Borealisfestivalen søker festivalmedarbeider i halv stilling og anbud fra grafisk designer til neste års festival. Musikalsk favner Borealis alt fra modernistisk kunstmusikk til eksperimentell metall, noise og elektro. Søknadsfrist for begge stillingene er 6. september. Utlysningsteksten kan leses nedenfor.

Borealislogo

Borealis søker festivalmedarbeidar 50% stilling

Arbeidsoppgåver:

Administrasjon, økonomi, kontrakteringar og oppfølging av alle involverte.

Planlegging og kvalitetssikring av produksjoner. Søknadsførebuing til det offentlege og private.

Informasjon, organisasjonsarbeid, pressearbeid og marknadsføring.

Kvalifikasjonar:

Relevant praksis og/eller utdanning på universitets-/høyskolenivå, administrativ erfaring, økonomikompetanse, kjennskap til musikk/kulturfeltet og interesse for organisasjonsutvikling. God skriftlig og muntlig fremstillingsevne – både på norsk og engelsk.

Stillingen er særs utfordrande og interessant for ein som vil arbeide i krysningspunktet mellom kunstnerisk aktivitet og administrasjon.

Kortfatta søknad med CV og referansar sendast per e-post til nikko@borealisfestival.no eller per vanleg postgong til
Borealisfestivalen, Pb 183 Sentrum, 5014 BERGEN, innan 6. september.

Løn etter avtale. Pensjonsordning.

Nærare informasjon hjå nestleiar i styret, Aashild Grana – 92648111 – eller festivalsjef Nicholas H. Møllerhaug tlf. 95768044

*****

Anbod på grafisk formgjeving

Borealis søker grafisk formgjevar for neste års festival.

Borealis vender seg mot ei rekke publikumsgrupper i mange aldrar og med store skilnader i interesser. Festivalen femner om alt frå modernistisk kunstmusikk til eksperimentell metall, noise og elektro. Difor er formgjevinga vår ei særleg utfordrande oppgåve.

Formgjevaren har saman med festivalsjef hovudansvar for alt PR- og informasjonsmateriell for festivalen samt produksjonen av dette.

Spørsmål om arbeidet kan rettast til nikko@borealisfestival.no eller til 95768044

Anbod på formgjeving og trykking av materiell, med arbeidsprøver mailast til nikko@borealisfestival.no eller snailmailast til

Borealis, Pb 183 Sentrum, 5804 BERGEN innan 6. september.

Mer informasjon om festivalen finnes på hjemmesiden http://www.borealisfestival.no

Publisert:

Del: