SEMINAR: Ei rekkje spørsmål kom fram under Kulturrådet sitt seminar om musikkensemble torsdag. Ballade var til stades, og freistar her oppsummera nokre av dei mange utfordringane som vart reist. Og skal ein tru musikarane, virkar eitt problem overordna: Ensemblestønaden er gull verdt, men er ikkje tilstrekkeleg til større satsingar for enkeltensembla.

Mynter 1

Av Ida Habbestad

I forkant av Løken-rapporten som er forventa levert torsdag, arrangerte
Norsk kulturråd førre torsdag eit seminar om musikkensembla, med fokus
på deira produksjons- og finansieringsvilkår.

Føremålet frå Kulturrådet si side var å komma i kontakt med ensemblemusikarane,
og få innspel på kva dei sjølve ser som sine største utfordringar. Mellom
anna stilte dei spørsmål ved kva ensembla treng stønad til og kva forventningar
dei har til Kulturrådet si forvalting av den offentlege stønaden.

Ei rekkje ensemble var representerte gjennom enkeltmedlem. I det første
panelet sat Synnøve Bjørset (Majorstuen), Abuwa Edema (Shekere), Hans Knut
Sveen (Bergen Barokk), Ivar Peersen (Enslaved) og Bjørnar Habbestad (N
ensemble).

Dei skisserte ulike utfordringar for ensembla sine, og trass deira ulike
musikalske bakgrunn var hovudbodskapet samstemt:

Ensemblestønaden er av stor betydning for samtlege, men strekkjer ikkje
til så dei kan satsa skikkeleg på det respektive ensemblet. På Kulturrådets
spørsmål om kva type stønad ensembla treng mest; innøving og komponering
eller profesjonalisering av konsertproduksjon, formidling, management,
administrasjon og booking – tyktest svaret vera eit omfattande både òg.
 

Om noko likevel vart særleg betont, var det den administrative belastninga
som ofte ligg på musikarane i ensembla – med søknadsskriving, booking,
kontraktar og reisebestillingar – som opplevest slitande for mange. Ivar
Peersen i Enslaved peikte dessutan på at ein i turnéplanleggjing ofte må
kasta seg rundt og akseptera gode tilbod lenge før ein har oversikt over
i kva grad finansieringa er på plass. Turneverksemda er for deira del i
stor grad risikoprosjekt, der førebels finansiernigar gjennom private lån
ikkje er uvanleg.

Eit viktig bodskap frå Kulturrådet i så måte, var at det er lov å be om
hurtigbehandling av søknader ved særskilde behov – og dei understreka
at terskelen for å ta kontakt med rådet skulle vera låg.

Mange ynskjemål – liten diskusjon

I det andre panelet sat Line Endresen (Gramart/tidlegare dagleg leiar BRAK),
André Larsen (Det Norske Solistkor), Stein Henrichsen (BIT 20 ensemble),
Jon Balke (MAU, Norsk jazzforum).

Jon Balke innleiia med å presentera sentrale utfordringar for musikarane
framover. Med eit stadig aukande antal studieplasser i utdanningsinstitusjonane
får me stadig fleire dyktige musikarar, utan at der nødvendivis er ei tilsvarande
auke i antallet spelejobbar. Med lågare platesal vert konkurransen stadig
hardare, og vilkåra ikkje dei beste for musikarane.

Balke foreslo moglege løysingar på dette, mellom anna i form av betre tilretteleggjing
av offentlege tenester for musikarar, enklare krav til verksemdene til
sjølvstendig næringsdrivande og liknande.

Forslaga hans vart ikkje i særleg grad diskuterte – og dette vart eit
sakn under seminaret. Mange ynskjemål hang i lufta, utan at ein drøfta
prinsipielle spørsmål kring dei. Er det er rett at det offentlege skal
stø musikarar, ikkje berre gjennom midlar til prosjekt, men spesifikt i
handteringa av deira private kvardag? Er det er bra at så mange musikarar
vert utdanna når marknaden tilsynelatande er så hard? Ynskjer ein meir
støtte til fleire, eller skal mange få litt kvar?

Ei rekkje spørsmål

Vidare i panelet peikte dagleg leiar i Det Norske Solistkor, André W. Larsen,
på korleis ensemblestønaden i dei større ensembla i stor grad vert nytta
til å sponsa festivalar. Festivalane har ikkje alltid råd til å betala
reiseutgiftene til store grupperingar, og let ensembla kosta dei sjølve.
Ei uhensiktsmessig stor del av ensemblestønaden vert dermed nytta på reising,
meinte han.  

Line Endresen i Gramart reiste elles spørsmål ved om dei to ordningane
bør operera med sjangerskilje. I regelen er det pop/rock-miljøet som får
stønad frå Tarp-ordninga, og mange av søknadene frå dette miljøet til Ensemblestøtteordninga
vert overførte dit.

Eit spørsmål som var stilt av Kulturrådet, men som ikkje kom særleg opp,
var korleis ensembla kan bidra til kulturelt mangfald i musikkfeltet. Kanskje
var ikkje dette det mest relevante spørsmål for grupperingane, som i kraft
av sine ulike bakgrunnar i seg utgjer eit stort kulturelt mangfald på kulturkartet.

Ein tydeleg kommentar om dette kom imidlertid frå Abuwa Edema i Shenkere,
som etterlyste større aktivitet i mangfoldsåret.

— Det er Mangfoldsår, men det skjer ingenting! sa han under sitt innlegg.

Hilde Bjørkum i Førde Internasjonale Musikkfestival (og medlem av fagleg
utval for musikk i Kulturrådet) kommenterte at det er ynskjeleg med ei
betydeleg profesjonalisering av heile dette feltet, som organisasjonsmessig
er nokså ungt i høve til dei meir tyngre miljøa.

Frå salen vart det dessutan reist spørsmål om korleis ein kan finansiera
enkeltmusikaren som arbeider i mange ulike konstellasjonar med sine prosjekt.
Per i dag gjeld ensemblestønaden for fast etablerte konstellasjonar, medan
mange enkeltmusikarar som arbeider med prosjekt der dei hentar inn ulike
folk frå gong til gong, ikkje har høve til å søkja den same langsiktige
stønaden.

Prioritering den største utfordringa?

Med andre ord; der kom ei rekkje utfordringar på bordet under seminaret,
dei fleste godt kjende både frå Kulturrådet og ensembla si side.

Hovudproblemstillinga slik me ser det, er likevel knytt til prioriteringane
i Kulturrådet som for 2008 fordelte 15,2 millionar delt mellom 95 musikkgrupper,
med storleik frå 50 000 til 1 million.

Når samtlege involverte musikarar meddelte at stønaden ikkje er tilstrekkeleg,
er dét eit tydeleg signal om at Kulturrådet kanskje bør prioritera høgare
stønadsbeløp på færre ensemble – nok ein gong utan at musikarane eksplisitt
uttrykkte om det er dette dei ynskjer.

Når Løken-rapporten etterkvart ligg på bordet, vert ein kanskje klokare
i høve til korleis enkelte byråkratiske problemstillingar er tenkt løyst.
Truleg reiser den òg nye spørsmål. Det skulle med andre ord vera klart
for ny debatt når rapporten er presentert, etter planen førstkomande torsdag.

Publisert:

Del: