KONSERTMELDING: ”Signs and Traces” er namnet på eit verk av komponist Torbjørn Dyrud som vart urframført under Oslo Kirkemusikkfestival fredag. Med utgangspunkt i tekstar frå Bibelen og Koranen har Dyrud leita etter felles teikn på Guds nærvær. – Mitt inntrykk ved denne urframføringa var at Dyrud hadde mykje på hjarta ut over det å skapa eit godt verk. Og der eg meiner han lukkast med det siste, skulle eg ynskt han torde gå lenger inn i materien med det første, skriv Ballades meldar.

Torbjørn Dyrud08/Foto: Vegar Valde

Av Ida Habbestad

Kvindelige Studenters Sangforening opna konserten fredag, med si tolking av Knut Nystedts ”Kärlekens Lov” frå 1975. Det firesatsige verket tek for seg kjende kjærleikstekstar frå Høgsongen og 1. Korintarbrev – der andlet speglar seg i andlet, og kjærleiken utheld, trur og vonar alt.

Med dét sette koret standard for sin innsats denne kvelden; dei song imponerande reint og presist, og dei tolka vakkert, godt leia av sin dirigent Anne Karin Sundal.

Torbjørn Dyrud improviserte så, saman med trompetist Mathias Eick, over fire låtar komponert av begge. Innslaget danna ei klangleg fin bru mellom verka av Nystedt og Dyrud – sjølv om det tematisk sett kunne virka umotivert under ein konsert som elles hadde tydeleg fokus på kvinnebilete, dialog og kjærleik.

Poetiske bilete

Konsertens høgdepunkt; urframføringa av ”Signs and Traces” var plassert til slutt.

I følgje komponisten var utgangspunktet for verket å finna møtepunkt mellom islam og kristendom – på søkjen etter teikn på Guds nærvær – samt å betona eit kvinneperspektiv gjennom augeblikksbilete av Rebekka og Hagar, som er sentrale figurar i begge religionane. I programteksten kunne me dessutan lesa at komponisten sitt ynskje var å formidla ei overtyding om at forståing heller enn frykt vil bringa oss nærare Gud og kvarandre.

Oppgåva er stor, initiativet er modig – og temaet høgst aktuelt.

Dyrud lukkast etter mi meining langt på veg i å teikna vakre, nære bilete, gjennom samanstillingane av eit konsentrert tekstmateriale med poetiske framstillingar av Bibelens Gud som ”kommer til oss som regnet, lik vårregn som væter jorden”, og Koranens Gud som ”sender vann fra oven og gir jorden liv etter dens dvale”.

Med slike bilete er avstanden fascinerande liten.

Vatnet

Kvinnebileta var òg teikna gjennom heilt konsentrerte skisser; der Dyrud greip det vesentlege i historiene med enkle utsegn frå kvar av dei.

”Drikk du”, sa Rebekka.
”Du er Gud som ser”, sa Hagar.

Vatnet vart eit snedig gjennomgangstema i dette verket, både i skildringane av gudsbileta og som bakgrunn for kvinnene sine utsegn. Den gode gesten – å gje vatn til Isaks tørste tenar – var teiknet tenaren hadde bede Gud om for å få veta kva kvinne han skulle ta med seg heim som Isaks kone. Hagar kalla Gud for ”Gud som ser” etter at ho var gått vill i ørkenen, og Gud synte henne vegen til ein oase.

Idiomatisk

Det tekstlege materialet var godt følgd opp med vakre musikalske bilete – stadig med ei poetisk tone, med elegante overgongar frå sats til sats, og med instrumentale bidrag frå Eick og Dyrud som gjorde dei jazz-inspirerte elementa meir tydeleg enn eg har høyrt hjå Dyrud tidlegare.

Verket var dessutan – som dei øvrige verka eg har høyrt av komponisten – idiomatisk skrive, med god forståing for kormediet og god utnytting av ensemblet samla sett.

Utfordrande?

Men som Dyrud tidlegare har beretta, var noko av motivasjonen bak verket å sjå på den litt aggressive retorikken som kan finnast i begge religionar – og med dette som bakteppe fann eg meg i å sakna ei større problematisering under denne konserten.

Eg er samd med Dyrud i at frykta for det framande ikkje bringer folk nærare kvarandre, og dei små glimta av likskap han gav oss er fascinerande. Samstundes fekk eg inntrykk av at ein med dette berre så vidt rørte i overflata, utan å tora gå laus på større tema. For slik eg ser det, rører dei poetiske skildringane av ein god og tilgjevande gud berre ved eit lite lag av kva religionane faktisk bekjenner. Og, handlar ikkje forståing òg om å akseptera – og diskutera – skilnader?

Likeeins var det noko ved kvinnebileta som vart uforløyste for meg, under alt vakkert.

”Blant Hans tegn er også at Han skapte for dere hustruer av deres egen sort, for at dere kan finne ro hos dem, og Han har lagt kjærlighet og godhet mellom dere. I dette er jærtegn for mennesker som tenker etter”, står det i Koranen, og det er nærliggjande å tolka dette i retning av eit kvinnesyn der kvinna er til for, og underlagt, mannen.

Likeeins har forhistoria til Hagar ganske tunge trekk; trellkvinna føder ein son til Abraham sidan Sara ikkje er fruktbar, men vert send ut i øydemarka for å døy når Sara i moden alder likevel får ein son.

Tematikk som innbyd til diskusjon

Gud tek hand om Hagar – og dette samt fleire kvinnebilete i Bibelen er ikkje nødvendigvis undertrykkjande.

Men både kristendommen og islam har opp gjennom historia, gjennom sin praksis og sine tolkingar hatt mannsdominerte førebilete, som innbyd til diskusjon.

Komponisten skal berømmast for at han torer ta tak i store og vanskelege emne. Komposisjonar som ynskjer å ta del i ein samfunnsdebatt er sjeldne – og dessutan vanskelege å få til å lukkast. Mitt inntrykk ved denne urframføringa var at Dyrud hadde mykje på hjarta ut over det å skapa eit godt verk. Og der eg meiner han lukkast med det siste, skulle eg ynskt han torde gå lenger inn i materien med det første – og våga gje oss større motstand.

Publisert:

Del: