Per Gynt-stemnet satsar i år på barn og unge. I august skal Lyden tå Gudbrandsdalen i støypeskeia og smeltast om. – Under paraplyen Lyden tå Gudbrandsdalen lanserar vi to prosjekt retta mot barn og unge, samplarverkstad og ein slagkraftverkstad, seier Bjørn Sletten i Peer Gynt A/S. Slagkraft! set fokus på slagverk – frå tradisjonsmusikk til perkusjon og rytmisk musikk. I samband med Grieg 07 blir det arrangert samplarverkstad med komponist og lydkunstnar Bjarne Kvinnsland.

Peer Gynt_1_07

Av Heidi Nesttun Sunde

Norsk kulturråd

I år går Lyden tå Gudbrandsdalen att som ein raud tråd gjennom alle dei større postane på programmet under Per Gynt-stemnet. Dette er òg fellesnemnaren for den nye storsatsinga for barn og unge.

– Vi ønskjer å overføre den fagkompetansen som ligg hjå våre profesjonelle utøvarar til barn og unge som satsar på kunst og kultur. Under paraplyen Lyden tå Gudbrandsdalen lanserar vi difor to prosjekt retta mot barn og unge, samplarverkstad og ein slagkraftverkstad, seier Bjørn Sletten i Peer Gynt A/S.

Samplarverkstad

I samband med Grieg-året 2007 blir det arrangert samplarverkstad med komponist og lydkunstnar Bjarne Kvinnsland. Edvard Grieg var si tids samplar – lydar frå naturen og tonane frå folkemusikken var blant hans viktigaste inspirasjonskjelder.

— Vi inviterer difor ungdom til å samle lydar og lage musikk. Lyden tå Gudbrandsdalen skal i støypeskeia og smeltast om. Samplarverkstaden blir ei unik moglegheit å læra seg nye måtar å skape musikk på, forklarar Sletten.

Deltakarane vil få innføring i heile prosessen frå innhenting av lydar, bearbeiding og tilrettelegging av innsamla materiale – og til framføring av ferdig komposisjon.

Slagkraft!

— Vi vil òg samle slagverkarar, trommeslagarar og slåttetrommemusikarar til ein spanande verkstad – Slagkraft! – med påfølgjande konsert under stemnet, forteljar Sletten.

Prosjektet er laga i samarbeid med slagverkarane Eirik Raude og Markus Hernes, som gjev ein spennande kombinasjon. Raude er ein av landets fremste klassiske slagverkarar, medan Hernes har brei erfaring frå R’n B, pop/rock og housemusikk. Ungdommane skal jobba med stilovergangar og fusjon mellom rytmisk slagverk, pop, rock og jazz, tradisjonsmusikk og klassisk slagverk.

Slagkraft! Blir etablert som ein større camp saman med Samplarverkstaden og Anitranett. Ein fellesnemnar for dei to prosjekta er deltakaranes eigne skapande prosessar og møtet med den profesjonelle kunstnaren.

Anitranett

Festivalleiinga vil òg vidareutvikle Anitranett, som blei etablert i 2006. Dette er eit nettverk som jobbar for å fremje dans som kunstform i Gudbrandsdalen og skal vere ein rekrutteringsarena for amatørdansarar til JUV. JUV er ei sjangerovergripande danseframsyning som kvart år inviterer om lag 15 dansarar til å delta saman med 8 profesjonelle dansarar.

Målgruppa for nysatsinga er barn og unge i alderen 10 – 19 år. Det er eit tilbod til barn og unge som allereie er inne i kulturskular og liknande, men òg eit fyrste møte med kunst og kultur.

I år er det regionen som er nedslagsfelt, men på sikt ønskjer Peer Gynt å utvide satsinga til å omfatte barn og unge – både nasjonalt og internasjonalt ifølgje Bjørn Sletten.

Norsk kulturråd gjev 100 000 kroner til Lyden tå Gudbrandsdalen.

Denne artikkelen er hentet fra Norsk kulturråd, og gjengis her med deres velvillige tillatelse.

Publisert:

Del: