INTERVJU: Sigrid Moldestad er aktuell med plata “TAUS” som omhandlar ei rekkje sentrale kvinnelege felespelarar i Nordfjord og Sunnmøre frå 17- og 1800-talet. 15. november kjem bandet til Oslo, og me har samtalt med Moldestad om prosjektet. – Det at slike miljø ikkje er mykje referert til i vår tid, tyder ikkje nødvendigvis at dei ikkje fanst. Dei kan ha blitt teia i hel i ettertida seier felespelaren til Ballade.

Sigrid Moldestad 07

Av Ida Habbestad

Framsyninga ”Taus” hadde premiere i april, men materialet til prosjektet har levd med Sigrid Moldestad i lang tid. Delar av det musikalske materialet finst i den folkemusikalske tradisjonen hennar, og fenomenet – det store antalet kvinnelege felespelarane på Nordvestlandet – har ho kjent gjennom heile oppveksten.

— Då eg byrja research-arbeidet for eit par sidan forsto eg kor omfattande det var. Eg var ikkje klar over at det faktisk var så mange som heldt på med dette, seier Moldestad til Ballade.

Det dreier seg om eit tredvetals felespelarar som heldt til og var aktive i Nordfjord og på Sunnmøre mellom 1730 og 1880. Moldestad fortel at ein hovudmotivasjon bak arbeidet var å finna svar på kvifor tradisjonen fekk oppstå – og kvifor den sidan tok slutt.

— Eg fann ikkje noko eintydig svar på nokon av delane, seier Moldestad, som nemner eit utval moglege årsakar til at kvinnene først vart interesserte i å spela:

— At dei byrja å spela handla nok om at det var sosialt akseptert i den perioden, på ein annan måte enn både før og etter. Når dei først hadde sett i gang, vart det eit miljø av det, der kvinnene fungerte som forbilde for kvarandre. Fleire var i slekt eller budde i same distrikt, og dei gode spelarane drog meg seg andre. Det var ikkje endå komen nokon skremselspropaganda mot folkemusikken, seier ho.

Stor konsentrasjon

Den tette andelen kvinnelege felespelarar er nokså unik her til lands, meiner Moldestad.

— Eg kjenner i alle fall ikkje til andre store miljø på den tida. Det var nok eitt og anna kvinnenamn, mellom anna i Guldbrandsdalen og i Hallingdal, men frå desse miljøa kjenner eg berre til enkeltpersonar. Det er dessutan påfallande korleis somme av dei då har hatt tilnamn som ”Blinde-Marit” eller ”Blinde-Kjersti”; at dei har vore utanom det vanlege.

— Det spesielle i Nordfjord og på Sunnmøre var at det var ein så stor konsentrasjon – eit heilt miljø – av kvinnelege spelarar. Men så må ein sjølvsagt ta forbehald. Det at slike miljø ikkje er mykje refererte til i vår tid, tyder ikkje nødvendigvis at dei ikkje fanst; dei kan ha blitt teia i hel i ettertida, meiner Moldestad.

Det ei varierande mengd materiale som finst etter felespelarane som Moldestad har arbeidd med. Somme er representerte einast gjennom sin eksistens; ein veit kva dei heitte, at dei spelte, men ikkje noko vidare ut over det. Andre igjen har det vore lettare å få kjennskap til. Me spør Moldestad korleis ho har funne fram til dei ulike historiene?

— Det har vore mange kjelder, og i eit slikt prosjekt er det er vanskeleg å finna all informasjonen. Men gamle arkiv, intervju med lokalhistorikarar, leiting i bygdebøker og andre folkemusikkkjelder har vore til stor hjelp. Det er mange spor etter damene musikalsk sett – musikk som står i tradisjonen og er nytta i vår tid – og det er truleg meir av tradisjonsmaterialet som stammar frå dei, utan at det går klart fram, fortel felespelaren.

Haldningsendring

Den store glansperioden på nærare 100 år tok slutt med den pietistiske bølgja som kom på slutten av 1800-talet. Som målestokk nyttar Moldestad ein sentral musikar, Samuline Seljeset, som døydde i 1872, og peikar på at det etter henne ikkje kom nokon ny rekruttering til miljøet

— Haldningane til jentene vart generelt sett ganske endra. På bilete frå den tida ser ein korleis dei no sit med folda hender og gråtetørkle i handa. Det er andre modellar for kva som sømde seg, korleis ein skulle vera. Kjelder som levde på 1920 og 30-talet fortel at det ikkje lenger var akseptert for jenter å spela, og dei som spelte måtte gjera det i smug.

Men det var ikkje berre jentene som vart ramma av desse haldningsendringane?

— Nei, ”vekkelsesria” som kom over Nordvestlandet slo særleg sterkt ned på Sunnmøre, og fekk betydning også for dei mannlege spelarane. Det var ei generell haldning til musikken som noko negativt, ein såg hardingfela som djevelens instrument, og mykje av musikklivet døydde dermed ut. Fråhaldsrørsla vakna òg til liv på denne tida – for så vidt med god grunn når ein tenkjer på korleis det sto til i spelemannslivet – også dette fekk betydning. Det var ikkje eit slikt liv ein ønskte seg for jentene sine.

Ei historie om å bryta ut

På spørsmål om korleis tematikken kjem til uttrykk i framsyninga, svarer Moldestad at ho har ynskt å fortelja historia gjennom songar; både sine eigne og i tradisjonen etter dei kvinnelege felespelarane, og gjennom dette aktualisera det heile ut over den konkrete historia.

— Det har vore viktig for meg å formidla historia og musikken; ikkje dokumentarisk, men spegla gjennom den eg er. Det er meint som ein musikalsk hyllest til kvinnene, og hovudmålet har vore å verta meir kjent med dei. Samuline Seljeset til dømes, var mor til ni barn, ho mista fire av dei – og ho dro likevel på speleferd. Eg ynskjer å gjera kvinnene menneskelege, seier Moldestad.

— Samstundes er forestillinga like mykje ei historie om det å våge å bryta ut, å følgja sin indre tone. Det er viktig å kommunisera noko om vår eiga tid. For sjølv om dette er ei lokal historie er den aktuell i vår tid, stadig med tanke på kva som sømmer seg for jentene, og korleis ein kan bli teia i hel.

For du meiner at ein ikkje har oppnådd ei likestilling i dag?

— I høve til eit musikalsk standpunkt – på fele og mange andre instrument – er det bra; det er utruleg mange jenter som speler i vår tid. Men det er stadig instrument som ein knyttar mest til gutar, eller andre område der det er særlege haldningar som ligg på overflata, der jentene ikkje torer nærma seg. Men aller mest er det aktuelt i ein del andre kulturar som ikkje er særleg kvinnevenlege, svarer Moldestad.

Lanseringsturneen er lagt til traktene der folkemusikarane levde, men etter jul skal ensemblet ut på ei ny runde i større delar av landet.
15. november framfører Sigrid Moldestad TAUS saman med Sigbjørn Apeland, Anders Hall og Jørgen Sandvik i Kulturkirken Jakob, kl. 20.00
Meir informasjon på www.riksscenen.no

Publisert:

Del: