Sekkepipespelarar frå Romania, felespelarar frå Shetland, svenske, slovakiske og norske utøvarar står på programmet i Rauland neste veke.

Rauland Internasjonale Vinterfestival går av stabelen kort etter at Vinje kommune vart kåra som landets mest mest offensive og oppegåande kulturkommune i 2009.

Gjennom fire dagar tilbyr festivalen kurs i engelske og franske folkeviser, norsk kveding, svensk felespel og slovakisk folkedans.


(Mark Laurenson / MySpace)

Festivalen stiller spørsmål gjennom seminaret: har “sounden”/stilen/uttrykket i dagens folkemusikk og –danseutøving utvikla seg til å bli fellesnordisk? Der får deltakarane mellom anna diskutera med innleiiar Fiona Talkington, ei av BBC’s spesialmedarbeidarar innafor folkemusikk.


(Kevin Henderson / My Space)

Det vert òg konsertar, mellom anna med Shetlandskveld i regi av Kevin Henderson, Mark Laurenson og Vidar Skrede. Dessutan opptrer den legendariske gruppa Fratij Petreus frå Romania, samt vår eigen multikulturelle kunstnar Gabriel Fliflet.


(Vidar Skrede / MP3)

For øvrig vert det handverk, iskunst, utstillingar og kappleik under festivalen som finn stad 11.-15. februar.

Fullstendig program finn du her.

Publisert:

Del: