Konsertprogrammet for Telemarkfestivalen 2. – 5. august er lagt ut. Bland dei 120 utøvarane finn vi navn som Márta Sebestyen, Wimme Saari, Øyonn Groven Myhren (bildet), Odd Nordstoga, Nils Økland, Øystein Romtveit og salsabandet Tumbaito.

Øyonn Groven Myhren

Telemarkfestivalen presenterar no programmet for festivalen 2. – 5. august. Festivalen har eit omfattande og rikhaldig konsertprogram med ei artistliste som tel over 120 utøvarar.

Me nemner følgjande utanlandske artistar; ungarske Márta Sebestyen og gruppa Vujicsics, finske Wimme Saari, irske Four Men And A Dog og Mick O`Brian (gjest i Vamp), samt fem unge nordiske spelemenn. Festivalen presenterer heile fire bestillingsverk/urframføringar; “Aslaug Vaa” med Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga, stor kvedarkonsert “Kvedar 2001”, nattkonsert med Berit Opheim og “Den ramme slåtte”, eit rocka Myllargut-prosjekt.

I tillegg vert det stor harding-felekonsert med Leif Rygg, Alf Tveit, Nils Økland, Øystein Romtveit og Fjøgl, Nils Økland med stumfilmorkester, sterke tradisjonsspelemenn som Vidar Lande og Tron Westberg, samt kvedarmøte mellom Øyonn Groven Myhren og Kjell Hove. Av pubkonsertar nemner me Fake It Or Leave It med mellom anna Odd Nordstoga i spissen og salsabandet Tumbaito.

Telemarkfestivalen har eit uttalt mål om å arbeide for å få fram dei mangfaldige tradisjonane i vår eigen kultur innan folkemusikk- og dans. Samtidig vil festivalen vere ein møtestad og ein arena for fornying av folkemusikken – ein stad der det eksperimentelle skal møte det tradisjonelle, der det nasjonale skal møte det internasjonale.

Telemarkfestivalen kan i år presentere heile fire bestillingsverk/urframføringar. Dette syner at festivalen har fått status som ein arena for det nye som rører seg innan folkemusikken, og at ein på mange måtar strekker seg etter å vere i forkant av utviklinga. At folkemusikken står fram som ei livskraftig og vital musikkform, er det liten tvil om. På fleire måtar er folkemusikk difor også samtidsmusikk. Telemarkfestivalen ynskjer å gjeva artistane rom til å boltre seg innanfor den rike tradisjonen samtidig som ein ynskjer å gje dei fridom til å vise fram sine eigne uttrykk.

Spenningsfeltet som oppstår der det gamle møter det nye, der ulike “motsetningar” kjem fram, kan uttrykkast til dømes i ytterpunkta “Frå Myllarguten til Beatles”, det vil seie satsing på Myllargutåret og rom gruppa Fake It Or Leave It, som “folkar opp” The Beatles.

Ei viktig satsing for Telemarkfestivalen i 2001 vil vere folkemusikken som urkjelde for vidare utvikling inn i eit nytt hundreår. Samstundes ser ein seg attende. I tillegg til å oppsummere 200 år med Myllarguten, vil ein også markere Eivind Groven sitt 100-årsminne.

Publisert:

Del: