KONSERTMELDING: Oslo Kammermusikkfestival rommar årleg ein konsert med Oslo Sinfonietta, der musikk av unge, norske komponistar, saman med “klassikarar” frå det 20. århundret står på programmet. Ballade var til stades i Gamle Logen for å høyra musikk av Debussy, Mæland, Matre og Nørgård. – Særleg dei usedvanleg såre mellomsatsane gjorde inntrykk, med tidvis solistisk instrumentasjon der skimrande, krystallklåre klangteppe vart teikna tett, nesten ugjennomtrengeleg, med fiolinen som mørkare motsvar, skriv Ballades meldar om Per Nørgårds “Helle Nacht”.

Oslo Sinfonietta08

Av Ida Habbestad

Det illusoriske vart hovudtema under Sinfonietta-konserten dette året, med Øyvind Mælands verk ”Mi-rage” i spissen.

”En luftspeiling oppstår oftest i ørkenen, på havet, eller på glohet asfalt: altså på steder der man er på vei fra ett sted til et annet, og ikke forestiller seg noe ”mirage”, skreiv Mæland i programkommentaren – og utdjupa sin fascinasjon for fenomenet:

”Luftspeilingen fører en lett i feil retning, helt til man forstår at det hele var en illusjon. Men for mange kunstnere er det nettopp det illusoriske, de flyktige bilder, en kilde til inspirasjon og skapende virksomhet”.

Tematiske samanhengar

Med eit slikt grunnande og ”flyktig” fokus tyktest valet av Debussy som klassikar denne kvelden talande. For sjølv om Mæland understreka at det ikkje var den musikalske impresjonismen som først og fremst var grunnlag for hans verk, var koplingane til ein impresjonistisk tankegang mange.

Ikkje minst i tematikk og tilnærminga til komposisjon; som draumesfæren av inntrykk ein gjerne forbind med Debussy sine verk. Eller like gjerne komponistens idear om progresjon gjennom andre verkemiddel enn dei reint harmoniske, slik ein gjerne kunne seia gjeldande for konsertens øvrige verk. Og som i si tid medverka til at historia om musikk kunne røra seg, frå ein stad til ein annan.

Det illusoriske som sådan er tydeleg i ”Prélude à l’après midi d’un faune”. Verket frå 1894, vart av komponisten sjølv karakterisert som nettopp eit inntrykk; ein musikalsk spegling av Stéphane Mallarmé sin tekst. Det er bygd opp programmatisk, med ei rekkje tablåaktige episodar der det heile ender med ein berusande draum. Dessutan berettar det om imaginære skapnader, som faunen sjølv og dei eventyrlege nymfene, som Mallarmé skildra:

”så klåre
lokkande, lette kroppar, liksom svevande i lufta
slumrande, samanfiltra som i ein døs”.

”Latterlige” fornyingar

Kombinasjonen av Debussy som klassikar og dagens unge komponistar tyktest òg spenstig i eit historisk perspektiv. Ser ein hundre år attende i tid, finn ein den første framføringa av Debussy sine verk i Noreg. 9. desember 1906 framførte Johan Halvorsen og Nationaltheatrets orkester både Faunens ettermiddag og Debussy-verk som “Nuages” og “Fêtes” – om ein enn måtte venta på den store begeistringa.

”…Hvad begeistrede Nystrævere jevnlig bringe tiltorvs om Omstrytning af orthodox Formalisme og pueristisk Harmonistik, er nærmest latterligt, også overfor denne Komponists Fornyelser”, skreiv Otto Winter-Hjelm om møtet i Aftenposten, og forklarte vidare kvifor Debussy neppe var eit namn å merka seg.

Med det føya han seg inn i ei lengre rekkje av norske meldarar som i stort ikkje likte kva dei høyrde, og det skulle ta om lag 20 år før komponisten heilt kunne takast inn i varmen – i dagspressa. Debussy er ikkje den einaste som har fått ei slik mottaking, og for meg understrekar historia kor viktig høvet for utprøving av det nye faktisk er.

Gjennomsiktig Faun

Ein fascinerande parallell under kveldens konsert fanst òg til Schönbergs forening for musikalske privatframføringar, der poenget nettopp var å skapa rom for musikken som ikkje alltid har gehør i det kommersielle rommet.

Kveldens versjon av Debussy-preludiet vart nemlig arrangert for musikkforeninga i Wien tidleg førre århundret – i ei så sparsommeleg utgåve som mogleg. Resultatet; ei transparent, klår utgåve gav rom for fleire detaljar enn ein gjerne høyrer i større instrumenterte variantar. Med det kunne sinfoniettaen unngå dei vage, i overkant utydelege bilete som tidvis sjenerer tolkingar av Debussy.

Samstundes baud denne versjonen på andre utfordringar. Mellom anna i framstillinga av det varme, mystiske klangbiletet som kanskje ikkje er mogleg utan eit større antal strykarar – og som vart eit sakn for underteikna her.

I det gjennomskinnelege partituret fanst dessutan ikkje rom for anna enn presisjon, og eg skulle gjerne ha høyrt eit meir samspelt Oslo Sinfonietta i dette første verket. Mellom mange fint fraserte enkeltstemmer oppsto gnisningar når avslutninga på ein frase og overgongen til ein ny ikkje alltid møtte kvarandre. Fleire slike rykk og andre, mindre presise hendingar forstyrra i mine øyre illusjonen om idyll og ro.

Nyfikne

Meir overtydande framsto sinfoniettaen under resten av konserten. Først med tolkinga av Mælands flyktige bilete, og dinest i Matre sitt ”Atem”. Begge desse framføringane skapte ynskje om gjenhøyr; ei nyfikne etter å komma begge dei to komponistane nærare til livs. Dels avdi møtene var spanande, dels avdi det ofte kjenst umogleg å komma innpå nye verk etter berre ein gongs gjennomlytting – særleg når referansene er få.

I sær var ”Mi-rage” vanskeleg å gripa. Med mykje informasjon på kort tid, virka verket nettopp som ei luftspegling, der essensen er flytande – og verket var over før eg lukkast finna taket på kva Mæland eigentleg ville. Med tanke på Mæland sin inngangskommentar om det flyktige, kan intensjonen gjerne seiast oppnådd, og samstundes er eg overtydd om at eg ville fått ei rikare oppleving ved lytting nummer to.

Ideane fekk meir tid til å manifestera seg i det etterfølgjande ”Atem”, og sjølv om Matre i programmet formidla sin hensikt om å instrumentera eit slags ”ghost ensemble” som berre unntaksvis lukkast produsera klårt definerte klangar, virka verket forundringsverdig handfast på meg.

’Atem’ tyder andedrett, og frå innleiinga vart assosiasjonane mine leia meir mot pusten som konkret fenomen enn mot det intendert diffuse. Her var heilt konkret, jamn rytmikk slik andedrettet gjerne har, stilt mot abrupte, eksplosive impuls-utbrot som med jamne mellomrom utover verket oppsto i slagverket (og som fascinerande nok fekk enkelte til å skvetta til; så pusten vart rykt ut av si eiga rytme for eit augneblikk). Her var ujamne andedrag, instrumentgrupper som kontrasterte kvarandre før dei kom saman, samla seg om ei tone – som om dei heile tida jakta etter den innleiiande rytma; leikande og organisk.

Mørker og lys

For meg kom imidlertid det største høgdepunktet heilt til slutt, også her med tydeleg manifesterte idear.

Per Nørgårds fiolinkonsert, ”Helle Nacht” spelar på mørker og lys, og det var spanande å følgja korleis solostemma i dette verket nettopp baserte seg på slike kontrastar; med eigne kontrasterande parti og som ein motsetnad til ensemblet. Særleg dei usedvanleg såre mellomsatsane gjorde inntrykk, med tidvis solistisk instrumentasjon der skimrande, krystallklåre klangteppe vart teikna tett, nesten ugjennomtrengeleg, med fiolinen som mørkare motsvar.

Solist David Coucheron gjennomførte med teknisk presisjon i yttersatsane og teikna dessutan vare bilete i dei langsomme partia. Han og ensemblet overtydde med dette underteikna til fulle.

Publisert:

Del: