Visesongaren Louis Jacoby frå Larvik lå på topp i platehyllene før jul. CD-en er kanskje ikkje død likevel?

Louis Jacoby, © Pressefoto

Ballade fekk tilsendt eit bilete av topplista i platehylla på Platekompaniet før jul – øvst trona Louis Jacoby med plata Litt Gammal. Larvikingen har selt 3250 eksemplar på nokre få månader.

Platehylla hos Platekompaniet i desember 2018, Louis Jacoby på topp, © Privat bilde brukt i sosiale medier

Ballade møtte Louis Jacoby på Schous Plass i Oslo for ein prat om korleis i alle dagar dette kunne gå til.

– Eg hadde eigentleg gitt opp. Dei to siste albuma mine har ikkje blitt formatert, og dermed fått minimalt med radiospeling. Eg har tidlegare, som andre artistar, betalt PR-folk for å promotere inn mot ulike kanalar, men det har ikkje lønt seg.

Denne gongen har plata levd sitt eige liv. Under radaren.

På nittitalet vart Jacoby si låt “Hverdag” kåra til ei av Noregs nasjonalviser. Den blir framleis spelt i ny og ne på radio. Jacoby sine tre siste plater har han gitt ut på eige selskap, Morild forlag.

– Det er liksom den einaste sjansen du har til å berge deg nokon lunde økonomisk. Alle dei tre platene har tent seg inn sjølv. Ikkje på 1-2-3, sjølvsagt, bortsett frå denne siste, som var førehandseld i 1200 eksemplar!

Han viser stolt fram Litt Gammal. Framleis lettare sjokka.

– Eg hadde gått svanger med denne plata lenge før eg til slutt ringte Lars Martin (Myhre, journ.anm) og sa: “nå bare gir vi´n ut”. Då var eg klar for å gå skikkelig i underskott altså, men eg berre måtte.

Det er spesielt tittellåta “Litt Gammal” som har sett seg i folket. Før plata vart gitt ut, spelte han låta live på programmet «Jakobsen» på NRK P1+. På vei ned trappa på Marienlyst etter sending fekk han ein telefon.

– Ei dame på 82 år. “Hallo, du. Du har skrive ei låt om mannen min. Kvar kan eg få tak i den?”

Sidan den gong har folk ringt inn nesten kvar veke og ynskt seg låta i radioprogramma «Ønskekonserten» og «Jukeboks».

Platecoveret til “Litt gammal”, © Faksimile platecover

Kva var det som traff med denne låta, trur du?

– Eg kallar det eit velmeinande harselas med det å bli eldre. Eg har ikkje så mange gode eigenskapar, men eg har éin – sjølvironien.

Sjølvironien går igjen i “Litt Gammal”:

“Automatgir er en drøm – og du er den som
drar på kryss og tvers helt til du finner frem
til en parkeringsplass som du kan kjøre gjennom,
så du slipper rygge ut når du skal hjem.”

Poesien i pikslar
Jacoby er ingen gammal, bitter skeptikar som ikkje vil bruke ny teknologi. Det er ikkje tvil om at mykje av suksessen bak plata ligg i delingar på sosiale medier. Ein video av Jacoby som spelar “Litt Gammal” på ein konsert gjekk nærast “viralt”. Han set pris på moglegheitene i Facebook og nyttar sine 20 600 følgarar som kollokviegruppe.

– Eg plar legge ut viser eg endå ikkje er heilt ferdig med, eller er usikker på om eg skal ta vidare, og sjå av reaksjonane om eg vil bruke dei. Eg merkar jo at eg blir litt barnsleg innimellom, og lyser opp når eg har fått nokre fleire likes. Men det eg har mest glede av er reaksjonane på tekstane – når folk seier at teksta går rett i hjertet. Eg skriv ut frå meg sjølv og er ærleg når eg skriv – då viser det seg at vi menneske eigentleg er veldig like.

Men å finne poesien i det teknologiske landskapet er ikkje alltid like lett.

– Vi visesongarar har jo som oftast lyst å finne ord og bilete frå naturen. Men ein dag tikka det inn eit ultralydbilete på telefonen min med teksten “Du skal bli bestefaren min. Gleder meg til å møte deg!”. Når ein får sjå sitt komande barnebarn i mors mage på telefonen, innser ein at vi lever i teknikkens verden.

Og slik vart låta “Prematur vuggevise” til, med ei linje som “Ørsmå piksler fra en Gabriel” i. Tenk at pikslar kan bli vakkert.

Louis Jacoby, © Pressefoto

“Litt gamle” folk er ikkje berre nostalgiske
Men radiospelinga er framleis det viktigaste, meiner Jacoby.

– Alle kjente og kjære låtar har blitt kjent gjennom radio.

– Etter eg vart spelt på p1+ i går fekk eg åtte bestillingar. Strømming er minimal inntekt for meg i den samanhengen.

Jacoby peikar på endringa i musikkformateringa til radiokanalane som ei stor utfordring for artistar som han. Då mista programleiarane moglegheita til å velje musikken sjølv, og må no rette seg etter formaterte spelelister.

– Om ein ikkje blir spelt på radio, er det å gi ut ein CD som å kaste ei bøtte vatn i havet. Det er jo keisamt om det berre blir ei fil på datamaskina, så ein vil jo gi ut ein CD. Å skrive på skrivebordsskuffa er jo ikkje noko moro – ein vil jo ha det ut til folk!

Men er det nokon som har cd-spelar lengre då?

– Det har jo sølvsagt litt med alder å gjere. Altså, har du ikkje CD-spelar, kjøper du ikkje CD. Men du har ein million bilar som har CD-spelar, berre der har du ein kjempemarknad. Er det ein stad folk høyrer musikk, er jo det i bilen. Og mange seier at dei likar å ha den fysiske greia – med cover og tekstar, osv.

Jacoby stussar på at ein trur “litt gamle” folk berre vil lulle seg inn i nostalgi.

– Av og til kan du jo få inntrykk av at Doris Day med “Que sera sera” er noko av det hippaste du kan få, ler Jacoby.

– Somme trur at vi berre vil høyre det vi høyrde i vår ungdom! Det er misforstått. Eg har til dømes hatt glede av OneRepublic sin “Counting stars”, eller Rag’n’boneman sin “Skin” – dei går jo rett heim hjå meg. Men altså…”Blåveispiken”…Det var nostalgi for mine foreldre, ikkje sant.

Kanskje det rår eit forelda syn på eldre?

– Ein sekstiåring i dag er kanskje annleis enn sekstiåringen for 30 år sidan. Det er godt mogleg det har ein samanheng med haldningane vi har med oss frå hippietida. Vi vil ha nye impulsar sjølv om vi er på vei til å bli gamle.

Publisert:

Del: