Medan Den Norske Opera & Ballett vert skulda for å ikkje ha nok interesse for ny norsk musikkdramatikk, er det snart klart for urframføring av bestillingsverket ”Noreg-Brasil, ein opera” i Operahuset Nordfjord.

Fotball

Det er komponist Helge Førde som omtalar urframføringa av den nye operaen som “lyden av fotball”.

Denne lyden vert kanskje oftast assosiert med kubjøller, vuvuzelaer og skriking, men ikkje i dette høvet. Urframføringa av ”Noreg-Brasil, ein opera”, finn stad i Operahuset Nordfjord 5. oktober, landet sitt einaste operahus, sett vekk i frå storstova i Bjørvika. Opera Nordfjord har helde koken sidan hausten 1998, då dei starta friskt med å setje opp ”Flaggermusen” av Johan Strauss. Dette vart ein suksess, og sidan den tid har Opera Nordfjord spelt for fulle hus kvar haust, samt sikra seg ein plass på statsbudsjettet.

Hovudproduksjonen for hausten 2010 er eit tingingsverk av Are Kalvø og Helge Førde. Verket omhandlar den kjende fotballsigeren over Brasil i VM i 1998, og skildrar spelarar, trenarar, TV-kommentatorar og nokre einskildmenneske sine opplevingar. Regissør er Svein Sturla Hungnes, og i tillegg kan Opera Nordfjord skilte med talentfulle solistar, profesjonelle dansarar, eit profesjonelt operaorkester, og eit lokalt operakor med mykje entusiasme og pågangsmot.

Litt skeptisk i byrjinga
Kari Standal Pavelich er ei av eldskjelene bak Opera Nordfjord. Det var ho som fyrst kom på ideen å setje opp ein opera i Nordfjord, og sidan den tid har ho hatt hendene fulle. Standal Pavelich kan fortelje meir om korleis den noko spesielle fotballoperaen vart til.

— Det byrja som eit initiativ frå komponist Helge Førde. Han tok kontakt med operaleiinga, og sa han gjerne ville lage ein samtidsopera med Are Kalvø som librettist. Førde hadde allereie nokre idear, og styret var positivt. Kalvø derimot vart nok litt overraska då han vart spurd. Han hadde ikkje hatt noko erfaring med opera frå tidlegare, men vart veldig nyfiken, og sa ja etter litt tenkjetid. Vi i operaleiinga stilte Førde og Kalvø fritt i forhold til tema, og då valte Kalvø fotballkampen Noreg-Brasil i 1998. Denne hadde brakt fram mykje lidenskap og store kjensler hjå han, så han tykte den passa godt inn i ein opera.

— Korleis reagerte operaleiinga på ideen om å kombinere fotball med opera?

— Eg skal vedgå at eg var litt skeptisk heilt i byrjinga, men samstundes var det veldig interessant å sjå om vi fekk mobilisert idretten. Om ikkje musikk og idrett har så mykje til felles i utgangspunktet, så har begge eigenskapar som lokkar ut store kjensler i folk. Midt i prøvane ser vi no at val av tema var ei god avgjersle. Trass i skepsisen i byrjinga, er alle dei involverte no veldig positive, og kosar seg.

Arne Scheie som seg sjølv
Det kan verke vanskeleg å setje handlinga frå ein fotballkamp inn i ein to timar lang opera. Ikkje minst bør det by på ein del sceniske utfordringar. Her har Opera Nordfjord vore særs kreative, og Standal Pavelich kan fortelje om fleire innovative trekk.

— Korleis er handlinga lagt opp? Har Kjetil Rekdal til dømes ein eigen arie når han scorar?

— Ja, Rekdal syng ein del og er vesentleg for handlinga, men hovudrollene er ikkje fotballspelarar. Handlinga er basert på historia til fire vanlege folk, som vi blir kjende med parallelt. Gjennom desse namnlause karakterane, får vi oppleve vanskelege val i liv og kjærleik, medan kampen held på. Det skjer mykje på scena heile tida, og det er aldri eit keisamt sekund. Vi har mellom anna filmar på storskjerm som rekonstruerer Flo-brørne sin oppvekst i Stryn. Vi har også filmar av Arne Scheie som spelar seg sjølv, men med Kalvø sin tekst. Handlinga er veldig humoristisk, karikert og overdriven, nesten som ein teikneserie. Dette er Kalvø sin hyllest til fotball og opera, med bøllete fotballspelarar frå Brasil, og Flo-brørne som representerer dei gode kreftene.

— Følg verket den tradisjonelle stilen til komisk opera?

— Tja, det er ein komisk gjennomkomponert opera, om lag utan dialog. Stort sett er det også operasongarar som syng, men med fleire utradisjonelle verkemiddel, vert også uttrykket ganske moderne. Musikalsk sett er det ei blanding av mange forskjellige stilartar, som til dømes norsk samtidsmusikk, tradisjonell samba og blues, nokre jazzelement, samt enkelte kjende snuttar som ”Bønda i fra nord” som understrekar handlinga. Tonespråket er fleksibelt og tilpassar seg handlinga.

Modig og nytenkjande
Nordfjordeid er ei relativt lita bygd i Sogn og Fjordane, og folketalet samla i kommunen er på om lag 6000 menneskjer. Idretten, og då særskild fotballen har godt rotfeste blant lokalbefolkninga, men også operaen utmerkjer seg som eit interessefelt. Standal Pavelich vonar at oppsetninga av ”Noreg-Brasil, ein opera” også vil trekkje den meir idrettsorienterte delen av lokalbefolkninga til operahuset.

— Eg trur vi har ei god moglegheit til å trekkje dei idrettsinteresserte, ja. Vi ser allereie at vi har selt mykje billettar, og det verkar som det er fleire menn som viser entusiasme i år. Nokre av dei eldre operaentusiastane vil nok hellar ha klassikarar som Puccini eller Verdi, men då får dei heller vente til ”Tryllefløyten” neste år. Målet vårt er å trekkje fleire til operahuset, og gjerne eit nytt og ungt publikum. Det har også vore arti å trekkje inn folk frå idretten i dugnadsapparatet vårt. Vi har mellom anna nokre lokale unggutar som spelar i filmen om Flo-brørne, og dei tykkjer det er stor stas.

— Kvifor ynskte de å satse på ei ny norsk oppsetning, i staden for ein gammal klassikar?

— Vi tykkjer rett og slett at det er viktig, og at det er vår oppgåve som kulturinstitusjon. Vi skal vere litt modige å tenkje nytt, samstundes som vi gjer publikum kjend med gamle klassikarar. Vi vil gjerne gjere liknande ting framover, men bestillingsverk er mykje arbeid. To og eit halvt år tok det frå ideen vart fødd, til den vart sett ut i liv. Bestillingsverk kostar også ein del, så vi treng ekstra stønad. Sånn sett er det greiare å sette opp Mozart. Men det er spannande og naudsynt å gi nolevande komponistar ein sjanse som operakomponistar. Langtidsplanen vår er eit bestillingsverk kvart 3. år, med familien som målgruppe. Vi har berre ein oppsetnad i året og er avhengig av publikum, så vi må også tenke litt breitt og økonomisk. Tema må slå ann hjå publikum. Eg skulle sjølvsagt ynskje at vi kunne sleppe å ta slike omsyn, men breie oppsetningar vert også bra.

Treng du å komme i stemning før operabesøket? Dette klippet kan kanskje hjelpe:

Publisert:

Del: