Diktarpresten og folkevisesamlaren Magnus Brostrup Landstad blir feira over store delar av landet 200 år etter sin fødsel. Slekta hans var frå Verdal, og han var prest både i Kviteseid, Seljord, Vestfold og Østfold, så programmet for jubileumsåret er vidtfemnande geografisk såvel som tematisk. Agnes Buen Garnås er blant dei som feirer Landstad om dagen, med den ferske CDen “Han rider den mørke natt” på VIA Music.

Agnes Buen Garnås (Foto: Anders Bruen)

Av Tore Skaug, redaktør i Kvinten

Ein Landstad-CD, «Han rider den mørke natt», med Agnes Buen Garnås, Per Anders Buen Garnås, Sigbjørn Apeland og Marilyn Mazur, blei lansert i samband med ein konsert i Kviteseid gamle kyrkje 30. august, altså i den same kyrkja som Landstad preika for snart 170 år sidan. Ein reknar òg med at han i Kviteseid-tida, 1834-39, starta innsamlingsarbeidet sitt for alvor.

Marilyn Mazur var ikkje med på konserten i Kviteseid, men der fekk ein til gjengjeld høyre Jon M. Landstad fortelje om tippoldefaren som stod for to av 1800-talets mest skjelsetjande verk her til lands: Norske Folkeviser og salmeboka. Konserten til minne om den smålåtne åndshøvdingen blei dermed svært innhaldsrik og variert. Kvenne-Karis vise var det nesten sjølvsagte opningsnummeret, og derifrå vandra Agnes & co frå folketonar via Landstads eigne viser til dei mest kjende av salmane hans. Orda kom frå Landstads bøker og oppskrifter, mens melodistoffet skreiv seg frå ulike kjelder som Aslak Brekke, L.M.Lindeman og Bergit Evju frå Sauherad.

Utøvarane sjølve stod for enkle, øyrevennlege arrangement som stod godt til dei meir livsglade tekstane såvel som til dei litt dystre salmane. Det er Via Music som står for utgjevinga, og eit fyldig teksthefte er med på å gjera CD-en til eit verdfullt haldepunkt i jubileumsåret og eit godt minne for ettertida.

Kantate og kabaret
Elles blir Landstad feira med ein nyskriven kantate. Landstadinstituttet i Seljord har bede Henrik Ødegaard, komponist og kantor i Sauherad, lage ein kantate til jubileet, og 27. september blir «Stem nå alle gledens strenger» urframført i Nidarosdomen. Komponisten sjølv dirigerer Trondheim kammerkor, solistar er Berit Opheim, sopran, og Njål Sparbo, baryton, og på hardingfele og langeleik høyrer vi Einar Olav Larsen og Kari Lønnestad. Kantaten blir framført på nytt i Seljord kyrkje 5. oktober og i Sandefjord kyrkje helga etter.
Eyvind Skeie og Sigvald Tveit har laga ein kabaret bygd på Landstad-tekstar. «Fra disse jordens daler» blir å høyre med Bach-kor, Forsvarets distriksmusikkorps Østlandet, solistar og skodespelarar i Immanuels kirke i Halden 12. oktober.

Landstad voks opp i Vinje, der faren Hans Landstad var prest før han blei sokneprest i Seljord, og i Vinje blir det kvedarkurs og konsert andre helga i november med Landstads Norske Folkeviser som utgangspunkt. Lærarar blir Agnes Buen Garnås, Kirsten Bråten Berg, Halvor Håkanes og Øyonn Groven Myhren.

Maren Ramskeid
Også Landstad skreiv ned Draumkvedet, og sjølv sette han Maren Ramskeids versjon høgast. Det blei framført på Kviteseiddagen i august av Kari Lønnestad frå Bø, og det blir å høyre fleire gonger i løpet av Landstad-året – av Berit Opheim i St. Olavs kapell på Stiklestad 28. september og av Tone Juve på Sverresborg folkemuseum i Trondheim 5. oktober.

Maren Ramskeid var frå Brunkeberg i Kviteseid, og Åsgrend grendelag vil reise eit lite minnesmerke over kvinna som gav Landstad denne kostelege gåva før ho og familien hennar emigrerte til USA.

Også hovudstaden skal få merke at det er Landstad-år i år. Helga 26.-27.oktober blir det “Gjennom Landstads natt” i Oslo Aust. Det blir prosesjon med faklar og teaterinnslag fram til Jakobs kirke, der andre del av framsyninga går føre seg med kor, orkester og skodespelarane Hildegunn Riise og Bjørn Sundquist. Manuskripet er av Edvard Hoem og musikken av Sigvald Tveit. Kirkelig Kulturverksted i samarbeid med Landstadinstituttet står for arrangementet.

Denne artikkelen står også å lese i i det nye nummeret av Kvinten, som er kvartalsbladet til Norsk Folkemusikk- og Danselag.

Publisert:

Del: