LANSERING: Den offisielle boka om Operaen i Bjørvika – med den sjølvsagte tittel ”Operaen” – vart lansert førre veke. Gjennom eit omfattande tekst- og bildemateriale vert både operaens, Bjørvika og det nye bygget si historie skildra, med bidrag frå ei rekkje hald. Under lanseringa fekk me møta somme av bidragsytarane, mellom dei journalist i Aftenposten, Odd Inge Skjævesland, som har skrive om det politiske forspelet til bygget. – Operasaken er paradoksenes sak, sa Skjævesland ved lanseringa.

Odd Inge Skjævesland/Foto: Opera forlag

Av Ida Habbestad

Ein kan repetera i det uendelege at organisasjonen no heiter Den Norske Opera & Ballett. Praktboka om det nye bygget lyd uansett tittelen ”Operaen”, kanskje belysande for kva bygget i lang tid vil heita på folkemunne.

Men at det er eit aldri så lite under at huset i det heile eksisterer, gjev herverade utgjeving eit godt bilete på. Mellom permane skjuler seg eit stykke historie – alt frå dei historisk nokså trange vilkåra for nasjonaloperaen, til dagens prisbelønna bygg.

Ynskjet om og behovet for eit eige operahus har eksistert lenge. Godt over hundre år, hevdar journalist Odd Inge Skjævesland i sitt kapittel ”Maratonslalåm – det politiske forspillet”. Skjævesland skildrar ein lang og krokete veg. Alt då Den Norske Opera flytte inn i Folketeaterbygninga på Youngstorget i 1957 annonserte dei at bygninga ikkje heldt mål, om den enn var betre enn ingenting. Sidan har diskusjonen gått – meir eller mindre i stampe. Bjørvika dukka ikkje opp som alternativ før i 1993, og lenge etter dette kjempa operaens tilsette, samt fleire politikarar, for den foreslåtte plasseringa på Vestbanen.

I den nye boka vert slike politiske aspekt summert. Dinest dei tekniske prosessane bak bygget; skrive av ei rekkje bidragsytarar, både medverkande og observatørar av prosessen. Ved lanseringa trekte prosjektleiar i Snøhetta, Tarald Lundevall, dette mangfaldet fram som eit gode.

– Team-aspektet kommer sterkt til syne ved denne boken, sa han. – Boken er skrevet av flere aktører – blant de hundrevis av bedriftene som var involvert – og at jeg kan være enig i fremstillingen, sier kanskje noe om hvor vellykket samarbeidet var.

Sjølv står Lundevall bak kapitlet om prosjektering og byggeprosess. Det gjev innblikk i utviklinga år for år; frå Snøhetta sine første visjonar kring prosjektet i år 2000, til konkurranseutkastet i 2001 var eit konkret prosjekt. Vidare trinn for trinn gjennom utfordingar, konfliktar, uro og endringar mot ferdigstillinga i 2008.

Langvarig forvirring

Nøyaktige skissar av huset, arbeidet med akustikken, gjennomgonger av innvendige og utvendige utsmykningar, det elektroniske systemet, teknologien – detaljar om alt dette samt meir finst nøye skildra i boka.

Men ved sjølve lanseringa sto forprosessen mest i fokus, med Odd Inge Skjævesland i spissen. Han gav ein rask gjennomgang av det politiske forspelet, og bad Anne Enger (tidlegare Lahnstein) utdjupa.

– Operasaken er paradoksenes sak, sa han innleiingsvis, og påpeikte nokre av dei:

Ein kulturpersonlegdom som Åse Kleveland hadde tydeleg liten gjennomslagskraft på dette punktet i sitt eige parti – slik tilfellet var for fleire av tiårets kulturministrar. Andre typar politikarar, som Terje Rød-Larsen, Odd Einar Dørum og Britt Hildeng vart truleg meir avgjerande for prosessen. Høgre, det kanskje mest opera-elskande partiet av alle, stemte saman med Frp imot ei plassering i Bjørvika. Og då det nærma seg eit vedtak om byggjing – og Aftenposten stilte spørsmål til ei rekkje politikarar – trudde få at det var i Bjørvika operaen kom til å liggja. ”Hvis det viser seg at Vestbanen er det beste alternativet, så går vi for det” uttalte Jens Stoltenberg – ikkje altfor lenge før ein vedtok det motsette.

Dragkampen kan karakteriserast som langvarig, forvirrande og frustrerande, hevda journalisten. Ei rekkje kulturministrar stanga hovudet i veggen, alt frå Syse-regjeringa i 1990 vedtok at den ville ”sørge for at det på Vestbanetomten kan bygges en opera”. Gong på gong mislukkast ein i å få fram noko vedtak både på spørsmålet om opera og om lokalisering. Fram til debatten altså vart spissa i 1998.

Ein hovudperson

Då spørsmålet om operahus vart debattert i juni, kom ein stadig ikkje til noka semje på Stortinget. Men denne gongen gav ein seg ikkje. Då Vestbanealternativet sprakk freista dåverande kulturminister, Anne Enger, på nytt. No med Bjørvika i tanken.

Skjæveland er klår i si framstilling:

– Jeg er overbevist om at dersom det ikke hadde vært for Anne Enger, hadde operaen fremdeles ligget på på Youngstoget, sa han under lanseringa.

– Jeg synes teksten er edruelig skrevet. Jeg kjenner meg igjen i den, men det var nok mange flere enn meg som sto på for å få dette til, repliserte Enger. – Den politiske etappen jeg fikk ansvar for, var viktig – et vedtak måtte vi ha. Men mange var viktige. Embedsverket i departementet var avgjørende for å komme videre.

Var det vanskeleg å få med seg resten av regjeringa i eit prosjekt som var dyrare enn Vestbane-løysninga? spurde Skjævesland.

– Da vi fikk inn i regjeringserklæringen innledningsvis at vi skulle legge fram en stortingsmelding om ny opera, var nok det avgjørende. Men vi må huske at det også i 1998 var en økonomisk krise her i landet, og det var vanskelig å foreslå en så stor sum brukt på opera. For mitt parti var dette med samferdselsinvesteringer et tema. Bare tanken på hvilket arbeid som måtte utføres med trafikken rundt Bjørvika gjorde at det egentlig var utenkelig å ta opp faktorene det ville utløse å flytte operaen dit. Derfor snakket vi bare om operaen, sa Enger – etterfulgt av nytt spørsmål frå Skjævesland:

Du skjøv bevisst løsningen av disse andre aspektene over på andre, kommende regjeringer?

– Ja, vi måtte ta det første først. Men selvfølgelig visste vi at hele området måtte rustes opp. Vi visste også at tanken på å diskutere dette ville ødelegge alt. Vi visste at det ville bli økte omkostninger til drift, og Frp var de eneste som snakket om det. Men parallelt hadde vi en overskridelse på utbyggingen av oljefeltet Åsgård. Den tilsvarte 10 operabygg. Det var snakk om mye penger, og det gjorde meg frimodig, sa Enger.

– Men det var vel et lykketreff at vi kom i havn. Akkurat som at det er et lykketreff at man, ni år etter vedtaket, faktisk er i rute med arbeidet på E18 ved Bjørvika.

Boka er utgiven på Opera Forlag.

Publisert:

Del: