KONSERTMELDING: Samansetjinga mellom nytt og gamalt tykkjest sentral for Steffen Schleiermacher. Gjennom så langt to konsertar under Oslo Kirkemusikkfestival har han gjeve oss døme på dette, både som komponist og utøvar. Samanstillingane syner kontrastar, men òg fascinerande slektskap mellom dei musikalske uttrykka. Likevel var det komposisjonane frå fortida som appellerte sterkast under konsertane på kirkemusikkfestivalen laurdag, meiner Ballades utsende.

Leipzig Strykekvartett/Foto: www.oslokirkemusikkfestival.no

Av Ida Habbestad

Den tyske komponisten og pianisten Steffen Schleiermacher er profilert gjennom tre konsertar under Oslo Kirkemusikkfestival.

Først og fremst har han bidratt med det siste kommentarverket i prosjektet ”H-moll-messen i vår tid”, som framførast i sin heilskap torsdag. Men laurdag kunne me òg oppleva eit anna, heilaftans verk av Schleiermacher, samt ein recital i Atriet i Kongens gate, der det var utøvaren Schleiermacher som sto i fokus.

Schleiermacher tykkjest vera oppteken av samansetjinga mellom nytt og gamalt. Gjennom konserten i Atriet gav han oss døme på dette, med framføringa av verk frå det 20. århundret, samt Busoni-bearbeidingar av Bach-koralane ”Wachet auf, ruft uns die Stimme” og ”Nun komm, der Heiden Heiland”.

Glidande overgongar var òg eit gjennomgangstema. Schleiermacher framførte programmet med knapt høyrbare stopp, og det vart dermed fascinerande vanskeleg å avgjera kvar Dane Rudhyar-verket ”Third Pentagram” var slutt og Carl Ruggles’ ”Four Evocations” tok over. Slik fekk han synt fram ein slags slektskap mellom dei amerikanske komponistane; begge med ekspresjonistiske, klangleg baserte verk.

I tillegg til fokuset på spennet mellom eldre og moderne musikk, var òg eksistensielle, kosmiske og religiøse tema sentrale. Alt nemnde Rudhyar, arbeidde som astrolog, og skreiv meir enn førti bøker om astrologi og religion. Det avsluttande verket av Scelsi – hans “Suite nummer 8” – har undertittelen ”Bot-Ba: Evocation of Tibet with its monasteries on high mountain summits: Tibetian rituals, prayers and dances”. Inspirasjonen er klår – og musikken svevande, dvelande og lyttande, men med eksplosive, uttrykksfulle utladningar.

Fascinerande var òg bakgrunnsstøyen gjennom det heile – frå cafèen i nærleiken – der menneskestemmer på sett og vis vart ufrivillig integrert i komposisjonen. Dei understreka den innådvende konsentrasjonen, og plasserte verda distansert utanfor.

Fokus på Bach

Bach tykkjest vera gjengangaren i Schleiermacher sine prosjekt; i alle fall dei me vert presenterte for gjennom veka. Då ”Zeit Brüken” vart framført i Gamle Aker kirke same kveld, var Bachs engelske suite i a-moll sentral.

Verket frå 2005 består av Schleiermacher sine romkomposisjonar – ein for kvart av ledda i den tradisjonelle messa – stilt opp mot eldre verk av Johannes Ockeghem, Josquin des Prés og Bach.

Vokalensemblet Amarcord baud på stilreine, velintonerte tolkingar av 1400-tals verka, med ein polyfoni som sto i spanande kontrast til Schleiermacher sine verk, fokusert kring enkelttonar og enkeltakkordar.

Dei romlege eksperimenta var òg stemningsskapande. Instrumentalistar og songarar synte fleksibilitet og skapte lyd frå det fjerne, samt nærare publikum enn vanleg – som ein flørt med tidstematikken. Som ved formiddagens konsert var overgongane glidande mellom verka, og understreka stadig spennet mellom nært og fjernt, nytt og gamalt.

Det var ut frå eit slikt, stemningsfullt, mediterande bakteppe at Leipzig Strykekvartett framførde Bach-suiten – bearbeidd for strykekvartett av Schleiermacher. For meg vart dette verket for stort og prangande i samanhengen. Dansesatsane sto i ei noko umotivert tilhøve til messeledda, og braut med stemninga som var bygd opp.

Med det var ein uro etablert, og me fann vel ikkje nokon gong heilt attende til den innleiiande stemninga i dei påfølgjande komposisjonane av Schleiermacher; ”Credo”, ”Sanctus” og ”Agnus Dei”.

Slik vart det fortida som appellerte sterkast denne kvelden – til dels i samspel med romlege inntrykk, og med nye, reinskorne uttrykk. Men det var som pianist Schleiermacher gjorde størst inntrykk i helga.

Ei urframføring av Schleiermacher vert framført torsdag, saman med Bachs h-moll-messe, samt kommentarverka av norske Lasse Thoresen og skotske James MacMillan.

Publisert:

Del: