Publisert:

Del:

Med temaet “improvisasjon i studio” inviterte Norges musikkhøgskole til On the Edge. Gitarist Stian Westerhus har nytta teknologien til å spenne bein under heile problemstillinga.

Stian Westerhus, © André Løyning

Gjennom tre konsertkveldar og to fulle dagar med samtalar handla On the Edge om “improvisasjon i studio”. Korleis er det å improvisere utan eit publikum? Korleis redigerer og publiserer ein ei statisk utgjeving av flyktige augneblikk som oppstår når ein improviserer?

Ei rekke utøvarar delte erfaringar frå studio. Vokalpionér Sidsel Endresen fortalte at ho er stadig mindre komfortabel med den noko kunstige situasjonen åleine i eit lydtett rom med hodetelefonar. Helge Sten og Ståle Storløkken frå gruppa Supersilent fortalte om rutinene sine ved postproduksjon, der dei skapte “kunstige” startar og sluttar på strekk ved å tone ned og gradvis introdusere stemmer som eigentleg har vore der heile tida då musikken blei spelt inn.

Skamlaus klipping
Gitaristen Stian Westerhus løfta temaet hakket vidare, då han flytta si forteljing ut av studio.

I trioen Puma, som han starta i studietida ved jazzlinja i Trondheim, spelar han tung, fritt improvisert rock ispedd rikeleg med elektroniske effektar og manipulering. Etter at trioen hadde sin andre studioinnspeling i 2008 gjekk Westerhus og Moen saman med kvar sine bærbare datamaskiner. Dei klippa og redigerte skamlaust alt dei hadde spelt inn. I studio spelte dei sidan inn nye stemmer over det redigerte materialet; den forvrengte representasjonen av det dei hadde gjort tidlegare.

Eigarskap til eige uttrykk
Westerhus konkluderte med at denne “juksinga” hadde endra han som improvisasjonsmusikar og gitt han nye verkty og større perspektiv på korleis han ville forme sitt uttrykk.

Men kan ein oppleve eit slikt sluttprodukt som improvisert musikk? Og kvar går prosessen frå å bli improvisasjon til å bli komposisjon?

F.v. Stian Westerhus, Helge Sten, Sidsel Endresen, ordstyrar Henrik Hellstenius, Jan Bang og Bugge Wesseltoft.  Foto: Olav Opsvik
F.v. Stian Westerhus, Helge Sten, Sidsel Endresen, ordstyrar Henrik Hellstenius, Jan Bang og Bugge Wesseltoft. Foto: Olav Opsvik

Etter ein lang dag med refleksjon om improvisasjon gjekk han med på nok ei runde rundt temaet med Ballade.

– Redigering og klipping er eigentleg noko som har interessert meg sidan eg var liten, men med jazzutdanninga eg tok forsvann den greia litt, fordi ein blir oppteken av å vere “flink” og autentisk ovanfor det ein held på med, forklarar Westerhus.

Han viser til eit ideal frå ein jazztankegang der innspelinga skal vere ein autentisk representasjon av augneblink som har blitt skapt gjennom improvisasjon.

– Det er ironisk korleis det er akseptert å til dømes heve og senke volumet i ei innspeling, medan det å flytte på ting i tid, er litt “fy fy”, for då har du føkka med korleis ting blei spelt. Men det har du jo gjort om du redigerer dynamikken òg! Så forståinga av det her er ei problemstilling som mange sliter med, hevdar han.

Westerhus fortel at det blei ei sterkare kontakt mellom musikarane i Puma når dei jobba meir aktivt med postproduksjon. Då fekk dei meir eigarskap til den totale lyden av gruppa.

– Produseringa stemte så godt overens med korleis vi ville at bandet skulle låte, og det farga korleis vi utvikla oss. På dei første innspelingane hang vi over studioteknikaren heile vegen og kom liksom aldri heilt i mål. Vi fekk meir kontroll over visjonen vår då vi tok styringa på heile prosessen sjølve. Utviklinga vi gjekk gjennom då har prega resten av mitt virke som musikar, fortel han.

Bort frå “tradisjonell” stereo
Mykje av utviklinga til Puma og Westerhus sjølv kan nok knytast til at utstyret for prosessen som før blei gjort i dyre studiorom i dag er enklare tilgjengelig gjennom bærbare datamaskiner og dataprogram som til dømes Pro Tools og Ableton live. I dag kan Westerhus ta verktya ein har i studio til scena, og nyttar eit bærbart studio som ein del av sitt instrument.

– Eg har brukt tid på å bli bevisst på kva som skulle vere mitt fokus. Skulle eg vere ein bra instrumentalist eller skulle eg vere ein bra musikar? Då klarte eg å lausrive meg og sjå kva som var interessant å jobbe med for meg, forklarar han.

Ved On the Edge presenterte Westerhus ein surround-versjon av si siste soloplate i ein 25-kanals “audio-dome” i NOTAMs lokale. Der blei lyden av Westerhus flytta rundt i rommet, og soleis blei rommet og teknologien del av instrumentet hans.

– Med slik diffusering av lyden kan ein ta fokus bort frå den tradisjonelle stereo-praksisen og faktisk flytte lyden ut framfor høgtalaren og trekke lydane nærmare med publikum, flytte den rundt dei og føkke med hjernane til folk. Det er ganske intenst!, seier han lattermildt.

Frå konsert til “performance”
Westerhus ser framføringa som eit startpunkt for hans vidare verksemd.

– No må vi bort i frå scena og rive ned det vanlege stereokonseptet. Der er så mange moglegheiter i dag med modulære system til å skape ein anna performativ praksis, meinar han.

– Det å jobbe vidare med ein mellomting mellom ein konsert, ei lytteoppleving og ein “performance” kjennast nytt og spennande for meg.

Gjennom å nytte studioteknologi som del av framføringspraksisen har Westerhus på mange måtar rive ned veggane rundt det tradisjonelle studioet. Men når prosessen blir bygd opp av så mange ledd – når sluttar det å vere improvisasjon? Westerhus meiner dedikasjonen til sjølve musikken og framføringa av den tek fokuset bort frå slike semantiske problemstillingar.

– Det er eit godt spørsmål. Eg har på mange måtar akkurat dei samme musikalske intensjonane no som då eg var 16 år, eg har berre fleire verkty tilgjengeleg, forklarar han.

Det dreier seg om ei heil pakke, og ikkje berre ei tradisjonell, scenisk oppleving.

Improvisasjon er eit av fleire verkty
– Fri improvisasjon har vore ein naturleg “kanal” for meg heilt sidan eg byrja å spele gitar. Men med fleire teknologiske løysingar blir musikken min meir og meir ein “performance”. Det dreier seg om ei heil pakke, og ikkje berre ei tradisjonell, scenisk oppleving. Musikken i seg sjølv er altoppslukande, og når eg står på scena har eg ikkje noko anna val enn å henge meg på prosessen alle verktya legg føre meg og improvisere.

– Improvisasjon er berre eit lite, men sentralt, verkty for å fortolke den musikalske pakken eg tek med meg på scena, meiner Westerhus.

– For meg er det verken gitaren eller teknologien som er på scena, det er eg. På dei beste dagane er det ikkje meg ein gang – det er musikken, konkluderer han.

Symposiet og festivalen On the Edge gjekk føre seg ved Nasjonal Jazzscene og Norges musikkhøgskole 30. november til 2. desember. Stian Westerhus heldt sin presentasjon ved musikkhøgskulen torsdag 1. desember.

Puma: Stian Westerhus, gitar og elektronikk, Øystein Moen, keyboard og elektronikk, Gard Nilssen, Trommer