Rikskonsertane er opptekne av at dataspelet ikkje skal bli ei døgnfluge, men det spørs om dei held følge med borna, meiner Olav Opsvik.

Det har blitt brukt store ord og store summar på Rikskonsertane si siste satsing, det nettbaserte musikkdataspelet Lyderia. Med eit budsjett på om lag ti millionar kroner til ei utvikling- og lanseringsperiode over to år skal spelet, ifølge Rikskonsertane sjølve, “revolusjonere” musikktimane i grunnskulen.

Så kva går det ut på eigentleg? Kven som helst kan lage seg ein brukar og prøve sjølve på Lyderia.no (fungerer best med Chrome) eller laste ned appen til nettbrett og telefon. Der inne kan ein — eller altså borna — prøve seg på oppgåver innanfor førebels ni kategoriar.

Mange av kategoriane er presentert gjennom meir eller mindre kjente artistar, som rappar Don Martin, den sample-baserte elektronikaduoen Jervaas eller Amina Sewali og hennar “Bare Amina-orkester”. Oppgåvene er knytt til artistane sine framgangsmåtar som utøvarar og musikkskaparar.

Amina Sewali og hennar "Bare Amina-orkester
Amina Sewali og hennar “Bare Amina-orkester

Ikkje eit typisk dataspel
Konseptet dataspel skapar nok ulike assosiasjonar hos folk. Sjølv forventa eg instinktivt eit meir interaktivt univers, gjerne med ein karakter som eg kunne flytta rundt og spela gjennom, for det er slik eg har spelt dataspel då eg vaks opp. Men bortsett frå ulike variantar av ein litt forenkla lydmiksar som ein kan bruka til behandling, kombinering og koding av lydfiler, er mesteparten av spelet basert på veldig enkle konsept, teknisk sett. Og det er ingen andre ein spelar gjennom, spelet snakkar heller direkte til brukaren.

Bendik Baksaas og Kjetil Jerve i Jervaas
Bendik Baksaas og Kjetil Jerve i Jervaas

I stor grad handlar spelet — og oppgåvene — om å la borna utvikle kunnskap i og om musikk. Ein skal til dømes svare på spørsmål i ein coverlåtquiz, synge inn korstemmer sjølv eller skrive sin eigen rap. Ved første augekast såg eg openbare utfordringar knytt til dette.

For det første frykta eg at dette skulle verka for kjedeleg, samanlikna med spel som gir meir direkte stimuli og som borna har tilgjengeleg gjennom konsollar, nettbrett og telefonar allereie. Korleis skal spelet kunne konkurrere med mykje meir pengesterke og utviklingsdyktige, kommersielle aktørar?

Vidare kjente eg at spelet forlanga litt for mykje av meg når eg måtte stemme i og synge og rappe åleine på kontoret. Er det verkeleg mogleg å få borna til å gå med på slike premiss, og vil dei ikkje trenge masse hjelp?

Lyd og bilete-oppgåve frå Jervaas
Lyd og bilete-oppgåve frå Jervaas

– Ekstrem skilnad på born og vaksne
Før eg fekk sjå spelet brukt i sitt rette element, altså med skuleborn, tok eg med desse spørsmåla til Rikskonsertane, ved direktør Turid Birkeland og prosjektleiar for Lyderia, Kjetil Moen.

– Med alt frå namneval til sjølve spelet er det ekstrem skilnad mellom korleis vi som vaksne opplever det og korleis borna opplever det, slo Birkeland fast. – Så for oss har det vore vesentleg å ha med born som våre ekspertar som gir tilbakemelding gjennom heile prosessen.

– Har de sjølve prøvd å synge og lage rap, slik spelet legg opp til?

– Det er typisk at vi vaksne berre latar som vi spelar når vi skal teste slike spel, så vi har vore opptekne av at alle vi skal gjere det slik spelet er tenkt, forklarar Moen. Sjølv har han mellom anna laga ein Bøler-rap heime i stova si. Birkeland har trua på at dagens unge tek slike utfordringar, og vonar borna også vil ta spelet i bruk heime.

– Teknologien har også forandra borna. Det å stå framfor eit kamera har blitt mykje meir vanleg, og terskelen deira er lågare, trur eg, enn den er til dømes for meg, sa ho. Og Moen hadde bevisføring for påstanden.

– Allereie no, berre eit par veker etter lansering, har eg over 40 sider med raptekstar som born har laga.

Skjermdump av Lyderia tidleg i spelet
Skjermdump av Lyderia tidleg i spelet

Fordel å ikkje vere kommersiell
Men sjølv om elevane kanskje vil meistre spelet godt nok, blir Lyderia neppe det neste Angry Birds eller Candy Crush, eit slikt spel som er enkelt og ta i bruk og gir umiddelbar respons til spelarens handlingar, i form av til dømes animasjonar og lydar. Det skal det heller ikkje vere, poengterer Birkeland og Moen.

– Vi har ti tusen konsertar der ute og rom for skape ein heilt annan relasjon med skulen og elevane enn kommersielle spillskaparar. I tillegg har vi kunnskap om skulen og har knyta spelet tett opp til læreplanen, som igjen har gjort at fleire lærarar no har skaffa seg lærartilgang, forklarte Birkeland. – Samtidig må vi klare å fornye oss slik at elevane ikkje sit med dei same oppgåvene eit år frå no. Eg vonar vi får til det, sa ho.

Drift og vidareutviklinga av Lyderia blir no ein vesentleg del av den daglege drifta hjå Rikskonsertane.

Moen meiner plattforma slik den er no, med relativt enkle oppgåver, teknisk sett, er den rette vegen å gå.

– Det var eit viktig poeng at dette ikkje skulle vere ein “quick-fix”, ein kjapp app som blir kjempepopulær i ei veke, men heller ei løysing som Rikskonsertane kan bruke over tid, sa Moen.

André Stortuen
André Stortuen

Positive musikklærarar
Både Moen og Birkeland var tydeleg spente på mottakinga. Eg tok turen til Rustad skole i Oslo og besøkte sjetteklassingar som prøvde spelet for andre gang, under leiing av musikklærarane Andre Stortuen og Ingvild Plaum. Begge to var positive til spelet så langt.

– Med tanke på læreplanen og kompetansemål i musikkfaget, har eg førebels inntrykk av at Lyderia fungerer bra. Det er kjempeviktig at borna får eit inntrykk av korleis det er å musisere digitalt, sa Stortuen då vi snakka om lydmiks-funksjonen i spelet.

– Det er fint at elevane blir introdusert for ulike sjangrar og får jobbe kreativt, meinte Plaum. – Samtidig er det variert meistringsgrad og veldig ulikt kor komfortable elevane er med å uttrykke seg, anten det er her på datarommet eller heime, forklarte ho.

Det er ikkje vanskeleg å seie seg samd i vurderingane Stortuen og Plaum hadde gjort seg så langt. Bortsett frå klassisk musikk er der allereie ganske stor breidde sjangermessig i Lyderia. I tillegg vert musikken borna får oppleve presentert musikk i mange ulike format, anten det er gjennom musikkvideoar i coverlåtquizen eller meir pedagogisk, som når Jervaas syner korleis dei tenker, før ein går direkte til oppgåver der ein knytter visuelle assosiasjonar til musikken. Slik vert også lytting og handling tett samankopla.

André Stortuen instruerer 6. klassingar på Rustad skole
André Stortuen instruerer 6. klassingar på Rustad skole

Gal professor og riktig musikk
– Går det an å kjøpe poeng her? spurte ein litt utolmodig elev på datarommet på Rustad skole. Andre var meir konsentrerte og meir opptekne av musikken dei får høyre i spelet.

– Taylor Swift! Lett! sa ei mange som prøvde seg på coverlåt-quizen. Dei musikalske referansane såg ut til å treffe sjetteklassingar bra.

Det såg også ut som dei fleste meistra spelet heilt fint, sjølv om eg fekk høve til å hjelpe ei litt med ein digital miksepult som hadde gått i stå. Elevane jobba sjølvstending, men mange var ivrige på å syne kvarandre resultata av oppgåvene sine. Slik sett var det også ein fordel at elevane kan velje fritt kva rekkefølgje dei tek føre seg dei ulike oppgåverekkene i, på den måten at sidemannen gjerne fekk ei smakebit av kva meir som kunne prøvast ut.

Eg tok ein prat med Tuva og Maja (11 år), medan dei løyste oppgåver i ganske bra tempo. Tuva fortel at ho har prøvd spelet ein del heime sidan første timen.

Forstyrra Dr Frank
Forstyrra Dr Frank

– Men eg måtte avbryte kvar gang, for det var for lange oppdrag, forklarte ho. Tuva var mest glad i koding med den tilsynelatande mentalt forstyrra professoren Dr. Frank.

– Han er morsom og litt gal, sa ho. Dr. Frank er så langt den einaste fiktive karakteren i Lyderia, og han forklarar elevane korleis musikk vert representert visuelt, altså koda. Opplegget er ganske pedagogisk “kamuflert” gjennom hans sterke karakter og intuitive oppgåver som til dømes å skape rytmer ut av mønsteret i ei kuleramme.

Maja er mest glad i musikaloppgåvene der ein skal synge sjølv.

– Eg har prøvd å synge litt heime. Det er gøy!, konstaterte ho. I musikaloppgåvene skal ein mellom anna lære seg ulike korstemmer i ei låt og spele dei inn sjølve.

Lydira i bruk. Ingvild Plaum til høgre, Andre Stortuen til venstre
Lydira i bruk. Ingvild Plaum til høgre, Andre Stortuen til venstre

Runda spelet etter to skuletimar
Ingvild Plaum var også oppteken av at det var viktig at nye oppgåver kjem fortløpande for å halde interessa oppe blant elevane. Og akkurat medan vi snakka om det, rekte Albion (11 år) opp handa.

– Eg er ferdig, sa han. Etter to skuletimar hadde Albion fullført alle oppgåvene som er tilgjengelige så langt, og hadde samla opp heile 2558 poeng (ei fullført oppgåve gir vanlegvis rundt 40-50 poeng, men nokon gir opp til 120). Albion var godt nøgd med spelet, sjølv om der hadde vore litt bugs undervegs.

– Koding er best, men synging er også litt gøy, slo han fast.

Koding med Dr Frank
Koding med Dr Frank

Blir ei stund til neste gang
Med tanke på Albions prestasjon undra Plaum seg på om det ville bli ei stund til neste gang dei brukar Lyderia med sjetteklassingane på Rustad skole, og ho er spent på mottakinga blant yngre elevar, både med tanke på meistring og kor vidt musikken treff på same måten.

Rikskonsertane har ein jobb å gjere om dei skal halde følge med kvikke, digitalt kompetente skuleborn, sjølv om ikkje alle hadde vore like raske eller like aktive med spelet heime som Albion.

Heldigvis betyr også det at dei har treft godt med innhald, både musikalsk og pedagogisk, og min skepsis i byrjinga blei i stor grad avkrefta. Besøket til Rustad skole synte at elevane får ganske effektivt innsyn i mange sider ved musikk gjennom Lyderia, både som lyttarar og som utøvarar. Dei varierte oppgåvene gjer også at elevane på kort tid har fått skape mange ulike ting knyta til musikk, anten det er små “remixar” gjennom lydmiksaren eller ein kort tekst om kva slags assosiasjonar musikken gjev dei. Dette fordrar ei sunn og nyfiken tilnærming til musikk generelt, som eg trur er ein god veg å gå for skulen.

Erfaringane eg gjorde på Rustad skole syner at Lyderia er på rett spor, men sjølv om dei teknologiske rammene bør gjere det enkelt å produsere nytt innhald, er det ikkje tvil om at Rikskonsertane har laga seg arbeid i uoverskueleg framtid.

Publisert:

Del: