DEBATT: Fredag vart det første Gjenlyd arrangert på musikkhøgskolen, og Astrid Kvalbein hadde samla den italienske songaren Amelia Cuni, den vietnamesiske komponisten Vu Nhat Tan og førsteamanuensis ved Griegakademiet Erik Steinskog til debatt. Er samtidsmusikken framleis den kvite manns domene? spurde Kvalbein paneldeltakarane.

Amelia Cuni/Foto: Ann Iren Ødeby, www.ulitma.no

Av Ida Habbestad

I det nyoppretta debattforumet ”Gjenlyd” skal aktuelle musikkfaglege problemstillingar opp til diskusjon, og i denne første omgangen var temaet samtidsmusikk, kjønn og etnisitet.

Oppfattar me framleis asiatiske, afrikanske og latinamerikanske musikkuttrykk som ”eksotiske andre” i høve til dei vestlege? Tek den klassiske musikkinstitusjonen og samtidskunsten den globale røynda inn over seg? Og (kvifor) er kvinna stadig ”det annet kjønn”, lydde problemstillinga, og møteleiar Astrid Kvalbein utdjupa dette innleiingsvis:

— Normalt har Ultima hatt 10% representasjon av kvinner på programmet. I år har dei satsa ekstra – og prosenten er auka til 15. Men det er beteiknande at det då er kvinnelege vokalistar som er satsinga, og at det er behørig reklamert for dei på rosa flyers, sa Kvalbein.

Ho peikte vidare på korleis det er særs få ikkje-vestlege.komponistar på Ultima; dette året er det einast 3 av 115 komponistar som representerar ein ikkje-vestleg tradisjon.

Og når ein så presenterer dei ikkje-vestlege uttrykka – korleis vel ein å framstilla dei? Kvalbein nytta Ultima-utstillinga ”Equatorial Rhythms” som utgangspunkt – og spurde om det kan henda ein framstillar musikken frå ekvator-landa som meir primitiv enn den komplekse vestlege musikken.

— Når Arditti-kvartetten held konsert er det form og struktur som står i fokus, medan ein kanskje vektlegg kvardagslivet; det rituelle, det fargerike i ”Equatorial Rhythms”, sa ho.

Kultur større problem enn kjønn

Først ut i panelet var den italienske songaren Amelia Cuni, som studerte dhrupad-song gjennom 10 år i India, før ho vende attende til Europa for å presentera den indiske musikken her, og samstundes opna opp for andre inspirasjonskjelder.

Cuni har soleis vorte ei foregangskvinne for å kombinera ulike stilartar, og som eit døme på dette var hennar konsert under Ultima torsdag – der ho tolka Cage sitt ”Solo 58”– iblanda nettopp den indiske songtradisjonen.

Cuni nytta tida til å fortelja om sine erfaringar frå studietida i India – som ein av få kvinnelege utøvarar (tradisjonelt sett vart det berre menn og kvinnelege kurtisaner som fekk utføra denne songen) – og ikkje minst om tida etter at ho kom attende til Europa. Her har dei største utfordringane ikkje har handla så mykje om at ho er kvinne, som om manglande forståing for den framande kulturen, fortalde songaren.

— Utdanningsinstitusjonane har eit stort ansvar her, sa Cuni, som peikte på korleis det for så vidt eksisterer undervisningstilbod i ikkje-vestleg musikk, men at dei er sjeldne – og at dei der dei eksisterer, sjeldan har nær kontakt med dei vestlege studieretningane.

— Verda utviklar seg og eg trur at lærarar i den komande generasjonen vert nøydde til å forhalda seg til framande uttrykk i større grad enn kva dei gjer i dag, sa Cuni.

Differensiert bilde

Nest ut var komponist, lyd- og performancekunstnar Vu Nhat Tan, som òg underviser i komposisjon i Vietnam. Tan, som kjenner til både den vestlege og ikkje-vestlege tradisjonen, teikna eit bilete av komponist-situasjonen i Vietnam som nokså ulik den vestlege.

— I og med at komponistane ikkje er plasserte inn i den lange etablerte vestlege kunstmusikktradisjonen – ikkje alle kjenner til den ein gong før dei byrjar komponera – tenkjer nok mange annleis. Ein går rett inn i samtidsmusikken, og ser seg ikkje nødvendigvis attende. Mange gjer bruk av dei elementa dei kan finna – ein blandar elektronikk, popmusikk, det klassiske og improvisasjonar, utan å gå inn i ei bestemt stilretning, meinte han.

Tan gav òg eit innblikk i korleis dei ulike landa i Asia har ulike utdanningssystem kva gjeld kor opne ein er for dei vestlege tradisjonane. Somme, som Japan og Kina har etterkvart vorte særs opne for vestleg innflyting, medan andre land, som India ikkje praktiserer vestleg kunstmusikkutdanning i det heile.

— Biletet er meir differensiert enn kva ein gjerne ser for seg når ein i Europa ser Asia som eit heile, sa Tan.

Historieskriving

Erik Steinskog, som hadde fått merkelappen ”den kvite mannen” i dette panelet, stilte i sitt innlegg mellom anna spørsmål om korleis den historiske konstruksjonen er laga; kva ein har inkludert og kvifor – og tilsvarande kva som er ekskludert.

— Den austlege påverknaden har vore til stades heile tida, heilt frå den gregorianske musikken sa Steinskog. – Spørsmålet er meir korleis ein har valt å skriva historia.

Steinskog peikte vidare på korleis han meinte at ein gjennom seminaret er med på å oppretthalda ein myte om at det eksisterer ein skilnad, mellom kjønna og mellom Europa og Asia.

Slik sett inntok Steinskog den mest oppsisjonelle posisjonen under forumet, men i diskusjonen som fulgde tyktest det vera lite usemje å spora mellom innleiiarane.

For hovudpoenget for dei fleste var kanskje, meir enn å debattera, å uttala eit ynskje: Ein sterkare representasjon av kvinner og av ikkje-vestlege uttrykk i samtidsmusikken – påbyrja av Ultima gjennom sine ”unike kvinnestemmer” – men òg i kommande år og i kunstmusikklivet generelt.

Publisert:

Del: