ei overveldande presisjon, vekslande heftig og lidskapleg temperament gav dei oss ei storslagen avslutning på kvelden.

Dersom festivalen held fram med å presentera konsertar av like høg kvalitet som denne, vert det mange høgdepunkt å sjå fram til.

Konsert i Stavanger Domkirke, onsdag 8. august kl 21.00
Verk av Beethoven, Brahms, Lindberg og Sørensen
Trio Parnassus, SSO Samtid, Thomas Søndergård (dirigent), Auryn Strykekvartett, Wouter Raubenheimer (bratsj)

Publisert:

Del: