Etter fire år i Norsk folkemusikkformidling takkar Ola Berge for seg. I dette intervjuet ved inngangen til 2006 snakkar han om ein sjanger i enorm endring på kort tid, kvelande konsensus, klassiske klangideal, trendbaserte grupper, organisasjonar i konkurranse, bråkebytter, og folkemusikkens nye plass som likeverdig andre musikkformer i det organiserte profesjonelle musikklivet. Artikkelen er hentet fra folkemusikkbladet Kvinten.

Annbjørg Lien på Telemarkfestivalen

Tekst: Anne Hytta/Kvinten

— Akkurat no opplever eg at folkemusikkscena er veldig trendbasert.
Ola Berge snakkar om bølgja av folkemusikk-band som rår mykje av grunnen for det nye som vert presentert i dag. Dette er eit relativt nytt, ungt og ferskt miljø der mange dyktige utøvarar har musikkutdanning på høgste nivå. I motsetnad til andre nordiske land som Sverige og Danmark, har Norge ikkje ein lengre tradisjon for folkemusikk-grupper. Solistiske framføringar har rådd grunnen lenge, men no er det ein sterk tilvekst ambisiøse, spelesugne grupper som vil opp og fram, og som i iveren har utvikla nokre barnesjukdomar, meiner den tidlegare leiaren for Norsk folkemusikkformidling.
— Alt vert dratt langt ut i ulike retningar, det er mykje sceneshow med vel mykje regi til tider. Eg saknar uanstrengte konsertar med lun humor. Men eg trur dette vil roe seg med litt modning.

Folkemusikk på alvor

Etter fire år i Norsk folkemusikkformidling (Nff) er tida no komen for andre oppgåver for Ola Berge. Først og fremst skal han slutte å pendle mellom Tinn og Oslo, og bruke meir tid på familien. Stillinga i Nff, som vart oppretta då han starta, har gitt han moglegheit til å jobbe med musikken han har så sterke meiningar om og stort engasjement for.
— Eg er stolt over å ha vore den første i denne jobben, og at eg har bygd opp eit apparat rundt stillinga som er noko handfast. Eg og Jan Lothe Eriksen i Norsk Folkemusikk- og Danselag har jobba tett med andre musikkmiljø, som til dømes Music Export Norway, Norsk jazzforum og Musikkinformasjonssenteret MIC, og opplever at folkemusikk som sjanger no verkeleg blir tatt på alvor blant dei som produserer musikkbyråkratar. No er folkemusikk å rekne med.

Monaleg auke

I haust fekk folkemusikk-sektoren det ein må kunne kalle monaleg auke i løyvingane til ensemble og festivalar, mellom anna. Ola Berge meiner folkemusikk-organisasjonane har mykje ære for dette.
— Dette er eit gledeleg resultat av hardt arbeid. Musikkorganisasjonar får gjerne kritikk for å gjere for lite for utøvarane og ikkje vere effektive, men no får folk verkeleg sjå resultata av det langsiktige arbeidet organisasjonane gjer og har gjort over fleire år. Den siste tidas gledelege auke må nok sjåast særleg i samband med Samstemt-initiativet.

Samstemt, fellestiltaket mellom musikkorganisasjonane Norsk jazzforum, Norsk Rockforbund, NorgesNettet, FONO, Norsk Folkemusikk- og Danselag og Landslaget for Spelemenn, er musikkmiljøet sitt svar på kravet frå styresmaktene om meir sjangerovergripande samarbeid i kulturlivet. Dei fekk tidleg gehør for krava frå dei noverande regjeringspartia, som svarte med å lansere Kulturløftet, ei tiltakspakke for eit styrka kulturliv. Resultatet av dette ser ein i form av det nye kulturbudsjettet.

— Unikt samarbeid med Rikskonsertane

Ola Berge trekkjer raskt fram INTRO-folk når han blir spurt om ein ting som tyder noko spesielt gjennom tida han har hatt i Nff. INTRO-folk er lanseringsprogrammet for unge folkemusikarar han har jobba fram saman med Rikskonsertane og Den norske Folkemusikkscena, og som vart arrangert for første gong i 2005 då felegruppa Majorstuen vann.
— Arbeidet med INTRO-folk har vore heilt unikt, og det har også vore ein entré for større satsing på folkemusikk inn i Rikskonsertane. Der har det vore ei markant haldningsendring. Dei ønskjer oppriktig å satse på ein sjanger dei synest er spennande, sjølv om det framleis heng att nokre fordommar om folkemusikk som noko sært samstundes som dei promoterar sjølv den særaste jazzen.
Det er musikarane som har opna dørene for folkemusikk i Rikskonsertane på vid gap, meiner Berge, og trekkjer fram folkeoperaen Tryllefløyta som eit døme.

Konkurranse mellom organisasjoner

I jungelen av musikkorganisasjonar finst det heile tre som arbeider med folkemusikk, Landslaget for Spelemenn og Norsk Folkemusikk- og Dansarlag, og dessutan Noregs Ungdomslag, som for det meste jobbar med folkedansfeltet. I tillegg finst Rådet for folkemusikk og folkedans, somer ein sjølvstending institusjon organisert som ei stifting. Stiftinga har sete i Trondheim, og fungerer mellom anna som tilskotsinstitusjon under Kulturdepartementet.
— Eg synest ikkje denne situasjonen er optimal i folkemusikk-organiseringa. Slik situasjonen er no, er det likevel det vi må forhalde oss til. Hadde eg fått teikne mitt eige kart, ville det ikkje sett slik ut. Vi trår i kvarandre sine bed, og er usamde om fordelinga av oppgåver. Ein konkurransesituasjon kan vere bra, men det kan også føre til at arbeidet kjennest tyngre, fordi ein veit ein kunne fått til meir saman. Problemet er usemja om kva som er folkemusikken sitt beste, organisasjonskulturen er svært ulik. I den grad endring i organisajsonstrukturen skal skje, trur eg det må kome som eit pålegg utanfrå, til dømes Kultur- og kyrkjedepartementet. Men sjølvsagt finst det alternative måtar å organisere på utan å bygge ned den strukturen som eksisterer i dag.
Han nemner at organisasjonane kunne spesialisere seg meir innan ulike felt slik at ein får ein klar arbeidsdeling.

— Redde for å vere puristar

Ein skulle kanskje tru at med tre organisasjonar ville det vere ein levande debatt i folkemusikk-miljøet, men Ola Berge meiner det snarare tvert imot er ein kvelande konsensus.
— Ingen tør si noko av frykt for å bli bråkebytte. Eg meiner det aller viktigaste er levande debatt i miljøet. Om ingen orkar å engasjere seg, er det ein stor fare. For tida er det band og ensemble som rår grunnen, og eg saknar ein diskusjon om det. Miljøet har gått frå ein tilstand der Annbjørg Lien mest vart jaga ut av landet til totalt ukritisk omfamning av alt nytt. Eg kan nesten ikkje tenkje meg nokon annan musikksjanger som har gått gjennom så stor endring i løpet av så kort tid. Og det er ingen som pratar om dette. Eg ville tru dette var interessant stoff for kulturjournalistar, som til dømes finn nok av plass til å kommentere at barokkmusikarar går tilbake til originalinstrument. Men folk er redde for å framstå som puristar, og dei som står fram med kritikk er så langt ute på vingen at dei kan skremme folk som har litt meir nyansert kritikk å kome med. Det mest kontroversielle ein kan seie i dag, er at felespelet har mista kvalitetar. Det har blitt ei vedtatt sanning at vi aldri har hatt så mange gode utøvarar som i dag. Å opne opp for at noko har blitt borte i musikken, er ikkje noko ein bør vere redd for å ta opp. Men bordet har fanga, ein må legitimere tidlegare standpunkt, og ein vert redd for evaluering.
Ola Berge tenkjer her på den store debatten i folkemusikk-miljøet på 1980-talet der frontane utgjorde dei som ville arbeide både for bygdedans og gamaldans, og dei som meinte ein skulle arbeide spesielt for det eldre repertoaret. Ein kuriøs debatt for alle som ser det utanfrå, men ein kamp på blodig alvor for alle som deltok, som resulterte i varige uvenskap, og som ikkje minst resulterte i at utbrytarar frå Landslaget for Spelemenn danna Norsk Folkemusikk- og Danselag i 1987.

Klassiske ideal

— Folk orkar kanskje ikkje meir etter gamaldans-debatten på 1980-talet, trur Ola Berge.
Han trur at fleire av dei som på 80-talet jobba for å integrere gamaldans-sjangeren i organisasjonsarbeidet og dermed på sett og vis vart sett på som radikale, er redde for at kritiske synspunkt på utviklinga i dag kan setje dei i bås med dei som ville halde fram med berre å jobbe for den solistiske slåttespel- og kvedartradisjonen og som vart sett på som konservative, jamvel ortodokse.
— Og samstundes som folk vegrar seg for å syne at det er usemje, har vi eit uavklart begrepsapparat i folkemusikk-sjangeren. Sjølv om det finst nøye utarbeidde kriterie å døme musikken etter på kappleikscena, er ikkje dette noko den jamne lydar har eit forhald til. Vi har ikkje som rock- og jazzmiljøet makta å arbeide ut og formidle eit sjølvstendig begrepsapparat for å vurdere eigen sjanger. Det gjer at folk pratar fullstendig forbi kvarandre til tider. Det er mange døme på dette på alle nivå i debatten, og eit aktuelt døme er ordet «profesjonell».
Han meiner det er enkelte miljø som blandar profesjonell i tydinga å ha noko som profesjon med profesjonell i tydinga ein spesielt dyktig utøvar. Då blir det ei sterk verdilading av ordet.
— I møtet mellom heiltidsmusikarar og amatørar på ei kappleikscene er det ei inngrodd haldning at den profesjonelle skal vinne. Spør du meg er det absolutt ikkje sjølvsagt!

Begrepsapparatet som er i bruk i dag, meiner Ola Berge er ei arv frå klassisk musikk, og følgjeleg har folkemusikk-sjangeren tatt med seg musikalske ideal derifrå. Når ein omtaler ein musikar som kjempebra, er det implisitt fordi musikaren betre rår over ideal frå den klassiske musikken enn andre.
— Virtuositet, klang og tonefylde har blitt dei einaste kriteria. Det er paradoksalt for ein sjanger som har så mangfaldige variasjonar innan rytmikk og tonalitet. Nokre tradisjonar er fantastiske nettopp fordi dei ikkje nyttar lang boge. Å skulde på dårleg handverk eller teknikk er ei grov undervurdering. Gjennom alle tider har det eksistert dyktige musikarar. Ideal for musikk er knytt opp mot sosialiseringsprosessar. Det folk trur er sant, er som regel dyrka fram som etablerte sanningar i eit miljø. Ein må vere skeptisk til etablerte sanningar, avsluttar Ola Berge.

Publisert:

Del: