Søndag 12. november skal Manger Musikklag spele i Logen som ein del av programmet ved Autunnale Festivalen for samtidsmusikk i Bergen. Ved dette høvet har dei engasjert Bjørn N. Sagstad som dirigent.

Slik presenterer Manger Musikklag seg i pressemeldingen Ballade har mottatt:

Manger Musikklag er eit av dei beste messingkorpsa i landet. Dei har eit uttalt mål om å få fleire komponistar til å skrive for brassband, noko som har gitt resultat. Frå siste halvdel av 80-talet har MML vore ein aktiv tingar av ny musikk, mellom anna av Terje Rypdal, Ruth Bakke og Torstein Aagaard-Nilsen. For tida arbeidar både Knut Vaage, Jostein Stalheim og Dagfinn Koch på tingingsverk frå MML.

Medan dei andre norske messingkorpsa dreg til Stavanger komande helg for å konkurrere i underhaldningsmusikk, arbeidar MML-musikarane med musikk få har høyrt før. Manger Musikklag voner konserten blir ei oppleving i massiv klang og nyansert spel med spanande opplevingar for alle som tek turen innom. I eit av verka er det også med dansar.

Om programmet søndag 12. november (utdrag):

Markus Paus er komposisjonsstudent ved Norges Musikkhøgskole. Han har komponert “Allegro Concertante” for Pauker og Brass Band. Oppdraget fekk han av ein medstudent (Andreas Lien Røed), som også er solist i verket og medlem av MML sin slagverkgruppe.

Torstein Aagaard-Nilsen har sjølv spelt i MML og har komponert ei rekke verk for brass band, nokre av dei tinga av MML. “Seid” vart tinga av European Brass Band Assosiation som pliktnummer i EM for Brass Band i 1996. Aagaard-Nilsen sin musikk for brassband er spelt over alt i verda der denne ensembletypen finst. I fjor kom CD-plata “Awakening” via hans musikk for brass band, og den blei godt motteke i miljøet.

I årets nasjonale meisterskap i Storbritannia var Aagaard-Nilsen sin komposisjon “Abstractions” valgt ut som eit av teststykka. 17 brassband frå England, Scotland, Wales og Irland spelte verket, noko som må sjåast på som ein milepél for ein norsk komponist som óg komponerer for korps.

Jostein Stalheim er nyleg tildelt Fartein Valen-stipendet. “Convergence” er tinga av MML og vart urfremført tidlegare i år. Ved dette høvet er det også laga ein koreografi av Camilla Skrede Johannessen. MML har tidlegare samarbeida med dansarar og har planer om å gjere ein ballett saman med Stalheim. Han skal komponere meir musikk for ensemblet og dei ulike satsane, “Convergence” inkludert, vert seinare redigert til ballettmusikk. Det er eventyret “De Ville Svaner” av H. C. Andersen som har fanga Stalheim sin interesse.

Publisert:

Del: