Det er feil å hevde at LOK-støtten har vært dyr å administrere, sier Frode Rolandsgard i Landslaget for spelemenn. – Bare 5 % av midlene er brukt til byråkrati, skriver han. Rolandsgard tilbakeviser dermed May Hansens (SV) påstand i gårsdagens Ballade.

Matematikk_illustrasjon

Av Frode Rolandsgard

Ei av grunngjevingane som kulturminister Trond Giske hadde for å fjerne LOK-ordninga, var at ordninga var dyr å administrere, og den same grunngjevinga gjev May Hansen frå SV i går.

På direkte spørsmål svarar Kulturrådet no at dei berre har brukt ca. 5-6% av midlane til administrasjon, noko som er svært lågt.

Desse opplysningane vart sendt av kulturrådet til departementet i sommar, og set avgjerda i eit endå merkelegare lys.

Landslaget for spelemenn foreslår at konsertarrangørar no søkjer kommunane sine om dei midlane dei normalt ville ha søkt inn frå LOK-ordninga. Dersom desse søknadene ikkje blir innvilga, vil vi ta initiativ til at kopi av søknadene og svarbreva blir sendt direkte til Trond Giske med spørsmål om kvar vi då skal finne pengane.

Vi foreslår at sjangerorganisasjonane gjer denne jobben.

Giske til ansvar i 2007!

Publisert:

Del: